Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Michael Kirkedal Thomsen (til venstre) og Joachim Tilsted Kristensen viser fram prototypen av verktøyet.

Det finst konsept som sjølv IT-studentar har måtta ty til penn og papir for å forstå

No kjem ei digital løysing som skal hjelpa dei å læra – utan å hjelpa for mykje.

Publisert

– Nokre av tinga vi underviser i, er svært formelle. Det ligg ein stad mellom matematikk og informatikk. Det handlar om å forstå berekningar på ein matematisk måte, seier forskar Michael Kirkedal Thomsen ved Institutt for informatikk på Universitetet i Oslo.

– Mange av bachelorstudentane slit med å forstå logikken som ligg i botn. Dei er vane med ei meir praktisk tilnærming. Der prøver dei ut ting i eit dataprogram utan å kjenna eller vita om den underliggjande logikken.

Til no har studentane måtta løysa desse oppgåvene med penn og papir. Det finst digitale hjelpeverktøy, men dei har betydelege ulemper, forklarar kollegaen til Thomsen, Joachim Tilsted Kristensen.

Inga moglegheit for klipp-og-lim

– Dei kan dei gje studenten for mykje hjelp. Dei blir som ein lommereknar der du kan tasta inn tala og få eit resultat utan å forstå noko som helst av prosessen, seier Kristensen.

– Alternativt kan dei krev dei at studentane lærer seg bevisassistentar i svært formelle programmeringsspråk. Det åleine kan krevja fire til fem veker å setja seg inn i. Det er mykje tid i eit emne som eigentleg handlar om noko anna.

Fordelen med å bruka papir er sjølvsagt at studentane vert nøydde til å tenkja sjølve. Det finst inga moglegheit for klipp-og-lim. Men det finst heller inga form for direkte tilbakemelding. Studentane må venta ei vekes tid før svara kjem tilbake med fleire eller færre raude strekar.

Grønt for riktig svar, raudt for galt

– Derfor har vi utvikla eit verktøy. Det tek sikte på å behalda læringsutbytet som penn og papir gjev, samstundes som vi tilbyr den direkte tilbakemeldinga som kjenneteiknar det digitale, seier Thomsen.

Verktøyet er utvikla med samarbeidspartnarar i Slovakia.

Ikkje for mykje hjelp, ikkje for lite hjelp, men akkurat passe. 

– Verktøyet fungerer på den måten at læraren definerer syntaksen til det språket studenten har lov til å bruka. Det betyr at det same verktøyet kan brukast til å undervisa i fleire ulike programmeringsspråk ved at ein kan endra syntaksen, forklarar Kristensen.

Syntaks er reglane som styrer korleis setningar og fraser kan byggjast opp i eit språk.

– Studenten får tilbakemelding ved fargekodar, grønt for riktig svar og raudt for galt. Samstundes kjem det ein kort tekst som foreslår ein mogleg veg vidare. Det er omtrent som ein lærar ville ha gjeve i eit undervisningsrom.

Forskingsbasert justering av undervisinga

Samstundes som verktøyet skal vera til hjelp for studentane, vil det òg gje nyttig tilbakemelding for undervisarane, seier dei to.

– Dersom vi ser at det er nokre oppgåver mange studentar treng mange forsøk på å løysa, kan det vera eit vink om at vi må leggja meir vekt på undervisinga på akkurat det feltet. Alternativt kan vi justera oppgåva og sjå om det har effekt, seier Thomsen.

– Når undervisarar gjer endringar i opplegga sine frå eitt år til eit anna, skjer det ofte litt på magefølelsen. Med det dette verktøyet er vi i stand til å gjera forskingsbaserte justeringar av undervisinga, supplerer Kristensen.

Prosjektet har ei eiga nettside, og ein prototyp av verktøyet vart lansert i april i år.

Powered by Labrador CMS