Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Meir aktivitet betrar læringa. Ungdom på Bakkaløkka skole speler fotball.

Meir fysisk aktivitet gjer elevane flinkare i matte og norsk

Du lærer lettare om du rører deg meir.

Sjølv om ein tar tid frå matte, norsk eller andre teorifag til fordel for fysisk aktivitet, vil du bli flinkare i desse faga.

Det syner ein ny stor studie der ein har gjeve norske ungdomsskoleelevar to timar meir fysisk aktivitet og kroppsøving kvar veke. Og det gjev betre faglege resultat anten ungdomen driv «klassisk» kroppsøving og fysisk aktiv læring, eller om dei får organisere aktivitetar i rolegare former sjølv.

– Det er ikkje berre nødvendigvis høg puls. Fleire sider ved aktivitetane spelar inn, seier Runar Barstad Solberg.

Han er stipendiat ved Institutt for idrettsmedisinske fag på Noregs idrettshøgskole. Studien, som blei gjennomført som eit stort samarbeidsprosjekt i skoleåret 2017–2018, er grunnlag for doktorgraden han snart er ferdig med.

Funna går på tvers av eit forslag frå utdanningsministeren omtala i avisa VG i mars. Der vil ho kutte i kroppsøvingsfaget for å få betre tid til anna læring.

Runar Barstad Solberg er stipendiat ved Institutt for idrettsmedisinske fag.

Klar auke

Det viktige i funna handlar om auka fysisk aktivitet, ikkje om kva form han har.

Og det er ingen tvil om at ungdomane som fekk meir fysisk aktivitet i skolekvardagen, faktisk blir flinkare i matte og norsk samanlikna med dei på skolar som gjennomførte skuleåret som normalt.

Elevane i undersøkinga var frå 30 vanlege og tilfeldig utvalde ungdomsskolar. Spesialskolar blei haldne utanfor, nettopp for å få eit mest mogleg «normalt» mål.

Ungdomane blei testa før og etter studieperioden. Testane stod skolestyresmaktene sjølv for gjennom nasjonale prøver.

Nasjonale prøver er å gi skolane kunnskap om dei grunnleggjande ferdigheitene til elevar i lesing, rekning og engelsk. Informasjonen frå prøvene skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skolesystemet.

– Elevane betra resultata sine med to poeng i snitt samanlikna med dei i kontrollgruppa. Når ein veit at ein totalskåre på nasjonale prøver i gjennomsnitt er 50 poeng, er to ekstra poeng over eitt skuleår med ekstra fysisk aktivitet ei god endring, seier Solberg.

Nokre fekk sjølvsagt meir, nokre mindre.

Betre i faga uansett form på aktivitet

Ungdomane som var med, fekk til saman to klokketimar ekstra fysisk aktivitet kvar veke. Ein time var en ekstra kroppsøving mens den andre var fysisk aktivitet som dels var kopla til teoretiske fag, dels til fri aktivitet.

I den lærarstyrte modellen auka aktivitetsnivået ganske mykje. I den elevstyrte modellen auka det knapt noko i det heile.

Felles for ungdomane var altså at alle var meir i fysisk aktivitet i løpet av skoledagen.

– Likevel blei alle betre i både lesing og rekning. Det er heilt eintydig, seier forskaren.

Forskarane bak studien trur årsaka ligg både i hjernen, det fysiske og i det sosiale. Auka aktivitet stimulerer hjernen, triggar mekanismar i hippocampus i hjernen, som så kan gje betre konsentrasjon og læring.

Det fysiske er minst like viktig: Når ein får fysiske avbrekk, får gjere ting ein liker, får ein arbeidd med stoff på andre måtar. Læringa i elles stillesitjande fag går lettare.

Ungdomane løfta kvarandre

– Og om ein får til betre samarbeid mellom kvar einskild, at ungdomane bruker kvarandre meir, anten det er i ei fagleg oppgåve, i dans, sykling eller fotball, kan det hende dei blir tryggare på kvarandre, seier han.

I den ekstra kroppsøvingstimen blei tida brukt til å øve på andre ting enn det ungdomane allereie var gode i, noko som betra ferdigheitene deira der dei var svake og samstundes skapte nye relasjonar der ungdomane løfta kvarandre.

– Eg trur mange som har hatt utradisjonelle skuletimar kjenner seg igjen i dette; dei hugsar timane som meir inspirerande, og det er enklare å hugse lærdomen.

– Må halde på kroppsøvinga

Testane i nasjonale prøver som målte utviklinga til elevane før og etter prosjektet, viste at elevane auka prestasjonane sine enda meir i matematikk enn i lesing.

Årsaka kan ikkje forskarane slå fast.

– Uansett viser det kor viktig fysisk aktivitet er for læringa. Ut frå ein reint fagleg, ikkje-politisk ståstad bør ein basert på resultata våre ikkje fjerne kroppsøvinga som obligatorisk fag. Ein bør heller auke mengda, og ein bør tore å ta av tida til teoriundervisinga.

Må leggje ein ny timekabal

– Kor enkelt er dette i praksis?

– Det mest opplagde, å leggje til ekstra timar, er nok det vanskelegaste, meiner Solberg.

Skolane i prosjektet måtte leggje til ein ekstra kroppsøvingstime og fekk 900 kroner for kvar elev til dette.

Fleire timar vil altså auke driftskostnadane for skolane. Mange stader må òg til dømes skoletransporten leggjast om. Men forskaren meiner ein slik timeauke ikkje er nødvendig.

– Skolane måtte i tillegg øyremerke fem prosent frå andre teoretiske fag til fysisk aktivitet, fortel han.

Delar av aktiviteten blei bakt inn i ein eller fleire teoretiske timar gjennom eksempelvis fysisk aktiv læring.

– Dette kan bety at lærarane og skolane delvis må leggje ein ny timekabal. Men nettopp dette, å fornye seg, er jo noko skolen og lærarane bør vere opne for. Når vi veit at ungdom lærer og hugsar betre med meir bevegelse, oppfyller det jo også hovudmålet for lærarane. Når både lærarar og ungdommar generelt også er så kreative som dei er, kan dette munne ut i eit godt lyft for norsk skole og ungdomane våre.

Referanse:

Runar Barstad Solberg mfl.: Effects of a school-based physical activity intervention on academic performance in 14-year old adolescents: a cluster randomized controlled trial – the School in Motion study. BMC Public Health, 2021. Doi.org/10.1186/s12889-021-10901-x

Om prosjektet

  • Prosjektet som inngår i Solberg si avhandling er ein del av den omfattande School in Motion»-studien (ScIM)
  • Prosjektet er eit samarbeid mellom Norges idrettshøgskole, Universitet i Agder, Universitetet i Stavanger og Høgskolen på Vestlandet.
  • Oppdragsgivar var Kunnskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet.
Powered by Labrador CMS