Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Kongeøsterssopp, kongeleg trompet, valthornsopp. Kjær gourmetsopp har mange namn.

Stor matsopp kan vise korleis immunforsvaret reagerer på infeksjon frå mikroskopisk sopp

Kongeøsterssoppen er ein favoritt på laboratoriet.

Soppen Pleurotus eryngii frå middelhavsområdet heiter på norsk kongeøsterssopp. På utanlandsk har han fleire andre flotte namn, som valthornsopp og kongeleg trompet, som dei norske omsetjingane blir.

– Når vi studerer cellene til ein stor sopp, lærer vi samstundes om dei mikroskopiske soppane, seier Christiane Færestrand Ellefsen.

Han vert dyrka kommersielt i Noreg, for han er så velsmakande at han vert rekna som ein gourmetsopp. Men det er ikkje dei kulinariske eigenskapane som gjer at forskar Christiane Færestrand Ellefsen jamleg bestiller han til laboratoriet på Farmasøytisk institutt ved Universitetet i Oslo.

– Dei store soppane vi finn i skogen, anten dei er etandes eller ikkje, høyrer til det same riket som dei mange små soppane. Dei ulike soppane som mellom anna får øl til å gjæra, brød til å mygla og som kan gje oss infeksjonar ulike stader på kroppen, forklarar ho.

Lett å dyrka

– Det betyr at dei har mange biologiske fellestrekk. Så når vi studerer cellene til ein stor sopp, lærer vi samstundes om dei mikroskopiske soppane. På same måten som vi kan læra om den menneskelege organismen ved å studera andre virveldyr.

At det er nettopp kongeøsterssopp som er den store soppen som vert brukt til forsking, kjem av at tilgangen er nærmast uavgrensa.

– Alle som pleier å plukka sopp, veit at det varierer frå år til år kor mykje ein finn i skogen. Men i tillegg til at kongeøsterssopp er veldig lett å dyrka og mindre utsett for årlege variasjonar, vert han altså òg dyrka kommersielt. Vi får til dømes våre soppar frå eit firma i Verdal som heiter Trøndersopp.

Immunsystemet for smart

Celleveggen i soppceller inneheld polysakkarid, som er store og komplekse sukkermolekyl.

– Vi isolerte polysakkarid, nærmare bestemt vassløyselege polysakkarid, frå celleveggen til kongeøsterssoppen. Det vi ynskte å undersøkja, var effekten desse polysakkarida hadde på immunceller, fortel Ellefsen.

Ikkje rare effekten viste det seg. Dei isolerte polysakkarida batt seg berre i liten grad til cellene. Dei aktiviserte med andre ord immunforsvaret, men ikkje veldig kraftig. Men Ellefsen ser dermed ikkje bort i frå at dei vassløyselege polysakkarida har ein effekt.

– Det kan henda at immunsystemet er for smart til å reagera på polysakkarid som frittståande molekyl. Ved ein infeksjon er det jo heile celler som romsterer i kroppen, ikkje enkeltmolekyl. Så det neste vi skal kikka på, er dei polysakkarida som ikkje er vassløyselege, for å sjå om dei utløyser ein større respons, seier Ellefsen.

Hatt med heim

– I og for seg er det jo ein fordel at immunsystemet ikkje reagerer på frittståande molekyl som er ufarlege åleine. Eit immunsystem som overreagerer kan føra til såkalla autoimmune sjukdommar, der kroppen mistolkar signal og går til angrep på seg sjølv.

Dei beste immunsystema oppfører seg slik: Ikkje for aggressivt, ikkje for passivt, men akkurat passe.

Når forskingsobjektet er ein slik delikatesse, må det vera lov å lura på om forskarane tek med seg forskingsmaterialet heim til kjøkkenet etter at forsøka er gjennomførte. Men det går nok ikkje, seier Ellefsen:

­– Når eg er ferdig med det eg skal for å studera molekyla, er soppen sin integritet borte, for å seia det slik. Men eg vedgår å ha hatt med meg heim eit par soppar som ikkje vart forska på.

Referanse:

Christiane Færestrand Ellefsen mfl.: Water-soluble polysaccharides from Pleurotus eryngii fruiting bodies, their activity and affinity for Toll-like receptor 2 and dectin-1. Carbohydrate Polymers, 2021. Doi.org/10.1016/j.carbpol.2021.117991

Powered by Labrador CMS