Har strekkoda norske fuglar

Dei fleste norske fugleartar kan lett kjennast frå kvarandre frå DNA-et, viser norsk forsking. Men ikkje alle.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"...men inni er de like". Hannar av ærfugl (t.v.) og praktærfugl. (Foto: Zaskoda/Wikimedia Commons)

– Analysane våre viser at den vanlege klassifiseringa av norske hekkefuglar stemmer overeins med genetiske analyser i dei aller fleste tilfella, seier fyrsteamanuensis Arild Johnsen.

Han og kollegane ved Naturhistorisk museum (NHM) ved Universitetet i Oslo har samarbeida med forskingsinstitusjonar i Sverige, USA og Canada for å kartleggja det skandinaviske fuglelivet genetisk, og samanlikna med tilsvarande artar på den andre sida av Atlanteren.

Dei fleste prøvane gav dei forventa resultata, det vil seia at den genetiske identifiseringa av artar stemte overeins med den tradisjonelle. Men det var òg nokre overraskingar.

DNA strekkoding

Arild Johnsen. (Foto: Tobias Gerlach)

– For 94 prosent av artane var sorteringa enkel og rettfram. Men hjå nokre gåse- og måseartar, til dømes, fann vi berre små innbyrdes forskjellar mellom artane.

– Men her veit vi at det foregår ein del hybridisering, altså at ulike artar parar seg og får avkom, seier Johnsen.

– Men eit svært iaugefallande døme på artar som vi ikkje kan skilja frå kvarandre, er ærfugl og praktærfugl. Å sjå til er hannane frå dei to artane svært enkle å kjenna frå kvarandre, men med metoden vår er det uråd å skilja dei.

– Forklaringa er truleg at det er relativt kort tid sidan dei to artane skilde lag, seier Johnsen.

Metoden som vert brukt heiter DNA-strekkoding, og gjer forskarane i stand til å genetisk bestemma artar ut frå eitt enkelt gen, eller rettare sagt, frå ein del av eitt enkelt gen.

Avvik hjå raudstjerten

– Denne delen har navnet COI og vert nedarva gjennom morslinja.

– Den er valgt ut som genetisk markør for strekkoding for dyr fordi den viser små forskjellar innanfor same art, men store forskjellar mellom artar, forklarar professor Jan T. Lifjeld, som òg har delteke i prosjektet.

Raudstjert. (Foto: Silje Hogner, NHM)

– Men i enkelte tilfelle fann vi store forskjellar innanfor same arten. Hjå raudstjerten har ein to ”linjer” med så stor forskjell at det kunne vore snakk om to ulike artar, fortel Johnsen.

Avviket hjå raudstjerten interesserer forskarane så mykje at det no er sett i gang eit eige doktorgradsprosjekt for å undersøkja kva dette kan skuldast.

Internasjonalt samarbeid

Forskarane har òg samanlikna artar frå Skandinavia med tilsvarande artar i Nord-Amerika.

– Av 78 artar som fantest på begge kontinenta, fann vi 19 der forskjellane var store, i nokre tilfelle så store at det kan vera grunnlag for å skilja dei i to ulike artar.

 – Ikkje uventa var ulikskapane størst hjå fuglar som hekka innanlands, og der det ikkje er samanhengjande utbreiingsområde, fortel Johnsen.

Samarbeidet over Atlanteren vart mulig gjennom den internasjonale databasen BOLD (Barcode Of Life Data Systems), der forskarar over heile verda fortløpande registrerer strekkodar for nye artar.

Jan T. Lifjeld. (Foto: Naturhistorisk museum)

Basen er tilgjengeleg for alle, og inneheld til dags dato rundt 3000 av dei om lag 10 000 kjende fugleartane i verda.

Ny metode

– DNA-strekkoding er ein relativt ny metode, og det har vore med hensikt at ein har teke den i bruk på fuglar, som vi veit mykje om frå før.

– Det gjer oss i stand til å kontrollera resultata på ein heilt annan måte enn om vi skulle starta med å ta metoden i bruk på insekt, der mykje enno er ukjent, forklarar Lifjeld.

– DNA-strekkoding tillet betre systematisering av det biologiske mangfaldet, men ikkje åleine. Vi må òg bruka andre genetiske markørar, og morfologi, dvs. utsjånad. DNA-strekkoding gjev oss ikkje alle svara, men vi vert i stand til å stilla betre spørsmål.

– Og fordi vi berre treng små fragment av dyrevev for å ta i bruk DNA-strekkoding, kan metoden brukast i mange praktiske samanhengar, frå skadedyrskontroll og mattryggleik til kollisjonar mellom fly og fugl, seier Lifjeld.

Referanse:

Johnsen m.fl.:DNA barcoding of Scandinavian birds reveals divergent lineages in trans-Atlantic species, Journal of Ornithology, January 10, 2010, doi: 10.1007/s10336-009-0490-3.

Les meir:

The Bird Research Group ved NHM

dnabarcoding.no - strekkoding i Norge

Barcode Of Life Data Systems (BOLD)

Powered by Labrador CMS