Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Miltbrann-bakterien vart brukt i bioterror i 2001.

Bioterror eller matforgifting? Namnerot i bakteriegruppe gjer det vanskeleg å skilja 

DNA-sekvensering har gjort det lettare å skilja tre viktige bakteriar frå kvarandre. Samstundes har det avdekka slektskap som gjer at det ikkje er så lett likevel.

Publisert

Gruppa Bacillus cereus inneheld sju ulike artar bakteriar. Det har forskarane rekna med til no. Av desse er tre spesielt interessante for oss menneske:

  • B. cereus, som har gjeve namn til gruppa, gjev matforgifting, som regel kortvarig og ufarleg. 
  • B. thuringiensis vert brukt som grønt alternativ til kjemiske insektmiddel.
  • B. anthracis gjev den frykta sjukdommen miltbrann og har vore brukt til bioterror.

– Desse har tradisjonelt blitt skilde frå kvarandre ut frå kva effekt dei har. Tek dei livet av insekt? Då er det B. thuringiensis. Gjev dei miltbrann? B. anthracis. Og så vidare, fortel professor Ole Andreas Økstad ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

– Namnerotet har ganske store praktiske og regulative konsekvensar, seier Ole Andreas Økstad, som ynskjer å rydda opp.

– Det er med andre ord eigenskapar ved bakterien som vi observerer, som let oss identifisera han. Summen av desse observerbare eigenskapane kallar vi fenotypen til arten.

Eit sabla rot

Genotypen er derimot den informasjonen som ligg i gena til organismen. Med DNA-sekvensering kan forskarane både sortera ulike bakteriestammer frå kvarandre og sjå kor nært eller fjernt dei er i slekt med kvarandre. 

Og her blir det interessant. Og krunglete.

Ideelt sett skulle vi venta at ulike stammer plasserte seg pent og pynteleg i tre grupper, ei gruppe for kvar art. Men som så ofte før, viser det seg at naturen ikkje tek omsyn til forsøka våre på å systematisera han.

– Det viser seg at stammer med same fenotype, som altså har den same effekten på menneske eller insekt, genetisk kan ha meir til felles med stammer med andre fenotypar enn dei har med kvarandre, seier Økstad.

– Det er rett og slett eit sabla rot.

Får sitt eige artsnamn

Som om ikkje det var nok, har forskarar i den seinare tida identifisert ei rekkje nye artar i B. cereus-gruppa. Ho har dermed blitt utvida frå 7 til 30 artar. 

Økstad meiner det er for mykje.

– Konvensjonen har vore at dersom genoma frå to stammer har 95 prosent eller meir likskap i det vi kallar ANI (Average Nucleotide Identity), tilhøyrer dei same art. Er forskjellen større, høyrer dei til to ulike artar, forklarar Økstad.

– Men i nokre artiklar har forskarane heva denne terskelen til 96 eller 97 prosent. Dermed vert to stammer som tidlegare vart rekna som same art, to ulike artar. Då får den «nye» arten sitt eige artsnamn.

Bekymra for miltbrann

Men har det så mykje å seia kva bakterien heiter, berre vi veit kva han gjer?

– Det har både praktiske og regulative konsekvensar, og ganske store. Det er til dømes arten B. thuringiensis som er godkjend som insektmiddel og B. anthracis som er definert som bioterrorvåpen. For å omfatta andre artar med same fenotypen må reguleringa endrast. Og det skjer som kjent ikkje over natta. Labrutinar må òg oppdaterast og justerast, slår Økstad fast.

Han fortel vidare at ei av deltakarane i prosjektet vert kontakta nesten kvar veke av sjukehus som er bekymra for at dei har fått inn eit tilfelle av miltbrann. Dei har då identifisert ein bakterie som vert kalla med det nye namnet B. paranthracis

I realiteten er det berre snakk om den forholdsvis ufarlege B. cereus.

Vil rydda opp i rotet

Årsaka til uklarheitene er ifylgje Økstad at retningslinjene for namngjeving ikkje har vore eintydige. Det er han i ferd med å gjera noko med.

– Vi har vore ei gruppe som har teke initiativ til tydelege felles retningslinjer for namngjeving, fortel han.

– Etter kvart har vi trekt inn andre, og denne hausten skal vi presentera tankane våre på ein stor kongress i New Delhi. Etter det planlegg vi å søkja om EU-midlar til å ferdigstilla reglane og rydda opp i rotet rundt desse viktige bakteriane.

Powered by Labrador CMS