– Den beste straffekastaren har både eit kaldt hovud
og ein god kastearm, seier Aron
Laxdal.
Han forskar på idrett og kroppsøving ved Universitetet i Agder (UiA).
Svaret om at du både må vere kald i hovudet og skyte
godt, høyrest kanskje enkelt ut.
Men svaret er eigentleg berre det Laxdal antar.
Forskinga hans viser på si side at det verken er styrke, kraft eller andre
fysiske forhold som skil dei gode straffeskyttarane frå dei mindre gode. Det er
noko anna.
Laxdal har stilt fleire spørsmål før han trekte den
konklusjonen, mellom anna desse:
Er det ho som spelar back eller ving som skyt best
straffar?
Er det han høge eller låge?
Er det han tungbygde eller ho lette som har best kastearm?
Er det ho med venstrehanda eller han med høgre?
Er det kjønnsbestemt? Er han eller ho mest effektiv
frå sjumeteren?
Statistisk analyse av 199 spelarar
Laxdal har gjort fem studiar for å finne fram til det
som verkeleg kjenneteiknar den beste straffekastaren.
I den studien vi konsentrerer oss om her,
gjennomførte han ein statistisk analyse av 12.000 straffekast. Han
analyserte 199 spelarar på høgt nivå. Kvar enkelt spelar hadde minst tatt 25
kast i VM, EM og OL i perioden frå 2007 til 2024.
Studien viser ingen fysiske forskjellar mellom dei
som tek straffekasta. Verken posisjon på banen, høgd, vekt, kastearm eller kjønn
har gitt Laxdal klare svar.
Med andre ord kan du vere høg eller låg og sterk
eller litt svakare og så vidare i den eine eller andre leia.
– Resultata viser at alle spelarar på dette nivået
har omtrent dei same ferdigheitene, og at det er noko anna enn fysiske faktorar
som avgjer om du er ein god straffeskyttar, seier Laxdal.
Fysikk og styrke speler lita rolle
Konklusjonen er for så vidt ei trøyst og ei
oppmuntring til alle: Det er verken fysikk eller posisjon på banen som avgjer
om du er eller kan verte god til å ta straffekast.
– Vanlegvis tenkjer vi at om du er høg og sterk, vil
du skyte hardare. Og ho som skyt hardt, er den beste til å ta straffe. Men det
stemmer ikkje, seier Laxdal.
Han finn heller ikkje tydelege prov på at dei som
skyt med venstrehanda er betre enn dei som bruker høgre.
– Det er nok ein av mytane handballen held seg med.
Sidan det er så få som bruker venstrehanda, er målvakta mindre vande til å
tolke dei spelarane. Men eg finn ingen tydelege teikn på at det stemmer, seier Laxdal.
Det dreiar seg om lysta
Annonse
Når det ikkje er dei fysiske forskjellane som skil
dei beste skyttarane frå dei andre, kva er det da med hovudet og mentaliteten til
dei beste?
– Eg kunne sagt at det dreiar seg om å vere kald i
hovudet og gjennomføre det du har trena på, men det er nok meir enn det også.
Det dreiar seg nok også om lysta til å ta straffe. Du må trivst under press,
seier Laxdal.
Mange av dei spelarane han har studert, viser seg
å prestere betre i viktige kampar.
– Enkelte spelarar let seg trigge ekstra og hentar
fram sitt aller beste når det står noko på spel, seier han.
Han har òg døme på spelarar som lykkast på klubblag
og mislykkast på landslag. Laxdal trur det har med trivselen å gjere.
– Islendingen Ómar Ingi Magnússon er blant verdas
beste straffeskyttarar. Når han i periodar presterer dårlegare på landslaget,
trur eg det kjem av at han er tryggare på klubblaget, seier forskaren.
Straffekastet er ei spesiell hending
Handball er prega av samspel, men under straffekastet
står du aleine.
– Derfor er straffekastet ei helt spesiell hending i
kampen. Det er ei av få oppgåver du gjer aleine på handballbanen. Situasjonen
er kjenneteikna av at du står under press, så det må du takle som
straffeskyttar, seier Laxdal.
No veit han at fysikken ikkje avgjer om du vert ein
framifrå skyttar. Og han antar at det har noko med psykologi å gjere. Det har
noko med innstillinga til kastet å gjere. Det har noko med evna til å halde på
roa, samle seg og gjennomføre straffekastet under press.
Men dette er førebels noko han antar. I sin neste
studie skal han finne ut om det han antar, faktisk stemmer. Da skal han studere
kva det er med den psykologiske innstillinga til straffekastaren som gjer at
han eller ho lykkast.
– Da skal eg mellom anna intervjue dei beste straffeskyttarane
i verda. Eg skal snakke lenge og grundig med dei for å finne ut korleis dei toler presset og taklar stresset
frå sjumeteren betre enn andre, seier Laxdal.