Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Psykisk helse og prestasjonar blir mykje mindre påverka av fysisk aktivitet enn ein skulle tru, syner denne studien.

Tidlegare studiar har vist ein samanheng mellom fysisk aktivitet og skule­prestasjonar. Tja, seier ny undersøking

Ei ny gransking gjev eit meir nyansert bilete av samanhengen.

Fleire studiar viser at fysisk aktivitet gjer at ein yter betre, også på skulen.

Ein såkalla intervensjonsstudie viste nyleg at berre to timar meir av fysisk aktivitet på skulen kvar veke betra resultata spesielt i norsk og matte – og det sjølv om ein tok av tida ein elles ville brukt til matte- og norskundervisning.

Les om denne studien her.

Ulike studiar gir ulike resultat

Men: Det er faktisk ikkje så enkelt. Berre det å måle fysisk aktivitet og skuleprestasjonar er hefta med betydelege metodiske problem. Ulike typar studiar måler ting på så ulike vis, noko som gjev ulike resultat – men til saman gjev dei uansett eit stadig meir fullstendig bilete.

Til dømes vil ein langtidsstudie av éi gruppe, slik vi fortel om her, lett gje eit anna bilete enn ein tverrsnittsstudie, som typisk gjev eit augneblinksbilete.

I ein intervensjonsstudie sett ein i gang tiltak i éi gruppe og samanliknar med ei likast mogleg gruppe der ein ikkje sett i gang noko.

Så: Kor viktig er fysisk aktivitet eigentleg for den psykiske helsa og skuleprestasjonane i ungdomsåra?

Granskinga til Ingeborg Barth Vedøy gir eit meir nyansert bilete av samanhengen mellom fysisk aktivitet, prestasjonar og psykisk helse.

Studerte ungdom gjennom tre år

Ingeborg Barth Vedøy har granska desse samanhengane over tid og kan slå fast at biletet er svært samansett.

Samstundes er det også slik at ulike studiedesign kan gje ulike resultat. Og dessutan: Individuelle skilnader og utgangspunkt for ulike deltakarar kan påverke resultata.

Vedøy sette seg føre å finne det faktiske forholdet mellom fysisk aktivitet og psykisk helse – og mellom fysisk aktivitet og skuleprestasjonar. Ho følgde 600 ungdomsskuleelevar frå 11 skular på Aust- og Vestlandet over tre heile år, frå 2016 til 2018. Ungdomane var 12 til 16 år gamle.

Måla aktivitet, psykisk helse og prestasjon

Aktiviteten måla ho med eit såkalla akselerometer, ein liten elektronisk målar som objektivt registrerer kva tid ein beveger seg eller sit i ro og dessutan intensiteten på aktivitetane.

Deltakarane bar målaren på seg i alle vakne timar, ei veke om gongen. Metoden er nytta i fleire andre studiar, til dømes i UngKan3.

Den psykiske helsa målte ho gjennom dei rapporterte psykiske problema og «well-being» til deltakarane. Til dette brukte ho velprøvde spørjeskjema.

Well-being er eit omgrep som seier noko om ein person sine positive kjensler og livstilfredsheit, funksjon og sjølvrealisering. Det seier også korleis ein fungerer sosialt både i samfunnet og i relasjon til andre.

I tillegg måla ho såkalla domenespesifikk sjølvtillit, som enkelt sagt er sjølvkjensla til ungdomane i og utanfor skulemiljøet.

Skuleprestasjonane måla ho ved hjelp av snittkarakterane frå kvart hausthalvår dei tre åra.

Gaming og stillesitjing kan vere OK

Om ikkje resultata riv i filler vedtekne sanningar, gjev granskinga eit mykje meir nyansert bilete av samanhengen mellom fysisk aktivitet og psykisk helse:

  • Det er ingen samanheng mellom fysisk aktivitet eller stillesitjing på den eine sida og psykiske problem på den andre i ei elles stort sett frisk ungdomsgruppe.

Det tyder på at psykiske problem kan forklarast betre ved andre faktorar enn rørsle.

  • Det er ein viss samanheng mellom fysisk aktivitet, sjølvtillit og well-being, og han er tydelegast hos jenter.
  • Hos gutar fann ein positiv samanheng mellom stillesitjing og well-being, altså typisk gutar som var «bura inne framfor gamer-PCen». Men her veit ein ikkje kva dei faktisk gjer medan dei sit der. Det sosiale i datanettverka deira kan kanskje forklare funna.

– Dette er det mest overraskande vi fann. Vi veit frå før at passiv TV-kikking verker negativt på psykisk helse. Men gaming kan vere både meir aktivt og sosialt, sjølv om ein sit fysisk i ro. Denne samanhengen burde nokon studere grundigare, seier Vedøy.

  • Det er ingen samanheng mellom fysisk aktivitet og skuleprestasjonar.

– Dette er jo ikkje så eintydig, men ein kan i alle fall slå fast at det ikkje finst nokon slik klar samanheng mellom mengde eller intensitet av fysisk aktivitet og psykiske problem, som fleire tidlegare studiar har vist. Og heller ikkje motsett, mellom mykje stillesitting og psykiske problem, seier ho og legg til: – I alle fall er det konklusjonen i friske grupper.

Elevane som var med i studien hennar, hadde god psykisk helse i utgangspunktet. For ungdom med eit dårlegare utgangspunkt meiner ho fysisk aktivitet kunne hatt ein annan, meir positiv verknad.

At gaming med mykje stillesitting kan vere positivt for «well-being» og såleis for opplevd psykisk helse, vil vere nytt for mange.

Meir objektive mål

– Men den tilsynelatande manglande samanhengen mellom fysisk aktivitet og skuleprestasjonar går altså temmeleg på tvers av tidlegare konklusjonar?

– Vi har brukt meir objektive mål enn mange andre undersøkingar og følgt ungdomane over lengre tid enn det som har vore vanleg. Ei stor styrke med studien vår er akselerometeret, som gjev nettopp objektive mål i staden for å basere seg på det deltakarane sjølve fortel om kor aktive dei har vore, seier ho.

Samstundes fangar heller ikkje akselerometeret opp alt.

Om ein gut til dømes har gjort teknisk vanskelege øvingar på skateboard, vil det ikkje slå ut stort på eit akselerometer, men på spørsmål om han har vore aktiv, vil han svare ja. Det er utvilsamt riktig, sjølv om han ikkje har fått så høg puls.

– Akselerometeret gjev mykje meir presis informasjon om mengde, intensitet og frekvens av fysisk aktivitet, og om det er avgjerande for ulike sider ved psykisk helse eller skuleprestasjonar, blir det også det riktigaste.

Kan likevel hjelpe

Sjølv om gevinsten av fysisk aktivitet i form av betre skuleprestasjonar ikkje synest i denne studien, ser ikkje Vedøy bort ifrå at han kan vere der.

Til dømes er det vist at fysisk aktivitet i løpet av skulekvardagen kan gje betre konsentrasjon og læring rett etterpå, men det har dei ikkje undersøkt i denne studien.

– Det nok mange faktorar som speler inn: den totale læringssituasjonen, kvardagsforhold som kor god læraren er, forholdet mellom elevane, sosioøkonomisk status hos kvar einskilt, om ein nettopp har slått opp med kjærasten eller hatt andre tunge opplevingar – for å nemne noko. Det er mykje å studere, og det fortel kanskje kor vanskeleg dette er å måle, seier Ingeborg Barth Vedøy.

Referansar:

Ingeborg Barth Vedøy: Fysisk aktivitet, psykisk helse og skuleprestasjonar hos ungdom. Doktorgradsavhandling ved Norges idrettshøgskole, 2021. (Nettside på NIH om avhandlinga)

Lisbet Jære: Mer fysisk aktivitet gav ikke bedre skoleprestasjon. Artikkel fra NIH på forskning.no, 2018.

Tove Rømo Grande: Fysisk aktivitet i undervisningen gir bedre skoleresultater. Artikkel frå Høyskolen Kristiania på forskning.no, 2021.

Kjetil Grude Flekkøy: Meir fysisk aktivitet gjer elevane flinkare i matte og norsk. Artikkel frå NIH på forskning.no, 2021.

Vicky Schaubert: Først da Mats var død, forsto foreldrene verdien av gamingen hans. Artikkel på NRK.no, 2019.

Powered by Labrador CMS