Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norsk Utenrikspolitisk Institutt - les mer.
Slik kan Noreg og EU samarbeide innan mineral- og batterisektoren
Kva moglegheiter kan ein slik partnarskap by på? Ein ny rapport kjem med ti tilråingar.
Gruveprosjekt i Noreg møter motstand frå lokalsamfunn og urfolksgrupper. Her frå eit folkemøte i Kvalsund etter at regjeringa gav selskapet Nussir konsesjon til å vinne ut kobbar.
(Foto: Ole Berg-Rusten / NTB)
Noreg og EU vil samarbeide innan mineral- og
batterisektoren.
Men kva moglegheiter – og utfordringar – kan ein slik
partnarskap by på?
Det analyserer seniorforskar Kacper Szulecki frå Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI) saman med tre tidlegare masterstudentar i ein fersk rapport.
Batteri i kjernen av EUs klimamål
Behovet for batteri vil auke drastisk i takt med at
fleire og fleire sektorar blir elektrifiserte.
Den europeiske kommisjonen har ein ambisjon om å
gjere kontinentet til ein leiar i det grøne skiftet. Likevel er EU framleis
veldig avhengig av import av kritiske råstoff. Det er stoff som kobolt, litium og nikkel. Desse materiala blir i dag hovudsakleg produserte i asiatiske land med Kina i
spissen.
EU har sett fart i arbeidet med å få
meir tilgang på det som trengst til batteri frå europeiske land. Det er for å redusere risikoane knytte til avhengnad av utanlandske leverandørar.
– Noreg har nokre av desse kritiske
ressursane på territoriet sitt. For dei er det difor ei moglegheit for å utvikle ein
strategisk viktig og lønnsam gruveindustri. Det kan også auke nærværet deira på fleire
viktige område i batteriverdikjeda, seier Kacper Szulecki.
Noreg som strategisk partnar
– Noreg er ein føretrekt partnar for EU som leverandør. Det er både av rein energi og kritiske mineral, slår Szulecki fast.
Noreg produserer til dømes nikkel, kobolt og grafitt. Desse stoffa blir brukt til å utvikle grøn teknologi, som batteri til elbilar.
Førekomstane av minerala i landet og ein veksande
batteriindustri kan bidra mykje til å sikre viktige råmateriale til EU.
Likevel peikar rapporten på behovet for å forbetre
både nasjonale og internasjonale reguleringar for å utnytte potensialet best
mogleg.
EUs Rammeverk for forsyning av kritiske råvarer
(CRMA) og Noregs Grønt industriløft er døme på tiltak som allereie er på plass.
Men rapporten viser at Noreg må harmonisere reglane sine med EU for å få til
eit betre samarbeid.
– Noreg er ikkje medlem av EU. Dei er heller ikkje alltid
oppdatert i tråd med EUs regelverk. Dette kan føre til problem med å få tilgang
til den europeiske marknaden, seier Szulecki.
Han fortel at også då EU forhandla fram ein post-Brexit-avtale
med Storbritannia, hadde dette ein innverknad på den norske batteriindustrien. Grunnen var at Noreg i utgangspunktet vart behandla som ein «tredjepart».
– Det er
viktig for Noreg å vere ein integrert del av EU-marknaden og ha full tilgang, seier forskaren.
Utfordringar og lokale konfliktar
Tre store gruveprosjekt i Noreg illustrerer kompleksiteten knytt til utvinning av kritiske mineral. Dei tre er: Nussir (kopar), Nordic Mining (rutil og granat) og Skaland Graphite (krystallinsk grafitt).
Prosjekta
møter motstand frå lokalsamfunn og urfolksgrupper. Samtidig står dei overfor regulatoriske og miljømessige hindringar.
– Balanse mellom økonomisk vekst og miljøvern er
avgjerande, seier Szulecki.
Han understrekar behovet for konfliktløysing. Det er også behov for at alle ramma blir tekne med i utforminga av politikken rundt slike
prosjekt.
I rapporten konkluderer forskarane med at eit tettare samarbeid
mellom EU og Noreg er nødvendig for å oppnå ei vellykka grøn omstilling.
Gjennom riktige politiske tiltak kan begge partar dra nytte av økonomiske og
miljømessige fordelar. Samtidig kan dei redusere sårbarheita si i ei stadig
meir kompleks geopolitisk verd.
Politiske tilrådingar for vegen vidare:
For at partnarskapen mellom EU og Noreg skal lykkast, foreslår rapporten ei rekkje politiske tiltak:
1. Regulatoriske forbetringar: Forenkling av konsesjonsprosessar og harmonisering av reglar.
2. Sosial inkludering: Involvering av lokalsamfunn og urfolksgrupper i avgjerdsprosessar.
3. Offentleg bevisstgjering: Kampanjar som informerer om rolla til minerala i den grøne omstillinga.
4. Miljøstandardar: Strenge krav til avfallshandtering og vern av økosystem.
5. Arbeidskraftutvikling: Investering i utdanning og opplæring for å sikre ein kvalifisert arbeidsstyrke.
6. Finansiell støtte: Skatteinsentiv og finansieringsmekanismar for berekraftige prosjekt.
7. Styrkte samarbeid: Integrasjon av Noreg i relevant EU-politikk og internasjonalt samarbeid om standardar.
8. Sirkulær økonomi: Søkjelys på resirkulering og berekraftig produktdesign.
9. Innovasjon: Offentleg-privat samarbeid for teknologiske framsteg.
10. Overvaking: Etablering av ytingsmål og regelmessig evaluering av initiativ.
Referanse:
Kacper Szulecki mfl.: EU-Norway Green Alliance between vision and reality: Exploring the potential and barriers in the critical minerals and battery sectors. Rapport frå NUPI, 2025. Samandrag.
Forskinga i rapporten vart gjord medan Amalie Skaiå Larsen, Bendik Larsen og Philip Lømo Godal var masterstudentar på Universitetet i Oslo. All seinare forsking, skriving og redigering, så vel som endeleg formulering av policy-råd, har vorte utført av Kacper Szulecki.
Les også disse sakene fra NUPI:
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER