Annonse

DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV STAMI - LES MER.

Tomt kontor
Fleire vel oftare å arbeide heime framfor på kontoret.

Her skjedde ei varig endring etter pandemien

Det meste i arbeidslivet har normalisert seg etter åra med koronapandemien. Men at fleire bruker heimekontor, har blitt ei varig endring.

Publisert

Det er rundt 900.000 personar i Noreg som arbeider på kontor.

Då dei fleste av desse måtte flytte arbeidsplassen heim i 2020, hadde vi lite kunnskap om samanhengar mellom heimekontor og arbeidsmiljø.

Men i Faktabok om arbeidsmiljø og -helse 2024 er det no mogleg å sjå endringar frå før og etter pandemien. Og kva konsekvensar pandemien har hatt for tilstanden til arbeidslivet i Noreg før og etter.

Det meste er normalisert

Kort fortalt så ser forskarane at arbeidslivet generelt er meir eller mindre tilbake til normaltilstanden etter pandemien.

Etter ein periode der arbeidslivet var prega av pandemien, viser både arbeidsløysa og talet på jobbar ein retur til normale nivå. 

Opplevinga av ein uviss jobbsituasjon og psykisk utmatting auka i 2020 og 2021, men ei samanlikning med 2019 viser ingen vedvarande auke i desse faktorane i 2022.

Totalt sett tyder indikatorane at norsk arbeidsliv var tilbake til ein normaltilstand i 2022, etter pandemien.

Med eitt tydeleg unntak. Vi ser ei varig endring i bruk av heimekontor.

Permanent endring

Over dobbelt så mange arbeider no på heimekontor fleire dagar i veka.

I 2019 var det 4,2 prosent som jobba heimanfrå fleire dagar i veka. Etter pandemien var talet 9,6 prosent.

Delen som bruker heimekontor litt sjeldnare enn dette, er ganske lik no som før.

Sjølv om dette var ein respons på eit kortsiktig behov, har ein også etter pandemien sett at ei rekkje verksemder har valt å gjere desse organisatoriske endringane permanente.

Skjult fare på heimekontoret

Sjølv om arbeid på heimekontor kan ha mange fordelar for den enkelte, har forskarar på Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) også undersøkt dei negative effektane det kan føre til.

Det kan vere mange som set pris på den fleksibiliteten det kan gi å arbeide heime. For eksempel kan ein spare reisa til og frå kontoret, få fred og ro, og høve til å gjere personlege gjeremål heime på dagtid.

Men det kan også vere ei skjult utfordring med dette.

Ein gjennomgang forskarar har gjort av studiar om heimekontor og arbeidsmiljø, tyder på at denne fleksibiliteten kan resultere i ei forventning om at ein skal vere tilgjengeleg heile tida.

– Ein kan oppleve ei utvisking mellom privatliv og jobb. Det kan føre til at det blir vanskeleg å kople heilt av. For enkelte kan dette vere belastande og vanskeleg å handtere. Vi skildrar dette som fleksibilitetsparadokset.

Det seier Håkon Johannessen. Han er gruppeleiar for arbeidspsykologi og arbeidsfysiologi på STAMI.

Denne utfordringa, saman med fleire andre, tyder på at verksemder bør vere varsame med kor mykje bruk av heimekontor ein legg til rette for.

Samtidig er arbeid på heimekontor uaktuelt for dei fleste i det norske arbeidslivet. Rundt seks av ti sysselsette har arbeid der heimekontor ikkje er mogleg. Dette er om lag det same som i 2019.

Referanse:

Kjersti Høimyr Almenningen mfl.: Faktabok om arbeidsmiljø og -helse 2024. Status og utviklingstrekk (PDF). Rapport fra STAMI, 2024.

Powered by Labrador CMS