Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.
– Ytringsfridomen og det diskuterande demokratiet er føresetnaden for demokratiet vårt. Derfor er det også viktig å lære dei unge kritisk tenking og å lese bøker, seier professor.(Foto: Evelina-g / Wikimedia commons / Public domain)
5 gjennombrot forma det norske demokratiet
Folkestyret treng framleis vern og støtte frå kunnskapsrike borgarar, seier professor. – Derfor er det viktig å lære dei unge kritisk tenking og å lese bøker.
– Starten på det norske demokratiet var
eidsvollsmennene og Grunnlova i 1814. Sidan den gongen har stadig fleire
grupper fått ei stemme og ein plass i det norske folkestyret, seier Knut Dørum.
Han er forfattar av lærebøker og professor i historie ved Universitetet i Agder (UiA).
No er han ute med boka Demokrati og medborgerskap, fra 1814 til i dag. Målgruppa er lærarar, studentar og andre interesserte.
Det er nemleg nedfelt i den overordna læreplanen at demokrati og medborgarskap skal prege alle fag frå barnehagen til den vidaregåande skulen her i landet.
Dei unge skal lære å sjå samanhengen mellom ytringsfridom og demokrati, heiter det mellom anna i planen (utdanningsdirektoratet.no).
Fri diskusjon er utgangspunktet for demokratiet
– Ytringsfridomen og det diskuterande demokratiet er
føresetnaden for demokratiet vårt. Derfor er det også viktig å lære dei unge
kritisk tenking og å lese bøker, seier Dørum.
Professoren er uroa over ei utvikling der vi
nektar å snakke med folk vi er usamde med.
– Ein kultur der vi kansellerer kvarandre fordi vi er
usamde, byggjer verken demokrati eller ein trygg og interessant kultur for å
dele idear og synspunkt på samfunnet, seier Dørum.
Ifølgje han er det nettopp samtalen og kompromisset
som har skapt det norske demokratiet.
– Dei som er usamde om korleis ein skal ordne
samfunnet, snakkar saman. Så finn dei ei mellomløysing alle kan leve med. Kompromisset
er den raude tråden i utvikling av det norske demokratiet, seier han.
Demokratar møtest på halvvegen
Kompromisset er også den raude tråden i boka til
Dørum.
– Smarte kompromiss betyr ofte at avtalar om endring
vert formulerte litt ullent. Då står du nokså fritt når du skal tolke avtalen.
Det tvingar gjerne partane til å møtest på halvvegen og inngå kompromiss, seier
Dørum.
Han trekkjer fram innføringa av parlamentarismen i
1884 som eit døme.
Avtalar om mindre makt til konge og regjering var vage og litt
vanskeleg formulerte. Det førte til ei ny maktfordeling mellom storting og
regjering.
– Ulne avtalar førte til eit kompromiss som bidrog til
at parlamentarismen vart gradvis innført i 1884 og fullt gjennomført i 1905,
seier Dørum.
Eidsvollsmennene frykta demokratiet
Annonse
I dag er demokrati eit honnørord. I 1814 var det
ukjent og skummelt.
– Eidsvollsmennene hylla folket som kjelda til makt.
Men samtidig åtvara dei mot folkestyret. Dei assosierte demokrati med anarki og
lovløyse. Demokratiet og måten vi forstår det på, har endra seg opp gjennom åra,
seier Dørum.
Eidsvollsmennene meinte at det breie lag av folket ikkje
var modne for å delta i demokratiet. Dei ønskte seg ingen organisert opposisjon.
Dørum understrekar likevel at grunnlova, 1814 og eidsvollsmennene er det store
og avgjerande steget mot demokrati her i landet.
– Vi har sett ein tendens til å tone ned dette i
nyare historieskriving. Det er det ingen grunn til, seier han.
1968-opprøret mot autoritetar utvida demokratiet
Også i nyare tid har demokratiet endra seg. Dørum
peiker på 1968 for å forklare dei demokratiske gjennombrota i vår tid.
Her
snakkar han ikkje berre om året 1968, men om dei ideane og ideala som
68-generasjonen førte med seg utover 1970-åra og fram til i dag.
Både den politiske venstre- og høgresida bidrog til å
svekke etablerte autoritetar. Det førte fleire kvinner inn i politikk og
næringsliv. Homofile, samar, kvener, funksjonshemma og andre minoritetar fekk
fleire rettar. Ytringsmangfaldet vart utvida. Og blasfemiparagrafen vart etter
kvart oppheva.
– Mens venstresida var mot kapitalkreftene og
arbeidde for like rettar for fleire, var høgresida oppteken av å byggje ned
autoriteten til byråkrati, ekspertar og ein mektig stat, seier Dørum.
Professoren er ikkje i tvil om at vi har meir
demokrati i dag enn tidlegare i historia. Han minner likevel om at makta stadig
er skeivt fordelt.
– Næringsliv og organisasjonar har sine interesser. Dei har meir pengar, makt og gjennomslag enn den enkelte av oss. Politikarar har
også meir makt enn før, men den enkelte av oss har samtidig større fridom og
fleire rettar enn tidlegare, seier han.
Annonse
Fem demokratiske gjennombrot
Her er fem gjennombrot som ifølgje Knut Dørum har
forma det norske demokratiet:
1. Grunnlova av 1814 og avskaffinga av eineveldet:
Den norske eliten avskaffar det danske eineveldet og innfører Grunnlova. Makta
vart delt mellom storting, domstolar og kongen. Det innebar mellom anna at
kongen fekk svekt den eineveldige makta si.
2. Arbeidarorganisasjonar og partidanning (1848):
Thranebevegelsen med Marcus Thrane i spissen leia arbeidaropprøret. Det førte til danninga av arbeidarorganisasjonar over heile landet. Dei vedtek
politiske program med planar på område som skatt og arbeidstid. Foreiningane
set standarden for korleis politiske parti seinare i hundreåret vart etablert.
3. Innføring av parlamentarisme i 1884 – og 1905:
Innføringa av parlamentarismen inneber at regjeringa styrer så lenge fleirtalet
i stortinget støttar opp om det. Kongen hadde framleis vetorett i 1884. Det
endelege gjennombrotet og fullføringa av parlamentarismen kom i 1905 då unionen
med Sverige vart oppløyst.
4. Arbeidarklassen og bøndene går saman i 1935:
Etter mange år med bitter og stri politisk konflikt går Arbeidarpartiet og
Bondepartiet saman. Samarbeidet sikra viktige økonomiske interesser for bønder,
fiskarar og arbeidarar. Arbeidslivet vart demokratisert, og tariffavtalar gav
arbeidsfolk nye rettar.
5. 1968 og opprøret mot autoritetane: Den
politiske venstre- og høgresida opponerer mot etablerte autoritetar frå 1968,
utover 1970-åra og fram til i dag. Ytringsfridomen vart styrkt og monopola for
tv, radio og telefoni vart oppløyste. Politiske rettar til stadig fleire
grupper kom på dagsordenen. Det gjeld kvinner, homofile, samar, funksjonshemma
og andre minoritetar.
Referanse:
Knut
Dørum: Demokrati
og medborgerskap. Fra 1814 til i dag. Cappelen Damm, 2024. (Sammendrag)