Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Mange klimakampanjar handlar om livet i havet. Niamh O'Dowd har forska på kva effekt slike kampanjar har på oss.

Slik kan haldningskampanjar påverke tankane våre

Mange klimakampanjar bruker metaforar både i ord og bilete. Dette kan gje dei ei spesielt overtydande kraft, ifølgje ny forsking.

Publisert

Kampen mot klimaendringane. Uttrykket er så innarbeida i språket vårt at vi knapt tenkjer over at det inneheld ein metafor. Men det gjer det: Det trekkjer ei kopling frå klimaendringar til krig, ein krig vi må vinne. 

Uttrykket blir dermed brukt i overført, eller biletleg, betyding. 

Forskar Niamh Anna O’Dowd ved Universitetet i Oslo har sett nærmare på kva følgjer det kan ha når metaforar blir brukt i kampanjar som skal overtyde. Resultata er publiserte i det vitskapelege tidsskriftet Metaphor and Symbol og på nettstaden SageJournals

– Det ser ut til at metaforar kan ha ei spesielt overtydande kraft, seier O’Dowd. 

Forsking visar at måten vi resonnerer på, blir påverka av metaforbruk.

Handgranatar og eksplosjonar 

Sjølv har ho undersøkt kampanjar som skal skape merksemd om miljø og klima.

Ho har sett nærmare på kva metaforar som blir brukte og korleis dei blir representerte visuelt og verbalt.

I tillegg har ho undersøkt kva effekt kampanjane kan ha på publikum. Her såg ho nærmare på to typar metaforar som ho fann mange av i kartlegginga:

Den eine trekte trådane frå klimaendringar til krig. Her var det til dømes illustrasjonar av handgranatar eller eksplosjonar. 

Den andre trekte trådar til livet i havet. Her viste illustrasjonane flytande, manet-liknande plastposar som antyda at havet var tomt for liv. 

Metaforar kan gjere det abstrakte begripeleg 

– Klimaendringar er eit tema som det er vanskeleg å snakke om til eit publikum fordi det har så mange aspekt ved seg. Ved bruk av metaforar kan ein nedskalere slike store og komplekse felt slik at det blir meir handgripeleg. Dette er noko vi ofte ser bli gjort, seier O’Dowd. 

Totalt analyserte ho 51 klimakampanjar, frå organisasjonar som Surfers Against Sewage, Global 2000 og World Wildlife Fund (WWF). Dei fleste tok i bruk metaforar i ein eller annan form. 

I eksperiment på nettet presenterte ho totalt 500 studiedeltakar for nokon av dei kampanjane ho hadde analysert. Éi gruppe fekk sjå kampanjar som spelte på krigsmetaforar i bilete og tekst, den andre fekk sjå kampanjar som trekte trådar til livet i havet. 

I etterkant bad ho dei gjere greie for tankane sine om klimaendringar, både gjennom avkryssing og fritekst. 

Metaforar gjer at store og komplekse felt blir meir handgripeleg, påpeikar Niamh Anna O’Dowd.

Deltakarane resonnerte i tråd med metaforen 

– Når folk vart eksponerte for bilete som samanlikna miljøproblem med krig, såg eg dette att i svara deira i etterkant. Dei brukte oftare retorikk som viste til krig enn den andre gruppa, seier O'Dowd. 

– Dei kunne også utvide fortellinga dei var blitt eksponerte for. For eksempel brukte ein del av deltakarane krigs-omgrep også for å skildre sine eigne kjensler, legg ho til. 

Dei kunne for eksempel seie at dei følte seg «forsvarslause» eller at dei «måtte kjempe denne krigen». Nokon opplevde situasjonen som «ei tikkande bombe».

Gruppa som hadde fått sjå kampanjar med havtema, brukte i større grad ord som «tomheit» og «død». Samtidig ga dei oftare uttrykk for at kampanjane var vakre enn den andre gruppa gjorde. 

Nokon av deltakarane følte seg oppmuntra eller motiverte til å handle etter å ha sett kampanjane. Andre vart fornærma. Atter andre overvelda, iføljge O’Dowd. 

– Politisk orientering kan påverke korleis ein reagerer. Dette fann eg i min studie, og det er også vist tidlegare. Men det er ikkje nødvendigvis slik at dei som bryr seg om klimaendringar, reagerer mest positivt. Dei kan også bli meir engstelege, seier ho. 

Det viktigaste funnet hennar er at måten vi resonnerer på, blir påverka. 

– Det er noko spesielt levande og stemningsfullt med metaforar. Dei får oss til å resonnere om eit tema innanfor rammene biletet skaper. 

Forsking viser at metaforar påverkar nervecellene i kroppen vår.

Ei spesielt overtydande kraft 

Tidlegare forsking har tyda på at vi brukar metaforar langt oftare enn vi er klare over.

I boka Metaphors we live by frå 1980 skreiv forskarane George Lakoff og Mark Johnson at daglegtalen vår er full av av metaforar og at vi ikkje eingong tenkjer over dei. 

Dei var tidleg ute med å argumentere for at måten vi forstår metaforar på, heng saman med sansing og motoriske rørsler. 

Seinare har forskarar ved mellom anna Emory University og University of Arizona, påpeika at metaforar triggar aktivitet i ei mengde biologiske nevrale nettverk. Dei er forbundne med sanseopplevingar og fysiske handlingar. 

Eit nevralt nettverk betyr at fleire nerveceller er kopla saman, ofte for å utføre ein bestemt funksjon.

Seier du for eksempel at «han er søt», vil nevrale nettverk assosierte med smak bli aktiverte. Seier du at «reglane vart tøygde», vil same nettverk bli aktiverte som når du tøyer kroppen din.

– I dag er vi nokså sikre på at metaforar kan trigge responsar i dei same nevrale nettverka som blir trigga ved fysiske opplevingar, seier O’Dowd. 

Både ho sjølv og fleire andre forskarar trur dette kan opne for at bodskap formidla gjennom metaforar blir spesielt overtydande. 

– Men om det aukar viljen vår til å handle, veit vi førebels ikkje, seier O’Dowd.

Referanse:

Laura Hidalgo-Downing og Niamh A. O’Dowd: Code Red for Humanity: Multimodal Metaphor and Metonymy in Noncommercial Advertisements on Environmental Awareness and Activism. Metaphor and Symbol, 2023. Doi.org/10.1080/10926488.2022.2153336

Powered by Labrador CMS