– Tolletaten er den etaten som bidrar til flest område innan samfunnstryggleik, men det er det nesten ingen som veit, seier Sasan Zarghooni-Hoffmann. Han forskar på samfunnstryggleik ved Universitetet i Stavanger (UiS).
I forskingsprosjektet sitt ser han nærmare på Tolletatens måte å samarbeide med andre etatar på.
Konklusjonen er at Tolletaten skil seg veldig frå andre etatar og samvirke i Noreg. Difor blir deira bidrag lett oversett. Og kanskje særleg i kriser.
Kva gjorde tollarane under pandemien?
12. mars 2020. Mange av oss hugsar godt kor dei var eller kva dei gjorde den dagen daverande statsminister Erna Solberg stengde ned landet vårt. Og vi hugsar godt uvissa dei første vekene av pandemien.
Men kor mange av oss har fått med seg den innsatsen Tolletaten la ned for at vi skulle vere trygge mot smitte?
I løpet av det første halvåret av pandemien blei det konfiskert 23 millionar juksemunnbind på grenseovergangar inn til Noreg.
– Det var umogleg for enkeltpersonar å vite om munnbinda dei fekk var ekte eller ikkje. Dei 23 millionane falske munnbind som blei konfiskert, var berre dei som blei oppdaga. Det å stoppe desse på grensa var kjempeviktig for folkehelsa. Kven hadde tenkt på at Tolletaten har ei rolle innan folkehelse? Nesten ingen, seier Zarghooni-Hoffmann.
Hovudkonklusjonen i forskinga hans er at Tolletaten gjer så mykje meir enn det ein får inntrykk av når ein kryssar grensa.
– Innan samfunnstryggleik i Noreg finst det fleire typar samvirke som ikkje har vore kartlagde tidlegare – som for eksempel måten Tolletaten representerer andre etatar på. I planlegginga av nasjonal beredskap må alle etatar takast med, seier forskaren.
Kva kan forskinga brukast til?
Sasan Zarghooni-Hoffmann har gått gjennom ei rekkje skriftlege kjelder i forskinga si. Han har sett nærmare på kven Tolletaten samarbeider med og kva roller partnarane har i samfunnstryggleik.
– På den måten fann eg ut korleis varekontrollen til Tolletaten direkte påverkar alle samarbeidspartnarane sine evner til å beskytte samfunnet, forklarer han.
Han har også gått gjennom alle Tolletatens årsrapportar og tildelingsbrev frå slutten av 1990-talet til 2023. I tillegg har han sett på høyringar og andre dokument.
Her såg han at styresmaktene, for eksempel Justisdepartementet, har ei veldig smal forståing av Tolletatens rolle innan samfunnssikkerheit.
– Sett på spissen ser faktisk Justisdepartementet på Tolletaten som
salinntekt på uniformer og stikkvestar. Tolletaten vert ikkje nevna i lista over kritiske
samfunnsfunksjonar og område slik andre etatar blir. Inntrykket vert
forsterka av fjorårets rapport frå Totalberedskapskommisjonen, seier
Zarghooni-Hoffmann.
– Koss kan forskinga di kome til nytte?
– Ho kan danne grunnlag for betre beredskapsplanlegging, betre bruk av statens ressursar, og dermed auka nasjonal tryggleik, seier forskaren.
Annonse
Den gløymde etaten
Sasan Zarghooni-Hoffmann har også gjort ei rekkje intervju. Mellom anna har han snakka med folk som jobbar som tollarar.
Saman med dei skriftlege kjeldene får han eit større bilete.
– Folk flest har pleidd å tenkje på Tolletaten som dei som stoppar narkosmugling, pluss at dei tar det folk har med seg over kvota. Men det er så mykje meir. Gjennom forskinga mi viser eg at dei også driv med miljøvern, strålevern, økonomisk kriminalitet og dyre- og plantesjukdomar. Faktisk er Tolletaten den etaten som bidrar til flest område innan samfunnstryggleik. Over ein tredjedel av områda, seier han.
Tolletaten handhevar regelverket til 19 av landets direktorat og tilsyn. Dei er dei einaste som kontrollerer alle ting som kryssar grensa inn til Noreg.
Mange av dei tinga som kjem over grensa, kan påverke samfunnstryggleiken på måtar vi ikkje tenkjer over til dagleg.
– Når styresmaktene planleggjar korleis dei skal samarbeide om å beskytte samfunnet i ei krise, gløymer dei å ta med Tolletaten. Det same gjeld for Sivilforsvaret. Dei har nesten same problem. Dei blir også gløymde når nasjonal beredskap blir planlagd. Vi treng forsking som viser korleis etatar samarbeider og korleis dei er avhengige av kvarandre, seier Zarghooni-Hoffmann.
Referanse:
Sasan Zarghooni-Hoffmann og Marja Ylönen: Societal Security as a System-of-Systems: Customs Agencies' Cross-Sectoral Contributions. The 33rd European Safety and Reliability Conference, 2023. Samandrag.
Forskar Grand Prix
Sasan Zarghooni-Hoffmann blei nummer to i den regionale Forskar Grand Prix-finalen i Stavanger onsdag 25. september. Saman med vinnar Gudrun Sigmo fra Stavanger universitetssjukehus deltek han i den nasjonale finalen i Oslo 28. september.