Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Smitte og sjukdommar kan fraktast med havvatnet mellom oppdrettsanlegg.

Ny modell gir eit betre bilete av vasstransporten i havet

Lakseoppdrettarane treng meir kunnskap om vasstransporten mellom anlegga, men dagens modellar fungerer best på større forhold. 

Publisert

Sjukdom i merdane er dårleg butikk. Kunnskap om korleis parasittar som lakselus og annan smitte og sjukdommar vert frakta med havvatnet mellom anlegga er dermed gull verdt for næringa.

Men med alle sine øyer, sund og fjordar er norskekysten eit herk å modellera. Modellane som Meteorologisk institutt brukar fungerer bra utanskjers der det er større forhold, men har ikkje god nok oppløysing når ein kjem inn i fjordane. Der oppdrettsanlegga vanlegvis ligg.

– Oppdrettsnæringa har derfor over fleire tiår finansiert og delfinansiert forsking på vasstransport i havet, fortel Håvard Espenes. Han har forska på dette ved Universitetet i Oslo inntil nyleg. No arbeider han som forskar ved Sintef i Trondheim.

Studerte tidevassdominert sund i Nord-Noreg

– Vi har utvikla ein modell med oppløysing på under 20 meter. Det er betydeleg meir finmaska enn dei havmodellane som tradisjonelt har vore brukte i Noreg. Med denne modellen kan ein forska på korleis havsirkulasjonen vert påverka av tronge sund. For eksempel ved fjordmunningar og mellom øyer.

Han fortel at dei teoretisk ikkje veit så mykje om desse strøymingsfenomena. 

– Vi veit ikkje heilt kva vi kan venta å oppløysa, og det er viktig å utforske kva prosessar ein har ignorert når desse prosessane ikkje har vore oppløyst.

– Politiet i Tromsø var interesserte i forskinga mi, seier Håvard Espenes.

Som døme forklarar han at han har brukt modellen til å studere strøyming gjennom eit tidevassdominert sund i Nord-Noreg. Og samanlikna den modellerte straumen mot observerte data.

Overflatebølgjer ein annan prosess

– Det større forskingsspørsmålet er kor viktig denne småskaladynamikken er når vi skal modellera vasstransport på ein større skala. I forskinga mi har vi identifisert prosessar som kan føra til at småskalasirkulasjon i sund kan påverka sirkulasjonen i resten av den omliggande fjorden.

I tillegg til småskaladynamikken nær land har Espenes studert korleis vinddrivne bølger påverkar transport nær overflata.

– Tidlegare har ein fokusert på straumane i havvatnet når ein modellerer transport av lus, men ignorert korleis overflatebølgene påverkar transport. Men det hender at det bles ein smule langs kysten vår, slik at det vert bølgjer på havoverflata, seier Espenes.

Han fortel at desse bølgjene er ein litt annan prosess enn havsirkulasjonen. Saman med forskarar på Meteorologisk institutt har han jobba med å ta høgd for sjøgangen i transportmodellane.

Fokusera leiteaksjonar

Det er ikkje så vanleg at forskingsprosjekt som Espenes´ fangar merksemda til politiet, men denne forskinga har det. Men ikkje fordi han har gjort noko gale.

– Vi hadde møte med politiet i Tromsø. Dei var interesserte i arbeidet mitt, seier han.

– Når folk hamnar på sjøen, anten det er ved ulukker, sjølvmord eller andre ting, ynskjer dei å gjera det dei kan for å finna dei jordiske leivningane. Modellen kan hjelpa til med å foreslå kvar ein bør fokusera leiteaksjonen, sjølv om ein menneskekropp er i ein heilt annan storleiksorden enn fiskeparasittar.

Komplisert oppgåve

Modellen kan likevel forbetrast med tanke på utgangspunktet: Det var å laga eit forvaltingsverktøy for oppdrettsindustrien.

– Vi har testa modellen mot målte straumforhold. Der fungerer han bra. Men spreiinga av lakselus avheng ikkje berre av fysikken. Ho avheng òg av biologien til lakselusa, og han er komplisert, seier Espenes.

– Vi kom fram til at vi droppa det i denne omgang, for å ikkje gjera ei i utgangspunktet komplisert oppgåve endå meir komplisert.

Referanse:

Håvard Espenes: Near-shore dynamics and transport processes due to tide-topography interactions and wind waves. Doktoravhandling ved Universitetet i Oslo, 2024. Samandrag.

Powered by Labrador CMS