Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Turistar er førebudde på ferie, ikkje katastrofar

Om katastrofen treffer, er turistar er ei sårbar gruppe. Dei blir oversett i beredskapsplanar, åtvarar forskar.

Det er store skilnader mellom land når det gjeld beredskap for turistar.
Publisert

Noreg har i fleire i år hatt eit godt utvikla system for samfunnstryggleik. No åtvarar forskarar om at turistar ofte er ei oversett gruppe i planlegginga av beredskap.

– Turistar tenkjer på nye opplevingar når dei kjem til eit nytt land, ikkje på risikoen for naturkatastrofar eller kriser. Det seier professor Jaziar Radianti ved Universitetet i Agder.

I ein ny studie peikar ho på at språkbarrierar, mangel på lokal kunnskap og kulturelle forskjellar gjer at vi bør sjå på turistar som ei sårbar gruppe på lik linje med barn, unge og eldre.

– Slike hindringar kan skape mellombelse hinder som kan gjere det vanskeleg å utføre vanlege oppgåver, seier ho.

Beredskap for turistar

Sjølv om den nye totalberedskapsmeldinga til regjeringa dekkjer fleire område av samfunnstryggleiken, er beredskapen i første rekkje retta mot innbyggarar. 

Turistar sine behov må vurderast grundigare, meiner Radianti.

Ho foreslår fleire tiltak for å gjere beredskap meir tilgjengeleg for turistar. Til dømes appar med kart over tilfluktsrom og varslingssystem, og informasjonskampanjar ved sentrale stader som flyplassar og hotell. 

Informasjonen må vere tilgjengeleg på fleire språk.

– Nordmenn, særleg dei yngre, veit lite om kvar det finst tilfluktsrom og kva slags utstyr dei bør ha med seg. Dette gjeld i endå større grad for turistar. I ein krisesituasjon er tid avgjerande, og uvisse kan koste liv, seier ho.

Forskjell i beredskap

I ein annan studie som blir publisert våren 2025, har Radianti og kollegaer undersøkt korleis ulike grupper forstår og reagerer på beredskapssituasjonar.

Resultata viser store forskjellar mellom land. 

Estland, som grensar til Russland, har sett inn omfattande tiltak for å merke og kartleggje tilfluktsrom. Land som Tyskland har ingen nasjonal strategi for å informere befolkninga om kvar dei skal søkje ly i tilfellet eit luftangrep.

– Vi ser også at mange i stor grad stoler på mobiltelefonar og internett for å finne informasjon. Problemet er at teknologien ikkje alltid vil vere tilgjengeleg i ein krisesituasjon. Om mobilnettet går ned medan dei er i tilfluktsrommet, er dei fleste hjelpelause, seier ho.

Farlege kulturforskjellar

Radianti understrekar at turistar er spesielt utsette også fordi dei ikkje er kjende med norske forhold og farepotensialet som finst her.

– Eg har sett tilfelle der turistar svømmer i iskalde innsjøar om våren fordi dei ikkje veit at vatnet framleis er farleg kaldt sjølv om vêret kjennest varmt, seier ho.

Det vi kjenner som trygt frå heimlandet vårt, kan ikkje nødvendigvis overførast til nye omstende. Det gjeld til dømes skogen, som i Noreg sest på som ein leikeplass og turområde, men som i andre land kan vere livsfarleg.

Radianti oppmodar norske styresmakter til å inkludere turistar betre i beredskapsplanane.

– Vi må tenkje proaktivt og sikre at alle i Noreg uansett bakgrunn har tilgang til livsviktig informasjon i ein krisesituasjon, seier ho.

Referanse:

Jaziar Radianti,  Stella Polikarpus og Terje Gjøsæter. Tourists as a Vulnerable Group in Emergency Management: An Air Raid and Shelter Scenario (PDF). Proceedings of the 58th Hawaii International Conference on System Sciences, 2025.  

Powered by Labrador CMS