Denne artikkelen er produsert og finansiert av OsloMet – storbyuniversitetet - les mer.
Den nasjonale trygghetsundersøkelsen avslører at skeive er mer utsatt for lovbrudd enn andre i befolkningen.(Foto: Colourbox)
Skeive i Noreg er mykje meir utsette for vald og hatytringar enn heterofile
Skilnaden er endå større for seksuell vald.
NinaEriksen
OsloMet – storbyuniversitetet
Publisert
Våren
2023 blei over 25.000 nordmenn spurde om dei hadde vore utsette for lovbrot
førre år. Det vil seie handlingar eller hendingar som tjuveri, vald,
hatkriminalitet, seksuelle overgrep, digital kriminalitet og anna som er
regulert gjennom straffelova.
Dei er også spurde om kor urolege dei er for å bli utsett for noko kriminelt, og kor stor tillit dei har til mellom anna politi og rettsstellet.
I rapporten som viser resultata frå Nasjonal tryggleiksundersøking 2022, er det også gjord særlege analysar av kor utsette skeive personar er.
Skeive meir utsett
Medan
omtrent éin av tre heterofile personar blei utsette for lovbrot i 2022, fortel
halvparten av deltakarane som identifiserer seg som homofile, lesbiske eller
bifile (LHB-personar) at dei blei utsette for eit lovbrot i løpet av fjoråret.
–
LHB-personar er særleg meir utsette for lovbrot som vald og seksuell vald,
fortel NOVA-forskar Mette Løvgren, som leier arbeidet med undersøkinga.
Heile 22
prosent av LHB-personane i undersøkinga fortel at dei har opplevd minst éi
valdshending i 2022. Det er meir enn dobbelt så mange som blant heterofile, der
10 prosent blei utsette.
Skilnaden
er endå større for seksuell vald, som rommar alt frå seksuelt krenkjande åtferd
og uønskt seksuell berøring til valdtekt. Éin av fire LHB-personar blei utsette
for dette, mot 6 prosent blant heterofile nordmenn.
Meir bekymra
–
LHB-personar er meir bekymra enn heterofile for å oppleve lovbrot, understrekar
Løvgren.
–
Bekymringa gjeld ikkje alle lovbrot, men lovbrot som dei som gruppe er meir
utsette for, som vald, seksuell vald, diskriminering, hatkriminalitet og
hatefulle ytringar.
– Mange
LHB-personar kjenner nok til at seksuelle minoritetar er meir utsette for
lovbrot, og dei er naturleg nok urolege for å bli utsette, seier Løvgren.
Kva meiner vi med seksuell vald?
Nasjonal
tryggleiksundersøking spør om tre hovudkategoriar av seksuell vald. Seksuell
omgang er samleie, analsex og onanering, seksuell handling er berøring av
kjønnsorgan og anna seksualisert berøring. Seksuell åtferd er nakenskap og
rørsler, mot viljen til den ramma eller i ein situasjon der ein ikkje kan samtykkje.
– Denne
bekymringa, men særleg det faktumet at så mange fleire er utsette, må
styresmakter og politiet vere merksame på.
Løvgren
påpeikar også at LHB-personar har mindre tillit til andre enn det heterofile
har.
– Her kan
vi alle bidra, som kollegaer, vener og medmenneske, og hjelpe til slik at alle
kan oppleve trygge situasjonar.
Flest yngre er utsette for lovbrot
Løvgren og kollegaene har undersøkt om det
er nokon som er meir utsette enn andre. Dei har vore særleg opptekne av
bakgrunnsfaktorar som kjønn, alder, utdanningsnivå og innvandrarbakgrunn.
Eit
hovudfunn er at yngre personar er mykje meir utsette enn eldre.
Annonse
I alderen 16–24
år fortalde omtrent 60 prosent at dei blei utsette for minst eitt lovbrot i
2022. Her var kvinnene i fleirtal.
Unge kvinner er særleg
utsette for seksuell vald
Yngre
kvinner er særleg meir utsette for seksuell vald – og det gjeld alle typane av
seksuell vald.
Rapporten
viser at 10 prosent av kvinner i alderen 16–19 år og 8 prosent i alderen 20–24
år blei utsette for samleie eller analsex mot viljen deira eller i ein situasjon
der dei ikkje kunne samtykkje. 8 prosent blei utsette for ei uønskt seksuell
handling.
Sjølv om
det har vore rapportert høge tal om seksuell vald tidlegare, er Løvgren likevel
overraska over kor høge tala er.
Ho
trekkjer fram at vi nok har ei blindsone for særleg ein type seksuell vald,
nemleg å bli utsett for seksuell åtferd ufrivillig (nakenskap, rørsler
eller språk).
– Det er
forstemmande å sjå at heile ei av fem unge jenter mellom 16 og 24 år opplevde
dette i 2022.
«Vil ikkje hjelpe å
melde til politiet»
Mange av
deltakarane i undersøkinga fortel at dei ikkje har meldt lovbrotet, men
meldingsdelen er ulik for dei ulike lovbrota. Når det gjeld seksuell vald, er
det svært få hendingar som blir melde, og mørketala er store – også for
alvorlege hendingar som valdtekt.
Heile 94
prosent av dei som opplevde valdtekt, melde ikkje hendinga til politiet, og det
same gjaldt 96 prosent av dei som opplevde seksuelt krenkjande åtferd.
Forskarane
har spurt om kva som var grunnen til at dei ikkje melde den seksuelle valden.
Vanlege svar var at det ikkje ville hjelpt noko særleg – heile 35 prosent svarte
dette. At hendinga var for bagatellmessig, var også vanleg å svare.
– Av dei
som hadde opplevd valdtekt, var vanlege grunner til ikkje å melde saka til
politiet at ingen skulle få vite om det eller at dei ikkje ville skape problem
for personen som gjorde det, fortel Løvgren.
Annonse
Ho er
bekymra for at så mange oppgir at ei melding til politiet ikkje ville hjelpt,
eller til og med at dei svarer at dei ikkje vil skape problem for overgriparen.
– Eg
håpar at dei som blei utsett, veit at det som skjedde dei, det er ikkje i
orden. Å bli seksuelt krenkt eller oppleve eit overgrep kan vere vanskeleg å
handtere. Har det skjedd, så finst det fleire vegar å gå, som å kontakte
overgrepsmottak eller melde hendinga til politiet, seier Løvgren.
Skjer på jobb, på skulen
og ute på byen
Samtidig
viser rapporten også at medan grov seksuell vald som valdtekt ofte skjer i
private heimar, kan seksuelt krenkjande åtferd opplevast på langt fleire
arenaer: på skulen, på jobben, ute på byen.
Mette Løvgren er
bekymra for at unge jenter er så utsette og på så mange stader dei bevegar
seg.
– Eg trur
ikkje nokon blir overraska over at unge jenter er så utsette for seksuell vald,
og det tenkjer eg at er forstemmande. Vi burde bli overraska. Unge jenter er
sjølv bekymra, og tala viser at det har dei rett i.
– Eg
tilrår eit djupdykk i rapporten for dei som er interessert i å lese meir om dei
ulike områda, seier Løvgren.
Nasjonal
tryggleiksundersøking kartlegg uro og sjølvopplevd sårbarheit for lovbrot i den
norske befolkninga. Lovbrota som blir kartlagde, er lovbrot med personoffer.
Rapporten dekkjer fem grupper av lovbrot: 1) tjuveri, innbrot og ran, 2) vald
og truslar, 3) seksuell vald, 4) digital kriminalitet og 5) diskriminering,
hatefulle ytringar og hatkriminalitet.
Eit
representativt utval blei trekt og invitert til å svare på undersøkinga. 25.420
personar deltok. Undersøkinga blei gjennomført våren 2023.
Førre undersøking
blei gjennomført i koronaåret 2020, men framover skal Nasjonal
tryggleiksundersøking bli gjennomført dei neste fire åra.
Det er
Justis- og beredskapsdepartementet som finansierer undersøkinga, som blir
gjennomført av OsloMet (prosjektleiar), Frischsenteret og Ideas2evidence.