- Musea viktige for naturkartlegging

– Vi ikkje kjem utanom universitetsmusea sin kompetanse når vi skal kartleggja og forvalta naturmangfaldet, seier forskingssjef Fridtjof Mehlum.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Huldrestry. Foto: Einar Timdal, NHM/UiO

Norsk Rødliste 2010 vart lansert av Artsdatabanken i november i fjor, og er, som det heiter i forordet, ”i hovedsak en prognose for arters risiko for å dø ut fra Norge”.

Nesten ein fjerdedel av ekspertane bak Rødlista arbeider ved eitt av universitetsmusea.

– Det er viktig å understreka at arbeidet med Rødlista fyrst og fremst er eit samarbeid mellom mange institusjonar, under leiing av Artsdatabanken.

– Utan eit slikt samarbeid vil ikkje arbeidet ha den nødvendige tyngda og truverdet, seier Mehlum, forskingssjef ved Naturhistorisk museum (NHM) ved Universitetet i Oslo.

DNA-forsking gjev ny innsikt

– Musea sitt bidrag inn i dette samarbeidet er tufta på den kunnskapskjelda som samlingane er, og den kompetansen som er opparbeidd i forvaltinga av dei, seier Mehlum.

Fridtjof Mehlum, forskingssjef ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo. Foto: Per Aas, NHM/UiO

Samlingane ved musea inneheld innsamlingsdata frå langt tilbake, og frå store delar av landet. Stadig aukar samlingane med nye observasjonar og innsamla objekt.

– Dette set oss i stand til å studera til dømes utbreiing av artar over tid. I nyare tid har òg DNA-forskinga ved musea og ei rekkje andre institusjonar gjeve oss ny innsikt.

– Ikkje minst er dette viktig innan biosystematikken, der vi no kan identifisera artar langt sikrare enn tidlegare. Det er vel overflødig å peika kor viktig det er for naturforvaltinga at vi klarar å skilja ulike artar frå kvarandre, smiler han.

Endra oppfatningar

Einar Timdal frå NHM leia ekspertgruppa for lav i samarbeid med Bergen museum, Høgskolen i Nord-Trøndelag og Norsk institutt for skog og landskap.

− Der artsbestemminga var uproblematisk, kunne vi bruka observasjonar og litteraturopplysningar, fortel han.

Men utan mikroskopering og/eller kjemisk analyse, kan dette vera vanskeleg for lav. I tillegg har oppfatninga om kva artar som finst endra seg dei siste tiåra.

− Derfor har det innsamla materialet i universitetsmusea vore eit heilt nødvendig hovudgrunnlag for oss, slår Timdal fast.

267 millionar observasjonar

Einar Timdal. Foto: Per Aas, NHM/UiO

I dag ligg informasjon om alt norsk materiale av lav i universitetsmusea tilgjengeleg gjennom Artskart ved Artsdatabanken.

Det utgjer til saman 200 000 innsamlingar. Saman med data i observasjonsdatabasar og materiale i utanlandske museum har vi rundt 320 000 enkeltfunn av lav i Norge.

− Alt dette er òg tilgjengeleg gjennom Global Biodiversity Information Facility (GBIF), ein global, søkbar, internettbasert database, fritt tilgjengeleg for alle, fortel Timdal, som leiar den norske noden av GBIF.

Berekraftig forvalting

GBIF inneheld tid- og stadfesta registreringar av artane på jorda. Per i dag er 267 millionar observasjonar tilgjengelege her.

Om lag ein tredjedel av dette er dokumentert med innsamlingar i naturhistoriske museum.

− GBIF er primært ein infrastruktur for grunnforsking innan biologisk mangfald.

− Men arbeidet med Rødlista er eit døme på at GBIF òg leverer data med høg relevans for berekraftig forvalting av jorda og dei levande organismane som lever der, seier Timdal.

Meir informasjon:

Norsk rødliste for arter 2010
Artsdatabanken
GBIF Norge

Powered by Labrador CMS