Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Ola
Ola Henningsen lever og arbeider i landsbyen Vidaråsen utanfor Tønsberg. Han er hovudpersonen i ein dokumentarfilm om å vere ein heilt vanleg uvanleg fyr.

Prisbelønt film: Ola er ein heilt vanleg uvanleg fyr

– Du er den personen du er, uavhengig av diagnosen, seier filmskapar Nøst Bergem. Ho har laga ein dokumentarfilm om Ola. – Filmane hennar er viktige bidrag i det større spesialpedagogiske prosjektet med å skape eit rausare samfunn, seier forskar.

Publisert

– Vi er alle berre menneske, seier Ola Henningsen. Han er hovudpersonen i den hjartevarme filmen Ola – en helt vanlig uvanlig fyr. Filmen vann i fjor Gullruten for beste dokumentarfilm.

No er han og Nøst Bergem dei 36. vinnarane av Jonasprisen. Han vert årleg delt ut av Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo. 

Korleis skaper vi eit inkluderande samfunn?

Dei to gler seg stort over å ha kome i same selskap som dei tidlegare vinnarane Leo Ajkic, Kjersti Horn, Margreth Olin, Wenche Foss, Lars Monsen, Ingvar Ambjørnsen og NRK Super, for å nemne nokre få.

I filmen fortel Ola historia om sitt eige liv – ei forteljing som rører og engasjerer, utfordrar og foreinar. 

Juryen skriv: «Med sine opne, ærlege og kloke refleksjonar om seg sjølv og omverda minner han oss på at vi alle er unike, men i grunnen også ganske like.»

Men korleis skaper vi eit inkluderande samfunn i skule- og arbeidsliv? Kva skal til for at endå fleire kjenner seg meir lik enn ulik «det store vi-et»?

Podcast: Om eit inkluderande samfunn i skule- og arbeidsliv

I denne episoden av Universitetsplassen snakkar Ragnhild Nøst Bergem med professor Øistein Anmarkrud ved Universitetet i Oslo. Ola Henningsen er også intervjua.

Høyr heile episoden her.

I filmane sine gir Nøst Bergem oss nærbilete av sårbare personar, ikkje berre av personar med funksjonshindringar, men også andre sårbare grupper. 

Filmane Husker du meg? og Vær her portretterer personar med demens, over tid. I Koronadagbøkene skildrar ho livet til helsepersonell tidleg i pandemien.

Portretter
Filmskaparen Ragnhild Nøst Bergem og professoren Øistein Anmarkrud er begge opptatte av å utvide ideen om kva som er «normalt».

– Å vere med på å bryte fordommar er ei av målsettingane mine med det å lage dei filmane eg gjer. Eg vil vise at sjølv om du har ein diagnose, så er du ikkje diagnosen. Du er den personen du er, seier Nøst Bergem.

Skaper eit rausare samfunn

– Filmane hennar er viktige bidrag i det større spesialpedagogiske prosjektet med å skape eit rausare samfunn, seier Øistein Anmarkrud.

Sjølv arbeider han med å legge til rette for ein endå meir inkluderande skule. Det gjer han både som forskar på læringsvanskar og som visedirektør i SpedAims Senter for spesialpedagogisk forskning og inkludering

Kva kan eigentleg spesialpedagogikken gjere for oss?

– Litt forenkla kan vi seie at faget skal hjelpe oss å realisere dei moglegheitene som ligg i ei mangfaldig befolkning. Då må ein først forstå mangfaldet. Dernest handlar det om å identifisere læringsutfordringar, avhjelpe dei og å førebygge dei, seier han.

Anmarkrud vedgår at vi ikkje er heilt i mål med å skape ein inkluderande skule.

– Ei utfordring er at det ikkje nødvendigvis er ein klår samanheng mellom det å ha eit vedtak om spesialundervising og det å få god spesialundervising, seier han.

Dette er noko av det forskarane håpar å justere på.

– Inkludering er komplekst

Så kva er reell inkludering?

– Mange tenker at inkludering handlar om å vere saman, romme kvarandre fysisk eller organisatorisk. Det er ein viktig faktor, men ikkje tilstrekkeleg, seier Anmarkrud.

Han og andre spesialpedagogar er opptatt av å utvide og nyansere omgrepet inkludering.

– Sosial inkludering, til dømes, handlar om at du ikkje berre er på same stad, men at du er ein del av det sosiale miljøet på ein arbeidsplass eller på ein skule, seier han.

I tillegg kjem det forskarane kallar psykisk inkludering. Det er ei meir subjektiv side av omgrepet.

– Dersom personane vi prøver å inkludere, likevel ikkje opplever at dei er inkludert, så er dei heller ikkje det. Inkludering er komplekst, rett og slett, seier Anmarkrud.

– Eit betre utgangspunkt finst knapt. Nøst Bergem er overtydd om at dokumentarfilm kan bidra til meir inkludering.

– Eg ynsker å vise fram livet slik det er i all sin variasjon. Det trur eg er med på å bryte ned fordommane som hindrar at vi ser og rommar kvarandre. Filmen om Ola handlar om utviklingshemming og det å vere annleis, men aller mest handlar han om å vere menneske. Med demensfilmane vil eg vise kor viktig det er å leve livet best mogleg også med ein dødeleg sjukdom, seier ho.

Som forskar kan ikkje Anmarkrud gå like tett på personane og familiane han intervjuar.

– Noko av det viktigaste gode historier gjer, anten det er film, litteratur eller anna kunst, er å gi oss – familiefolk, lærarar, arbeidsgivarar og forskarar – gode utgangspunkt for refleksjon, seier han.

Juryen for Jonasprisen er hjartans einig.

– Å skildre uvanlege menneskeliv, utan at det samstundes står fram som sært eller framandt, er utruleg vanskeleg. Det er nett difor filmen om Ola er ei heilt spesiell og viktig forteljing, seier juryleiar Ellen Irén Brinchmann.

– Sjølv om filmen handlar om det å vere annleis, held framstillinga seg nær det ålment gjenkjennelege. Eit betre utgangspunkt for å bryte ned skiljet mellom om oss og dei finst knapt, seier Brinchmann.

Høyr heile podkastepisoden:

Referanse:

Serap Keles, Dieuwer ten Braak og Elaine Munthe: Inclusion of students with special education needs in Nordic countries: a systematic scoping review. Scandinavian Journal of Educational Researce, 2022. Doi.org/10.1080/00313831.2022.2148277

Om Jonasprisen

Jonasprisen er ein ærespris etablert i 1984 som årleg vert tildelt ein person, organisasjon eller institusjon som har medverka til å skape eit romslegare og meir tolerant samfunn, der menneskeleg variasjon og personlege særtrekk vert sett på som ein rikdom og ikkje eit problem. Æresprisen er kalla opp etter Jens Bjørneboes roman, Jonas, frå 1955. Det er Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo som deler ut prisen.

Juryen: Ellen Irén Brinchmann (leder), Ona Bø Wie, Henrik Daae Zachrisson og Grete Indahl.

Jonas-prisen - Institutt for spesialpedagogikk (uio.no)

Powered by Labrador CMS