Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Bergen - les mer.

Magnus Lagabøte vart krona til konge i september 1261 saman med dronninga si Ingeborg. Originalen til dette steinhovudet finn ein i Stavanger domkirke.

Denne norske kongen var uvanleg: – Han såg folk, både fattige, sjuke og kvinner

Magnus Lagabøte deltok aldri i krig, men han valde å forsvare dei svakaste av undersåttane sine. For 750 år sidan innførte han den viktige Landslova som endra heile det norske samfunnet.

Magnus Lagabøte vart fødd i mai 1238. Faren var kong Håkon Håkonsson og mora dronning Margrete Skulesdotter. Magnus var yngst av tre søsken.

– Sidan Magnus hadde ein eldre bror, Håkon Unge, og sidan det på 1200-talet var etablert at landet berre skulle ha ein regjerande konge, var det nok aldri planen at Magnus skulle bli konge, fortel professor Alf Tore Hommedal ved Universitetsmuseet i Bergen.

Skulle ikkje bli konge

– Det var den eldre broren som skulle overta trona etter faren Håkon Håkonsson. Men no gjekk det slik at denne broren, som alt hadde fått kongsnamn og slik var som ein «kronprins» å rekne, døydde i 1257, seier Hommedal. 

Alt ein god månad etterpå fekk Magnus kongsnamn trass i at der fanst andre alternativ.

– Etter vår Grunnlov i dag ville det ha vore son til Håkon Unge, guten og «prinsen» junker Sverre, som stod nærast til å overta trona etter bestefaren. Men for Håkon Håkonsson har det nok vore viktig å sikra at landet straks fekk ein vaksen og styredyktig konge om han sjølv skulle falle frå. 

Han var i 1257 trass alt ein for si tid godt vaksen mann på 53 år. Det synte seg å vera eit rett val, sidan junker Sverre døydde alt før bestefaren fall frå i 1263.

– Magnus var noko så uvanleg som ein middelalderkonge som aldri var i krig. Han såg folk, både fattige, sjuke og kvinner, fortel Alf Tore Hommedal, professor ved avdeling for kulturhistorie på Universitetsmuseet i Bergen.

Klok og religiøs

Magnus vaks for det meste opp i Bergen, i kongsgarden på Holmen, fornemt tilbaketrekt frå byens pulserande liv.

– Magnus fekk ein forkjærleik for fransiskanarbrørne si livshaldning, og han fann stor interesse i undervisinga deira i teologi. Det er den engelsk-skotske Lanerkost-krønika frå tidleg 1300-tal som fortel dette, seier Hommedal.

Han fortel vidare at me strengt teke ikkje veit kor tid Magnus fekk denne interessa si for fransiskanarane og klosteret deira ved dagens Bergen domkirke. Men dersom det var før Magnus vart konge, noko det truleg var, då må det ha skjedd i samråd med faren Håkon Håkonsson.

– Dermed var det nok den unge mannen Magnus, i åra før han fekk kongsnamn, og/eller den meir mogne kongen, som synte slik interesse for fransiskanarane i Bergen si teologiundervisning, påpeiker han.

Utstillinga om Landslova opna på Bryggen museum onsdag 22. mai 2024.

Støtta dei svake

Det var den italienske helgenen Frans av Assisi (1182–1226) som grunnla fransiskanarordenen. I vår tid ber han gjerne namn etter grunnleggjaren av ordenen. 

Frans ville at ordensbrørne gjennom frivillig fattigdom skulle hjelpe menneske i ufrivillig fattigdom. Omsorga for dei spedalske – dei delvis utstøytte i samfunnet – stod sentralt i Frans sin tanke og gjerning. 

Ifølgje legenda var det avgjerande for Frans av Assisi si omvending og medmenneskelege haldning at han makta å kysse ein spedalsk.

– Fransiskanaranes grunnhaldning om Kristi nærvær gjennom medmenneskeleg omsorg for fattige, sjuke og for alt Guds skaparverk, har venteleg vore til stor inspirasjon for Magnus, seier Hommedal. 

Fransiskanarane var altså ordensbrør som med base i klosteret skulle gjere tenesta si ute mellom folk. Dei var mellomalderens Frelsesarmé og Bymisjon. Fransiskanarane var ikkje munkar som skulle leve innafor dei lukka klostermurane.

– Me veit også at tilknytinga kong Magnus hadde til fransiskanarane varte livet ut. Ho var så sterk at kongen valde å bli gravlagt hjå fransiskanarane. Det er difor dagens Bergen domkirke, som i mellomalderen var fransiskanarane si kyrkje, også er kong Magnus Lagabøte si gravkyrkje. 

Hommedal understrekar at denne kyrkjebygningen i Bergen er nok det norske monumentet som i vår tid klarast symboliserer verdivala Magnus Lagabøte gjorde i lovarbeidet sitt.

Landslova vart laga i Håkonshallen i Bergen. I år feirar vi at det er 750 år sidan denne viktige lova vart til. I mellomalderen var det slett ikkje vanleg å ha landsdekkande lover. Noreg låg langt framme i lovskapingsarbeidet.

Skjebneåret 1257

Magnus var 19 år då storebroren Håkon Unge døydde og Magnus fekk kongsnamn.

1257 vart eit skjebneår for den unge mannen. Først døydde broren, så reiste søstera Kristin på brudeferd til dagens Spania. Av dei tre borna til Håkon Håkonsson og Margrete Skulesdotter var der brått berre Magnus å byggje vidare på her heime. 

– Sjølv om Magnus neppe var heilt mentalt budd på å bli konge, har tanken likevel truleg heller ikkje vore totalt framand for han. For i mellomalderen var døden nærare livet enn han ofte er det i dag, seier Hommedal.  

At også unge familiemedlemmer kunne døy, var dei erfaringsmessig smerteleg klare over. 

– Men året 1257 må ha ført med seg ein kolossal overgang for 19-åringen både som person og som kongsemne. No var det brått Magnus som var kronprinsen. 

Magnus vart krona til konge i september 1261 saman med dronninga si Ingeborg, den danske kongsdottera som han hadde gifta seg med berre få dagar tidlegare.

Var aldri i krig

Magnus styrte Noreg som regjerande konge, i mindre enn 20 år. Likevel har få av dei norske regentane sett eit så tydeleg stempel på det norske samfunnet både i samtid og ettertid som det denne mannen gjorde. 

Dette ser me ikkje minst gjennom lovarbeidet hans. Det har mellom anna rettshistorikaren Jørn Øyrehagen Sunde si nyare forsking og formidling syna oss. 

– Magnus var noko så uvanleg som ein middelalderkonge som aldri var i krig. Han såg folk, både fattige, sjuke og kvinner. Haldningane hans representerte eit meir medmenneskeleg menneskesyn, eit syn som mellom anna gjennom fransiskansk tankegang var ein del av middelalderens ideologiar, summerer Hommedal opp.

Magnus Lagabøtes Landslov 750 år

Mellom 1274 og 1276 samla kong Magnus Lagabøte heile Noreg under ei felles lov for landet. 

Det er omdiskutert om lova i 1274 først vart vedteken på Gulatinget her vestpå eller på Frostatinget i Trøndelag. Mest sannsynleg er det at lova i 1274 vart vedteken på Gulatinget og i åra deretter på Frostatinget (1275) og Borgartinget og Eidsivatinget (1276). 

Dermed var lova landsdekkjande og vart gjeldande lov i over 400 år.

I dag er Magnus Lagabøtes Landslov framleis eit av dei viktige historiske dokumenta våre og ei lov som har prega Noreg i 750 år. 

Utstillinga Magnus Lagabøtes Landslov 750 år er open på Bryggens Museum i Bergen.

– Der kan du no mellom anna via kulturhistoriske gjenstandar og diplom og andre skriftlege kjelder, få eit innblikk i korleis Landslova har påverka samfunnet i hundreåra mellom 1274 og 2024, seier Alf Tore Hommedal.

Powered by Labrador CMS