Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av UiT Norges arktiske universitet - les mer.

Kan knøttsmå databrikker hindre at oppdrettsfisk får sår?

Forskarar er i gang med å undersøkje berekraftig fiskefôr basert på mikroalgar. Dei skal også hindre at oppdrettsfisk får sår.

Forskarane Roy Ambli Dalmo og Balpreet Singh Ahluwalia meiner tverrfagleg samarbeid må til for å løyse fleire av samfunnsproblema vi står overfor.
Publisert

Mikroalgar er ei alge som er så lita at du trenger mikroskop for å kunne sjå den ordentleg. Desse inneheld mange av næringsstoffa som er viktige for dyr: protein, umetta feittsyrer, antioksidantar, vitamin og mineral.

Næringsstoffa er også gunstige for fisken vi et. Dessutan sug dei til seg CO2 medan dei veks og kan dyrkast fram nesten kor som helst.

Alt dette gjer mikroalgar til eit berekraftig råstoff for fiskefôr.

Berekraft vil bli meir sentralt i framtida for norsk akvakultursektor. Det er UiT-forskarane Balpreet Singh Ahluwalia og Roy Ambli Dalmo einige om.

Ahluwalia tilhøyrar institutt for fysikk og teknologi, medan Dalmo tilhøyrar Noregs fiskerihøgskule. Dei samarbeider i to prosjekt som i fjor haust fekk til saman 27 millionar kroner frå Norsk forskingsråd.

Roy Ambli Dalmo er prodekan for forskning ved Norges fiskerihøgskole. Balpreet Singh Ahluwalia er professor ved institutt for fysikk og teknologi.

Mikroalgar som berekraftig fiskefôr

Dei to prosjekta inneber tverrfagleg samarbeid, dei handlar om mikroskopi, teknologi og fisk. Målet er å bidra til at norsk oppdrett blir meir berekraftig.

Det eine handler om å bruke mikroalgar for å lage berekraftig fiskefôr. Det andre handlar om å hindre at oppdrettsfisk får sår.

– Å bruke mikroalgar som ingrediens i fiskefôr for norsk oppdrettslaks, gir ein dobbelgevinst. Det gir eit berekraftig, høgkvalitets marint fôralternativ som vil støtte etterspurnaden av fôr til oppdrettsnæringa. Det vil også bidra til karbonreduksjon ved å nytte CO2-utslepp frå for eksempel fabrikkrøyk til å dyrke mikroalgar, seier Ahluwalia. .

Det nye fiskefôret må ikkje skade slimhinnene i tarmen til fisken og heller ikkje påverke helsa til fisken negativt.

Ved å studere korleis det nye fiskefôret påverkar fisketarmen, sørger dei for at dette ikkje skjer. Dei brukar avanserte mikroskop, nanoteknologi og cellebiologi, såkalla «organ on a chip», eller organ på brikke.

Hud på ein brikke

Det er fleire årsaker til at oppdrettsfisk får sår, forklarar Roy Ambli Dalmo. Det kan vere at den har blitt mekanisk handtert – for eksempel blitt spyla eller børsta for lus som dannar små sår – og at det etterpå blir infeksjon med bakteriar som lagar opne sår.

Skader frå avlusingsoperasjonar og vintersår var blant dei største utfordringane for fiskevelferd i 2023, ifølge Fiskerihelserapporten frå Veterinærinstituttet.

Det vil forskarane gjere noko med. I prosjektet ULCER skal Dalmo og kollegane nytte seg av såkalla «hud på ein chip»-teknologi. Enkelt forklart betyr det at dei skal bruke ein mikroskopisk liten celle- og vevskultur for å etterlikne eigenskapane til hud.

Dette blir i forskingsverda kalla ex vivo-system. Dei gjer forsøk utanfor fisken og ikkje på sjølve fisken. Slik skal dei studere korleis bakteriane gjer at det dannar seg sår og korleis såra gror.

– I ULCER skal vi undersøke korleis temperatur, bakteriar og stimulantar påverkar migrasjonshastigheiter av hudceller, då ein vet at hudcellenes migrasjonshastigheit er viktig for sårleging, seier Ambli

Målet er å betre forstå kva slags cellulære mekanismar som er viktige når sår blir danna og når dei gror.

For å gjere det skal dei mellom anna nytte seg av avansert mikroskopi og kunstig intelligens. Dei skal dokumentere fysiologiske endringane ved hjelp av RNA-sekvensering, eit fagomgrep mange kanskje hugsar frå koronapandemien.

Essensielt med tverrfagleg samarbeid

Tverrfagleg samarbeid mellom fysikk og immunologi er viktig for å lykkast i begge prosjekta. 

Balpreet Singh Ahluwalia og Roy Ambli Dalmo meiner tverrfagleg samarbeid er essensielt for å løyse fleire av samfunnsproblema vi står overfor.

– Det er ikkje lett for ein fysikar å forstå immunologi og omvendt, seier Ahluwalia.

Ein anna essensiell ingrediens og neppe ein mikroskopisk liten ein, er tolmod.

– Ting tar tid. Resultata vi haustar no, er bygga opp over mange år med samarbeidande forsking, seier Dalmo.

Dette er prosjekta

Converse handlar om å studere effekter i tarmen hos fisk som har spist algefôr. Prosjektet er leia av UiT-professor Balpreet Singh Ahluwalia, og UiT-professor Roy Dalmo Ambli er medleiar. Samarbeidspartnarar er næringsaktørar som Finnfjord AS, Chip Nanoimaging AS, samt forskingsinstitusjonar som SINTEF og NORCE.

Prosjektet vil utvikle kompetanse innen avansert optisk mikroskopi, fotonikkbrikker og mikrofluidikk og ved å forene banebrytende teknologier for akvakultur. Prosjektet fekk 15 millionar då Norsk forskingsråd delte ut 237 millionar kroner til nye teknologiar med radikalt potensial.

ULCER, som skal bruke fiskehud på knøttsmå chipar i forsking for å studere hvordan hudsår oppstår og hvordan sårhelingsprosessen foregår. Roy Ambli Dalmo leiar studien, mens Balpreet Singh Ahluwalia bidreg som medleiar. Prosjektet fekk 12 millionar kroner då Norsk forskingsråd delte ut midlar til forsking på forebygging av sårdanning hos oppdrettsfisk.

Powered by Labrador CMS