Kvart år får rundt 12.000 nordmenn
hjerneslag. Ein tidel av slaga skuldast ei bløding i hjernen, medan dei resterande
90 prosentane skuldast ein blodpropp.
– Når ei blodåre blir tetta av ein
blodpropp, mister delar av hjernen blodtilførselen sin. Vevet i kjernen av
dette området vil som regel bli varig skada eller døy, men det går an å redusera
skadane i vevet i randsona av dette området, det vi kallar penumbra. Vi kan
behandla med medikament eller fjerna proppen mekanisk, forklarar professor
Cecilie Morland ved Farmasøytisk institutt.
Ho fortel at problemet er at det berre er eit snevert
vindauge der det er håp om at behandlinga skal verka. Medikamentell behandling
må helst skje innan fire timar, elles er toget gått.
– Det er råd å prøva å tøya
fristen litt, men vindauga ligg i det området. Dessutan er det langt frå alle
pasientar som kan få slike legemiddel.
Mekanisk fjerning av proppen har noko
lengre tidsvindauge, men er berre tilgjengeleg på nokre sjukehus.
Påførte forsøksmus hjerneslag
Morland og kollegaane har tidlegare vist
at når friske mus får tilført mjølkesyre, fører det til at hjernen får fleire
små blodårar. Dermed aukar blodtilførselen.
Sidan skadane etter hjerneslag kjem
av redusert blodtilførsel, var det nærliggjande å tenkja at eit tettare
nettverk av små blodårar i penumbra kanskje kan beskytta dette området ved eit
hjerneslag.
Derfor bestemte forskarane seg for å
undersøkja om mjølkesyre kunne ha nokon effekt på omfanget av hjerneskade etter
blodpropp i hjernen.
– I laboratoriet påførte vi forsøksmus
hjerneslag. Ei gruppe fekk mjølkesyre etter 24 og 48 timar, medan ei
kontrollgruppe ikkje fekk behandling, fortel Morland.
Ingen effekt
Etter tre veker målte forskarane kor mykje
hjernevev som var gått tapt. Då fann dei at gruppa som hadde fått mjølkesyre, hadde tapt mykje mindre vev enn kontrollgruppa. Så det må bety at mjølkesyre
beskyttar mot denne vanlegaste typen hjerneslag.
– Tidlegare har vi òg sett at behandling med mjølkesyre kan gje fleire nerveceller i delar av hjernen. Det kan òg tenkjast å motverka hjerneskaden etter eit hjerneslag Men vi fann ikkje tydelege teikn på at det vart
danna fleire nerveceller i denne studien.
Funna gjeld vel å merka dyr som har den
nødvendige mottakaren for mjølkesyre i hjernen.
Gruppa til
Morland har òg undersøkt effekten av mjølkesyre på mus der denne mottakaren har
blitt fjerna. På desse musene hadde mjølkesyra ingen effekt etter hjerneslag.
Kan få eit betre liv
Mjølkesyre er enno ikkje testa på
menneskelege slagpasientar, men det treng ikkje vera så langt borte.
– Mjølkesyre finst jo naturleg i kroppen og er ikkje særleg skadeleg. Ho vert brukt som legemiddel i dag. Ikkje mot
slag, riktig nok, men det er altså gjort mange studiar på tryggleiken ved bruk
av mjølkesyre, fortel Morland.
Annonse
– Dersom vi kan utvida vindauga for
behandling så mykje som vi håpar, bør det bety at mange slagpasientar kan få
eit betre liv etter hjerneslaget.
Marvin Lambertus mfl.: L-lactate
induces neurogenesis in the mouse ventricular-subventricular zone via the
lactate receptor HCA1. Acta Physiologica, 2020. Samandrag. Doi.org/10.1111/apha.13587