Den
teknologiske overvakinga av spelarane gir nøkkelinformasjon til trenaren. Men den
som er best på teknologi, er ikkje nødvendigvis det beste laget i fotball-EM.
– Teknologien gir nøkkelinformasjon for trenarapparatet, men taktiske vurderingar og tekniske kvalitetar på enkelte spelarar vil nok avgjere fotball-EM.
Det seier idrettsforskar Per Thomas Byrkjedal ved Universitetet i Agder (UiA).
Under arbeidet med doktoravhandlinga si, har Byrkjedal forska på 20 fotballspelarar i Start og 15 hockey-spelarar i Stavanger Oilers.
Testa
fysisk kapasitet
Byrkjedal
har gjennomført styrke- og sprinttestar for å kartlegge den fysiske kapasiteten
til spelarane.
Målet har
mellom anna vore å gi trenarane grunnlag for å vurdere individuelle
treningsopplegg som skal vedlikehalde eller styrke kapasiteten. Teknologien gir
relevant informasjon om fysisk form, spenst og kapasitet og mykje meir.
– Den
menneskelege vurderinga av informasjonen er avgjerande for å utvikle
toppidrettsutøvaren. Overvaking og hyppig testing gir eit godt grunnlag for å
utvikle og halde ved like fysisk kapasitet som fart, styrke og kondisjon, seier
Byrkjedal.
GPS-overvaking
under trening og kamp
Innan
toppfotballen er det vanleg at spelarane vert overvaka av GPS-målingar både
under trening og kamp.
Så langt
har det ikkje vore like vanleg blant topplaga innan is-hockey. Det var ganske
nytt for ishockey-spelarane da Byrkjedal gjennomførte testar med dei.
GPS-en er
festa i ein såkalla sports-bh spelarane har på seg. GPS-en vert også kalla
sporingsbrikke. Brikka som Start og Oilers brukte, måler fysisk belastning og
fart. Den måler også kor langt spelarane spring, og kor ofte og langt dei
spurtar og mykje anna.
– Informasjonen
frå GPS-en er viktig mellom anna for å kunne styre belastninga på
enkeltspelarar og tilpasse treninga til den enkelte på best mogleg måte, seier
Byrkjedal.
Testar
under optimale forhold
I
styrkerom, hall og uterom testa Byrkjedala spensten, farta og styrken til
spelarane.
– Testane
går føre seg under optimale og standardiserte forhold. Da får vi god innsikt i
fysiske eigenskapar og kapasitet, seier Byrkjedal.
Testresultata
og GPS-informasjonen gir til saman eit godt bilde av det fysiske nivået til
spelaren. Informasjonen er også nyttig når ein spelar til dømes skal trene seg
opp igjen etter eit skadeavbrekk.
– Da har trenarane ein mal å gå
etter og kan tilpasse belastninga under trening etter kapasiteten spelaren har
vist før han vart skada, seier Byrkjedal.
Annonse
Sports-bh
i fotball-EM
Byrkjedal
trur GPS-en kan gi nyttig informasjon undervegs i fotball-EM som no går føre
seg i Tyskland.
– Eit
fotball-EM med mange kampar tett etter einannan er krevjande for kroppen. Her
kan gode rutinar på å tolke data frå sporingsbrikka gi relevant informasjon om
den fysiske forma til spelarane, seier Byrkjedal.
Han seier
trenaren bruker informasjonen til å styre belastninga på enkeltspelarar. På den
måten kan dei leggje til rette for at den enkelte og laget yter godt gjennom
heile meisterskapen.
Informasjonen bidrar til at trenaren kan rotere på laget
og unngå å overbelaste enkeltspelarar.
Ingen
samanheng test og kamp
Da han
sjølv forska på spelarane i Start og Stavanger Oilers fann han ingen klar
samanheng mellom det dei ytte i fysiske testar og på banen.
– Tal som
viser høg eller låg skar på ein test, antydar kapasiteten til den enkelte
spelaren. Men eg finn ingen klar samanheng mellom det spelarane yter i testar
og det dei gjer under kampar, seier Byrkjedal.
Han
forklarer det med taktiske vurderingar undervegs i kampane. Da kan spelaren
kome til å bruke mindre krefter og springe mindre enn under trening. Det treng
ikkje vise dårleg form. Det kan bety at spelaren gjer taktisk smarte val.
– Ein god
spelar posisjonerer seg rett og unngår dermed unødvendige spurtar og duellar.
Prestasjon handlar i høgste grad også om taktiske evner, seier forskaren.
Han
understrekar at fysiske testar nettopp måler den fysiske kapasiteten til spelaren
og ikkje den totale prestasjonen.
– Testane
gir innsikt i korleis kvar enkelt spelar bør leggje opp treninga for å utvikle fart,
spenst og eksplosivitet. Dette er individuelt, så her kan det vere store
gevinstar å hente, seier Byrkjedal.
Annonse
Forska
lite på samsvaret trening og kamp
Byrkjedal
forsvarte avhandlinga si om testing, GPS-bruk og tilpassa treningsopplegg
tidlegare i år. Han meiner studien er representativ for korleis testar og kamp fungerer
også for andre lag enn Start og Stavanger Oilers
Han
gjennomførte forsøka under covid-perioden og ville gjerne ha hatt både fleire
testar og fleire deltakarar med på studien. Frå før av er det forska lite på
samsvaret mellom fysisk kapasitet under testar og kamp.
– Slik
sett opnar min studie opnar slik eit nytt forskingsfelt om samanhengen mellom
testar og kamp, seier Byrkjedal.