Annonse
Janniche Torsvik er ein av forskarane som har studert samanhengen mellom proteinet PITRM1 og neurodegenerasjon. (Foto: Privat)

Genfeil peikar mot Alzheimers-løysing

Forskarar har funne eit protein som er viktig for å forstå korleis sjukdommar som Alzheimers oppstår.

Publisert

Alzheimers sjukdom oppstår på grunn av proteinavleiringar (plakk) i hjernen. Ny forsking ved Universitetet i Bergen og Haukeland universitetssjukehus syner at proteinet PITRM1, som finst i cellene sine mitokondriar, kan vere involvert i utviklinga av denne alvorlege sjukdommen.

Mitokondriane er små «energifabrikkar» som finst i nesten alle cellene i kroppen.

Dersom mitokondriane ikkje fungerer slik dei skal, kan det føre til utvikling av alvorlege sjukdommar.

I mitokondriane finst proteinet PITRM1. Bergensforskarane har funne ein samanheng mellom nedsett mitokondriefunksjon og neurodegenerative sjukdommar, som Alzheimers.

– Når nivået av PITRM1 i cellene går ned, fører det til proteinavleiringar i hjernen, seier forskar Janniche Torsvik.

Genfeil gav plakk på hjernen

Mitokondriegruppa ved Universitetet i Bergen og Haukeland universitetssjukehus forska på ein familie med ein genfeil som fører til redusert mengde av mitokondrieproteinet PITRM1. Familien fekk store problem med både motorikk og psyke.

– Dei som hadde lite av dette proteinet, vart rett og slett veldig sjuke, og skanning av hjernen til pasientane viste store skader. Me har også gjort forsøk på mus som resulterte i motoriske problem og fann proteinavleiringar i hjernane til musene, seier forskaren.

Torsvik meiner at studien er viktig for å forstå neurogenerative sjukdommar, som Alzheimers sjukdom.

– Resultata avsluttar ein lang diskusjon om det er ein samanheng mellom mitokondriane og opphoping av plakk i hjernen. No har me vist at det stemmer; funksjonelle mitokondriar er heilt nødvendige for å hindre at plakket blir danna, seier Torsvik.

– Men det er framleis andre faktorar som speler inn, og me har berre funne ein bit i puslespelet, understrekar ho.

Vil finne medikament

Professor Laurence A. Bindoff seier at dei no ønskjer å forska vidare på om PITRM1 også kan spele ei rolle i andre neurodegenerative sjukdommar.

– Målet er at forskinga kan hjelpe oss å finne eit medikament for å forhindra eller bremsa sjukdommar som Alzheimers, seier Bindoff.

Referanse:

Dario Brunetti, Janniche Torsvik mfl: Defective PITRM1 mitochondrial peptidase is associated with Aβ amyloidotic neurodegeneration. EMBO Molecular Medicine, desember 2015, doi: 10.15252/emmm.201505894.

Powered by Labrador CMS