Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

I desse landa spreier elbilar seg raskast

Landa og regionar der interessa for elbilar er størst, har også høg digital kompetanse.

Elbiler på lading
Interessa for elbilar er stor i Noreg. Her parkerte bilar til lading i Oslo.
Publisert

Å komme i gang med klimavennleg teknologi er viktig for å få fart på grøn omstilling. Men kva område tek raskast i bruk slik teknologi? 

Forskarane bak ein ny studie har tatt for seg spreiinga av elbilar i 182 regionar i 15 land. Dei har sett det opp mot digitalisering og økonomiske forhold. 

Konklusjonen er klar:

– Elbilar spreier seg raskast i regionar som er sterke på digitalisering, seier Fulvio Castellacci. Han er professor ved TIK Senter for teknologi, innovasjon og kultur på Universitetet i Oslo (UiO).

Rike, digitaliserte regionar på topp

Graden av digitalisering har ein sterk samanheng med spreiinga av elbilar i studien. Spesielt bruken av smartteknologi i arbeidslivet og heimen. 

Castellacci har gjort studien saman med kollega Artur Santoalha.

Også økonomi er viktig:

– Samanhengen mellom elbilar og digitalisering er mest openberr i regionar med høgt bruttonasjonalprodukt (BNP) per innbyggar, god internett-infrastruktur og ein ung og høgt utdanna arbeidsstyrke. Desse faktorane bidrar både til digitalisering og til at ein raskare tar i bruk grøn teknologi, seier professoren.

Med andre ord: Rike land tar i bruk elbilar mykje raskare enn område med mindre digital utvikling og dårlegare økonomi.

– Vi trur at bruken av digitale verktøy i kvardagen til folk gjer dei meir interesserte i elbilar. Dermed er dei meir villige til å skaffe seg dei, seier Castellacci.

Portrett forsker
– Subsidiar er viktige i ein tidleg fase fordi dei bidrar til å senke prisbarrierane og akselerere etterspurnaden, seier Fulvio Castellaci.

Forskjell på California og Calabria

Det er i dei mest utvikla urbane regionane i USA og Canada at interessa for elbilar er størst, ifølgje forskarane.

I dei minst utvikla rurale regionane i Sør-Europa er det motsett.

– I studien løftar vi fram skilnaden på California i USA og Calabria i Sør-Italia. Dette er rikaste og fattigaste region i materialet. I desse regionane ser vi ein stor forskjell på utviklinga i elbilinteressa dei siste åra.

Medan interessa for elbilar i California har vakse jamt og trutt sidan 2010, er kurva for Calabria låg og nokså flat.

Har studert søkemønster på Google

Dataa forskarane har lagt til grunn, er henta frå Google Trends. Verktøyet samlar Google-søk på internett i ulike land og regionar. 

Det er godt eigna til å måle framvekst og spreiing av nye fenomen, ifølgje professoren.

– Når nye sosiale trendar eller ny teknologi begynner å dukke opp, søker folk informasjon. Tidlegare studiar har vist at søkemønster i Google er ein god indikator på interessa og viljen til å ta i bruk ny teknologi, seier Castellacci.

Perioden forskarane har studert, er 2010–2023. Alle dei 182 regionane er i Nord-Amerika eller Europa. Også Noreg er med.

Subsidiar kan sparke ting i gang

På grunn av typen data Google Trends gir, kan ikkje datamaterialet brukast til å samanlikne og rangere alle regionar og land i forhold til kvarandre.

Men for Noreg er det godt kjent at interessa for elbilar er stor. Ifølgje Statistisk sentralbyrå var omtrent kvar fjerde norske bil ein elbil i 2023. Dette gjev nordmenn ein av verdas reinaste bilparkar.

I Noreg har vi både pengar og ein høg grad av digitalisering. Styresmaktene har også gitt store subsidiar til elbilmarknaden. 

Det meiner Castellacci har vore ein klok politikk.

– Subsidiar er viktige i ein tidleg fase fordi dei bidrar til å senke prisbarrierane og akselerere etterspurnaden. Når etterspurnaden stig, fører dette til større investeringar. For eksempel fleire ladestasjonar. Tidlege subsidiar kan sparke i gang det som på sikt blir ein storskala overgang til ein reinare bilpark, seier han.

Risiko for at forskjellar blir forsterka

Studien er den første som kartlegg interessa for elbilar i såpass mange land og regionar. Det er også den første studien av samanhengen mellom elbilar og digitalisering.

At graden av digitalisering påverkar grøn omstilling generelt, er kjent frå tidlegare. På fagspråket kallast denne felles transformasjonen «twin transition».

Ein slik samanheng er ikkje uproblematisk, ifølgje Castellacci.

– Risikoen er at ein slik «twin transition» vil forsterke eksisterande skilnader mellom rike og mindre utvikla regionar. Grunnen er at rike regionar då har større sjanse til å nyte fordelane av grøn omstilling. Mindre utvikla og mindre digitaliserte regionar vil oppleve grøn omstilling vanskelegare. Dei vil derfor bli meir utsette for miljøøydeleggingar.

Billege elbilar spreier seg i Kina og India

Likevel: Det finst fleire eksempel på at også utviklingsland tar i bruk ny teknologi. I for eksempel Kina og India har utbreiinga av elbilar vakse raskt siste åra.

– Styresmaktene sin politikk er viktig. For eksempel kan dei skape insentiv til produksjon og bruk av ny teknologi. Dei kan også legge restriksjonar på bilar med høge utslepp. Dette er noko som ein i dag diskuterer mykje både i Kina og India.

I desse landa ser ein også ei aukande utbreiing av billege elbilar.

– Det å utvikle elbilar som folk har råd til, er og vil bli viktig. Då kan slik teknologi spreie seg breitt også i utviklingsland, seier Fulvio Castellacci.

Referanse:

Fulvio Castellacci og Artur Santoalha: Does digitalisation affect the adoption of electric vehicles? New regional-level evidence from Google Trends data. Regional Studies, 2024. Samandrag. Doi.org/10.1080/00343404.2024.2358829

Powered by Labrador CMS