Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Stavanger - les mer.

Mobbing er negativ handling repetert over tid mot nokon som har problem med å forsvara seg sjølv.

Fire gode råd for å førebyggje mobbing i skulen

58.000 elevar blir mobba på skulen i Noreg i dag. Her er dei beste råda frå forskaren for korleis skulen kan jobbe med å førebyggje mobbing.

Konsekvensane av mobbing er mange og alvorlege, og ofte også langvarige.

Ida Risanger Sjursø er førsteamanuensis i pedagogisk psykologi på Læringsmiljøsenteret. Ho forskar og underviser innan tema som mobbing og psykisk helse innan skulemiljø.

– Sjølve definisjonen av mobbing er negativ handling repetert over tid mot nokon som har problem med å forsvara seg sjølv i den gjevne situasjonen, seier Sjursø.

Videopodcast: Korleis førebyggje mobbing i skulen

I denne episoden av Læring for livet kan du sjå og høyre Sjursø saman med avdelingsleiar Hege Eriksen Nordbøe på Vardheia ungdomsskule diskutere ulike innfallsvinklar og korleis handtere mobbing i kvardagen. Du finn episoden nedst i artikkelen.

Fire råd

Ida Risanger Sjursø og Hege Eriksen Nordbøe har fire konkrete råd for korleis leggje til rette for god handtering av mobbing i skulen:

1. Bygg relasjonar

Bruk tid på å byggje relasjonar og eit inkluderande klassemiljø: Legg vekt på å skape gode sosiale møtestader og trygge læringsmiljø. Fremje venskap og positive sosiale relasjonar mellom elevar og mellom lærarar og elevar. Inkludering og å vera merksam på elevar som kan vera i ein sårbar situasjon, er essensielt. 

2. Ha system og rutinar

Ha gode rutinar for korleis de kan følgje med: Utvikle eit godt system for å følgje med på det sosiale miljøet i klassen. Dette kan inkludere regelmessige undersøkingar, samtalar og observasjonar. Å identifisere risikosituasjonar og ha felles definisjonar av mobbing er viktig. 

3. Opplæring i nettvett

Opplæring i nettvett og digital mobbing: I ei tid der digital kommunikasjon er utbreidd, er det viktig å gjennomføre opplæring i nettvett. Dette kan bidra til å redusere digital mobbing og auke medvitet blant elevar om konsekvensane av åtferda deira på nett. 

4. Ta med foreldre

Involver foreldre: Bygg eit godt samarbeid mellom skule og foreldre. Oppfordre foreldre til å vise interesse for livet til barna, også i det digitale livet. Involver dei i dialogen om korleis førebyggje og handtere mobbesituasjonar, og be dei om å melde frå tidleg dersom dei er bekymra. 

Sjå heile episoden her:

Powered by Labrador CMS