Vil ikkje la slåttemarker forsvinna

Mange av artane våre er avhengige av slåttemarker for ikkje å døy ut. No har Regjeringa avgjort å ta særskilt omsyn til denne naturtypen.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Kristina Bjureke i en eng av solblom. Foto: Eli Grete Nisja
Kristina Bjureke i en eng av solblom. Foto: Eli Grete Nisja

Slåttemarker er kjenneteikna ved at dei vert slått regelmessig, men ikkje oppdyrka, sådd eller gjødsla på moderne vis.

Men moderniseringa av landbruket har ført til at slåttemarkene forsvinn. Dei som ikkje vert dyrka opp til annan bruk, gror att.

− Desse markene har bygd seg opp frå vi tok til med jordbruk her nord, for om lag 2500 år sidan. I løpet av desse åra har det utvikla seg eit rikt mangfald av artar, forklarar Kristina Bjureke, universitetslektor ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.

Fem utvalde naturtypar

− Her lever plantar, insekt og sopp i eit samspel som ikkje finst andre stader. Mange er oppført i Norsk rødliste som truga artar, og vil forsvinna for godt om vi ikkje gjer noko no.

Og det gjer vi faktisk. For i midten av mai kom meldinga om at slåttemark er ein av dei fem fyrste såkalla ”utvalde naturtypane” i Norge.

For utanforståande er det kanskje ikkje openbart kva ein utvald naturtype er, men det er altså naturtypar som det skal takast særleg omsyn til ved mellom anna utbyggjingar og når forvaltingsplanar skal leggjast.

Verdifulle frimerke

− For slåttemarker betyr det at det vert laga skjøtselsplanar som skal syta for at dei vert drive på tradisjonell måte, slik at artsmangfaldet kan haldast ved like.

Bjureke er svært nøgd med Regjeringa si avgjerd. Heile sitt vaksne liv har ho vore ein ivrig forkjempar av bevaring av slåttemarkar, men det har teke tid å få nokon til å høyra etter.

− Eg hugsar eg var i kontakt med sjefen for landbruksavdelinga i ein Akershus-kommune, for å prøva å få støtte til å bevara nokre verdifulle frimerke med slåttemark.

− Han avfeidde det med at det ikkje var snakk om produktiv mark, og at støtte derfor ikkje var aktuelt. No er eitt av desse frimerka blant dei slåttemarkene vi har lagt skjøtselsplanar for, smiler Bjureke.

Tradisjonell slått på plassen Mikkelrud i Aurskog-Høland. Foto: Kristina Bjureke, NHM/UiO
Tradisjonell slått på plassen Mikkelrud i Aurskog-Høland. Foto: Kristina Bjureke, NHM/UiO

Slåttemark, ikkje beitemark

Skjøtselen vil i mange tilfelle bestå av tradisjonell slått. Ein kunne kanskje tru at ein kunne oppnå det same med å la husdyra beita der, men slik er det ikkje, forklarar Bjureke:

− Dyra er kresne på kva dei et, så balansen i planteartane ville verta endra, og i tillegg gjødslar dei jo. Dermed ville vi få beitemark i staden for slåttemark. Og når slåttemarkene fyrst er borte, vil det vera tilnærma uråd å få dei tilbake.

Miljøverndepartementet anslår at vi har mellom 10 000 og 20 000 dekar slåttemark I Norge. Av dette er det berre ein fjerdedel som vert skjøtta, resten står i fare for å forsvinna.

Lenker:

Norsk rødliste for arter

De første utvalgte naturtypene er klare (pressemelding fra Miljøverndepartementet)

Powered by Labrador CMS