Slakk sperm i juleneket

Dompapen har sperm som ikkje er bygd for konkurranse. Langvarige parforhold uten sidesprang kan vera forklaringa.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dompaphann med det karakteristiske raude brystet. (Foto: Bjørn Aksel Bjerke, Naturhistorisk museum, UiO)

Blant sporvefuglane finst mange artar der det er liten variasjon i spermiane frå hann til hann.

Høg konkurranse har tvunge fram ei standardisering av form og størrelse, der små forskjellar kan avgjera kven som klarar å bringa sine gener vidare.

Men ein kjenning frå juleneket skiljer seg ut. Hjå dompapen er variasjonen i spermiar stor og konkurransen liten.

– Dompapen har dei slakkaste spermiane ein kan tenkja seg. Konkurransen er så låg at spermiane til dompapen utelet dei siste stega i spermdanninga, samanlikna med andre sporvefuglar, forklarar professor Jan T. Lifjeld ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

Rekna som eigen art

Denne eigenskapen hjå dompapen har vore kjend i nokre år. Men no har Lifjeld og kollegane hans samanlikna med spermiane til den nære slektningen azoresdompapen.

Azoresdompapen finst berre i eit bestemt dalføre noraust på øya São Miguel på Azorene. Den har den minste utbreiinga av alle europeiske fugleartar.

For nokre år sidan såg arten ut til å vera dømt til å døy ut, men ved å bevara og gjenoppretta nødvendig vegetasjon har portugisiske myndigheiter klart å snu trenden, og no aukar bestanden.

– Tidlegare vart azoresdompapen rekna som ein av ei rekkje underarter av dompap, som er spreidd så langt aust som til Japan. Men i dag vert den rekna som eigen art. Genetisk står den lenger frå alle dei andre underartane, seier Lifjeld.

Utelet finpussen i spermdanninga

Men dei slakke spermiane deler dei med dei andre dompapane. Det tyder på at denne eigenskapen har oppstått før dei to artane skilde lag.

– Andre sporvefuglar har korketrekkjarforma spermhovud og langt midtstykke som er bygde for hurtigheit. Hjå dompap og azoresdompap er hovudet butt og midtstykket kort.

Azoresdompapen finst berre i eit dalføre nordaust på São Miguel i Azorene. (Foto: Roberto Resendes)

– Likevel minnar den om sperm frå andre sporvefuglar som ikkje er heilt utvikla. Så det verkar som desse artane utelet den siste finpussen i spermdanninga. Det er ikkje bruk for trimma Ferrari-sperm når det ikkje er andre konkurrentar med i kappløpet, seier Lifjeld.

Norges mest monogame art

Årsaka til den låge konkurransen er sannsynlegvis at dompap og azoresdompap dannar par som, i motsetning til kva som er tilfellet hjå andre sporvefuglar, er seksuelt monogame så vel som sosialt monogame.

– Når ein hann og ei ho fyrst har funne kvarandre, er dompap-para ekstremt knytt til kvarandre. Hadde dei vore menneske, ville vi ha oppfatta dei som veldig forelska.

– Dei held saman som par også utanfor hekketida, noko som er uvanleg blant sporvefuglar.

– TV-programmet «Ut i naturen» kåra faktisk ulven til Norges mest monogame art tidlegare i år, men utan å ha med dompapen blant kandidatane. Den ville nok fått mi stemme, smiler Lifjeld.

For daff sperm

Jan T. Lifjeld. (Foto: Karsten Sund, NHM/UiO)

– Og sidan spermen til dompaphannen ikkje treng å konkurrera med framand sperm, treng ikkje dompaphannen bruka energi på å perfeksjonera spermiane. Han har også uvanleg små testiklar.

Krysning av sporvefuglar i fangenskap er forbode i Norge, men sørover i Europa er det ein ganske utbreidd hobby.

Mange sporvefuglartar let seg kryssa med kvarandre. Ein har til dømes lukkast med å få levedyktig avkom etter kryssing mellom ein kanarifuglhann og ei dompaphoe.

– Men dompaphannen er ubrukeleg til krysningar. Spermiane hans er for daffe til å befrukta andre egg enn dompaphoa sine.

Referanse:

Lifjeld m.fl.: The Azores bullfinch (Pyrrhula murina) has the same unusual and size-variable sperm morphology as the Eurasian bullfinch (Pyrrhula pyrrhula), Biological Journal of the Linnean Society 2013, doi: 10.1111/j.1095-8312.2012.02040.x.

Powered by Labrador CMS