DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV STAMI - LES MER.
Ny rettleiar: Ulike straumskadar i arbeidslivet treng ulik behandling
Alle må bli vurdert av helsepersonell når dei har vore utsette for ei straumulykke. Desse råda er no lett tilgjengeleg for alle involverte.
Både elektrikarar og helsepersonell bør ha tilgang til oppdatert kunnskap om kva ein bør gjere dersom ein er utsett for ei straumulykke.
(Illustrasjonsfoto: Charlotta Wasteson/flickr/CC)
Når det skjer ei straumulykke, er det viktig å raskt få god informasjon om kva som er rett oppfølging.
Helsepersonell må vere godt informert om kva dei bør gjere. Dei må ha oversikt over kva slags helseutfall straumskadar kan gi.
Rundt 3.000 yrkesaktive blir ramma av straumulykker kvart år. Tidlegare var rådet til legar at dei som var utsette for straumulykker, skulle bli vist til akuttmottak eller sjukehus.
Oppdatert rettleiing
No har det vore forska meir på oppfølging av straumskadar. Dermed veit vi no at enkle undersøkingar på legevakt eller hos fastlege er godt nok for dei fleste som er utsette for lågspenning.
I 2024 har forskarar ved Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) bidrege til ein oppdatert arbeidsmedisinsk rettleiing. Ho er tilgjengeleg i Norsk elektronisk legehandbok.
Denne rettleiinga legg til rette for at primærhelsetenesta skal kunne vurdere kva pasientar ein trygt kan behandle ferdig i primærhelsetenesta.
Vidare seier ho noko om kven ein bør overføre til akuttmottak for utvida overvaking og oppfølging.
Mange treng ikkje behandling
– Dei som har vore utsette for dei minst alvorlege ulykkene, vil etter innleiande undersøking og vurdering kunne reise heim. Eller dei kan bli følgd opp vidare i primærhelsetenesta.
Dei som er utsette for meir alvorlege ulykker, skal overførast til akuttmottak.
Det fortel STAMI-forskar Lars Ole Goffeng. Han har forska på oppfølging av straumskadar og bidrege til denne rettleiinga.
Desse problemstillingane har vorte viktigare sidan langt fleire elektrikarar enn tidlegare oppsøkjer helsevesenet etter straumulykker. Samstundes har ikkje talet på alvorlege ulykker auka tilsvarande.
Den arbeidsmedisinske rettleiinga inneheld no utfyllande informasjon om:
- Nødvendige undersøkingar for å gjere ei fagleg god vurdering av nivå på nødvendig helseoppfølging.
- Kriterium for kven ein kan behandle lokalt i primærhelsetenesta og kven som bør få oppfølging i akutthelsetenesta.
App gir bransjen rett informasjon
Eksepertar i elektrobransjen, styresmaktene og STAMI har utvikla gratisappen med namnet Strømulykke. Han skal sørgje for at rett informasjon er tilgjengeleg for alle involverte i ei straumulykke.
Denne appen viser kva ein bør gjere viss det skjer ei straumulykke. Bransjen oppmodar alle som arbeider med straum, om å ha denne appen tilgjengeleg på telefonen.
For verksemdene i elektrobransjen er den oppdaterte informasjonen tilgjengeleg i denne appen.
– Det viktigaste av alt er førebygging: å unngå at ulykkene skjer. Viss ei straumulykke skjer, er appen lett tilgjengeleg. Han gir dei tilsette hjelp på vegen til helsehjelp viss det viser seg at det er behov for det, seier Eirik Remo. Han er fagsjef for HMS i NHO Elektro.
God beredskap
Elektrikarar har årleg tryggingsopplæring. Der er det å jobbe førebyggjande sentralt og om kva ein skal gjere ved ei straumulykke.
Appen bidreg til ein god beredskap viss ein blir utsett for ei straumulykke.
– Det kan vere ulike meiningar om kva ein skal gjere når ein har vorte utsett for ei straumulykke, og om ein skal oppsøkje lege eller ikkje. Då er informasjonen i appen viktig for å vite kva som er rett å gjere, seier Remo.
Helsepersonell og elektrikarar har god nytte av å laste ned appen, meiner Goffeng.
– Det er viktig å sikre ei best mogleg tilpassa helseoppfølging på rett nivå med éin gong etter ei straumulykke. Derfor har alle involverte nytte av å gå gjennom både vurderingskriterium og tilrådde undersøkingar som er nødvendig, seier Goffeng.
Lars Ole Goffeng har vore gjest i Næringslivets sikkerhetsorganisasjon (NSO) sin podkast Industrivernpodden. Du kan høyre episoden her:
Les også disse sakene fra STAMI
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER