Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
Dette bør du vite om syndromet som rammar mange unge idrettsutøvarar
For mor Hanne Hjelbak blei det ein augeopnar da sonen fekk beskjed at han var beinskjør som 17-åring.
Hanne Hjelbak er mor til Iver, som er ein hardt satsande mellomdistanseløpar. Etter fleire trettleiksbrot fann dei ut at han hadde låg beintettleik og mange teikn på REDs.(Foto: Privat)
Iver var ein dedikert og
over snittet strukturert ung utøvar.
Han hadde begynt å få gode resultat på friidrettsbanen, og motivasjonen blei berre større og større.
Treningsmengdene auka og to økter om dagen var vanleg.
Podcast: REDs blant unge utøvere
I NIH-podden møter du Hanne Hjelbak, mor til mellomdistanseløparen Iver, som fortel om korleis dei la om kosthaldet i familien etter at Iver fekk beskjed om at han var beinskjør etter fleire trøyttleiksbrot.
Svar om REDs får du frå Christian Johnston, klinisk ernæringsfysiolog ved Idrettens helsesenter, og Stine Østvold Aamodt, prosjektleiar for Heilskapleg helse på Wang og konsulent ved Olympiatoppen.
Du finn episoden nedst i denne artikkelen.
Burde fått i seg meir karbohydrat
Heime hadde det alltid vore fokus på eit godt og
næringsrikt kosthald. Mor Hanne Hjelbak var opptatt av reine råvarer og
eit balansert kosthald med næringstett mat.
Men som 16-åring begynte
skadene å kome. Han fekk stressreaksjon og trøttleiksbrot både i legg og rygg,
og skadene kom berre tilbake når han tok opp treninga att.
Ein DXA-scan på Idrettens
helsesenter skulle gje familien overraskande svar. Iver hadde låg beintettleik
og hadde mange teikn på syndromet REDs (se faktaboks).
Ernæringsfysiolog Christian Johnston skildrar REDs som eit syndrom som har mange ulike verknadar på kroppen.(Foto: NIH)
– For meg så var det
ein augeopnar. Han åt jo veldig mykje, så eg følte meg trygg på at han fekk i
seg nok. Men da eg fekk denne beskjeden, så kom det med ein gong over meg ein
slags dårleg samvittigheit. Kva var det eg hadde oversett her? fortel Hanne.
Kva er REDs?
REDs er ei forkorting for «Relative Energy Deficiency
in Sport»,
altså relativ energimangel i idretten. REDs beskriver ei samling av symptom og
funn som skuldast vedvarande eller gjentatte episodar med for lågt energiinntak
i forhald til behovet til kroppen. I ein slik situasjon prioriterer kroppen
energi til fysisk aktivitet, medan ein del grunnleggande kroppsfunksjonar blir
nedprioritert og blir sett på «sparebluss».
Hanne ser i ettertid at
det var spesielt ein ting dei hadde hatt for lite av i heimen.
– Han hadde tydelegvis
eit stort behov for kaloriar, gjerne i form av raske karbohydrat. Det må eg
innrømme at eg hadde oversett i kosthaldet hans.
Eit syndrom med ulike
verknadar på kroppen
Christian Johnston er klinisk
ernæringsfysiolog hos Idrettens helsesenter og møtte Iver da han kom til
undersøking der.
Han har møtt mange
ungdomar som Iver den siste tida, og dei har ofte mange like trekk.
– Det treng ikkje å vere
eteforstyrringar eller ernæringsrelaterte sjukdomar eller allergiar. Veldig
ofte er det snakk om unge, ambisiøse idrettsutøvarar som trenar hardt og er
opptatt av å ete sunt og vere sunne, men som ikkje heilt forstår kor mykje
energi dei eigentleg treng, seier han og legg til.
– Kanskje har dei lite
tid i kvardagen og rekk ikkje heilt å ete så mykje som dei treng.
Johnston skildrar REDs
som eit syndrom som har mange ulike verknadar på kroppen.
Dei kan vere diffuse og
variere veldig frå person til person.
Annonse
– Viss ein har ein høg
treningsbelastning og eit høgt energibehov som ikkje blir møtt av energi frå
mat, så kan det lage problem for ein kropp i vekst.
Både i individuelle
idrettar og lagidrettar
Han nemner dårlegare
treningsutbytte og prestasjon, hyppigare skader og sjukdom, men også nedsett
produksjon av kjønnshormon og lågare beintettleik.
Stine Østvold Aamodt har saman med NIH-professor Anne Marte Pensgaard fått pengar frå Tom Wilhelmsen-stiftelsen for å formidle kunnskap om REDs. Det har resultert i fleire filmar som skal treffe trenarar, helsepersonell og foreldre. To av dei kan du sjå i denne artikkelen.(Foto: NIH)
Også på WANG toppidrett
kjenner dei godt igjen desse historiene.
Stine Østvold Aamodt er
prosjektleiar for Helhetlig helse på WANG og ser ungdomar med REDs i mange
forskjellige idrettar.
Ikkje berre i estetiske
og vektklasse-idrettar som ein har vore mest obs på tidlegare.
– Vi ser det også i ein
del av uthaldenheitsidrettane og nå etter kvart også i lagidrettar i større
grad. Vi opplever at mange kan gå seg litt vill i detaljene og gløyme
heilskapen, seier Aamodt.
Aktive ungdomar treng
meir mat enn du trur
Men kor mykje skal
eigentleg ein ungdom i vekst som kanskje trenar to økter om dagen, ete?
Ernæringsfysiologen
meiner det enklaste ein kan seie, er at det er meir enn dei fleste trur.
– Det er vanskeleg å seie
noko konkret fordi det varierer jo veldig og kjem an på storleik og korleis
ein trenar. Men når det er snakk om ein idrettsutøvar i vekst, noko som krev
veldig mykje energi, er det vanskeleg å få i seg for mykje.
– Så lenge ein har eit
fornuftig kosthald og et vanleg, normal sunn mat, så er det nesten slik at jo
meir jo betre.
Annonse
Kritikk mot sukkerfokus
I etterkant av
NRK-artikkelen kom det ein del kritikk rundt fokuset på sukker og godteri. Både
Iver og Niels, som NRK
også skreiv om, la inn dessert, is og godteri i kvardagen som
ein del av kosthaldsendringa.
– Det er jo ikkje sukker
og godteri som er poenget her, og det har det aldri vore. Det er heller ikkje
det me snakkar med utøvarane om. Det handlar om å ha eit avslappa nok forhold
til mat og kunnskapen til å forstå at ein kan unne seg laurdagsgodt, og kan
unne seg snacks på kvardagar også. I tillegg til den vanlege, sunne maten,
seier Johnston.
Karbohydrat er viktigare
enn mange trur
Han merkar at både
utøvarar, trenarar og foreldre er prega av diskusjonen i samfunnet. Karbohydrat
blir også sett på som noko litt skummelt.
– For dei fleste unge utøvarar er karbohydrat
mykje viktigare enn det mange trur. Det er veldig mykje fokus på protein om
dagen, men for dei fleste idrettsutøvarar er det eigentleg karbohydrat dei
burde fokusere på. Det er det dei får i seg for lite av, meiner Johnston.
Når han behandlar
utøvarane på Idrettens helsesenter, jobbar han spesifikt med at dei skal få i
seg karbohydrat under treningsøkter.
– Vi anbefalar dei å få i
seg karbohydrat i form av sportsdrikk eller vanleg hushaldningssaft under
trening. Det vi ser, er at det ikkje berre påverkar prestasjonen positivt, men det
kan også potensielt verke inn på beinvevet. Det gir ein positiv effekt fordi
kroppen blir mindre nedbroten i økta. Det kan potensielt senke skaderisikoen,
men også sørge for at dei får i seg det dei treng.
Har ungdomen din desse
symptoma?
Kva skal du som foresatt
eller trenar følgje med på om du er bekymra for om idrettsungdomen din får i
seg nok energi?
Ekspertane nemner desse
symptoma som vanlege for ein utøvar som har utvikla REDs.
Humørsvingningar
Meir sliten enn vanleg
Hyppigare sjuk eller skada
Menstruasjonsforstyrringar
Fråver av morgonereksjon
Annonse
– Nokre snakkar også om
at dei er ofte er støle, og at det ikkje går over heilt, seier Aamodt og legg
til:
– Ein av desse symptoma
er ikkje nok til å vere bekymra for REDS, men om det er ein kombinasjon av
fleire av desse symptoma kan det vere verdt å ta ein sjekk.
Brød med mindre fiber
Heime hos familien
Hjelbak har ting gått riktig veg etter endringane dei gjorde.
Det handla ikkje berre om
raske karhohydrat, men å sjå på heile døgnet og treningsbelastninga til
Iver.
Nå er Iver tilbake i trening og konkurranse. Endring av kosthaldet med meir fokus på å få i seg nok energi under og etter trening har vore ein viktig nykkel.(Foto: Privat)
Det blei viktig å ete
godt tidleg på dagen før trening og få i seg sportsdrikk eller saft under
trening, og få i seg nok mat etter trening.
I tillegg har dei begynt
å bake eige brød.
– Vi fekk tips om at
brød, som han jo et enormt mykje av, ikkje skal ha så høgt fiberinnhald. Det
gjer at det blir lettare opptakeleg for kroppen, seier Hjelbak.
Han var blitt 18 år da
dei tok ny DXA-scan, eit år etter den fyrste.
Resultata viste at
beintettleiken hadde blitt mykje betre.
– Det kan eg ikkje
forklare på så mange andre måtar enn at vi hadde gjort noko riktig med
kosthaldet. I tillegg til fokuset vårt på heilskapen, på treningsbelastninga og
heile døgnet hans.
I etterkant av NRK-saka
har familien fått mange tilbakemeldingar.
Dei hadde bestemt seg for
om berre nokon få kunne lære av og få noko ut av historia deira, ville det vere
verdt å vere opne opp i media.
Annonse
– Det har allereie
skjedd, og det er både Iver og eg kjempeglade for. Målet vårt er jo at fleire
blir oppmerksame på det store energi- og kaloribehovet som barn og ungdom har
når dei er så aktive. Det kan førebygge helseskader og ikkje minst unngå utenforskap
som oppstår når ein må bli borte frå trening.