Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - les mer.
Krossfararane blei tidlegare tolka som ein type kolonialistar og lykkejegerar.(Foto: Pål Berg Svenungsen)
Historikar bygger mellomalderen i Lego: – Eg har ein veldig tolmodig kjærast
Korleis såg det eigentleg ut då krossfararane invaderte Jerusalem? Eller då Erling Skakke gjekk på fylla i det bysantiske riket? Historikar Pål Berg Svenungsen har sett det føre seg.
Under pandemien var historikar Pål Berg Svenungsen i Sogndal mykje heime hos seg sjølv. Det blei kjedeleg i lengda. Han sakna å stå framfor studentane sine på Høgskulen på Vestlandet og snakke i timevis om mellomalderen – noko av det beste han veit. Særleg interesserer han seg for krosstoga.
Men keisemd gir god grobotn
for nye idear.
Tilfeldigvis hadde dessutan mor hans på denne tida teke eit tak
for å tømme guterommet hans i Langesund. Dermed fekk den 38 år gamle
akademikaren nokre kasser med gammal Lego i fanget.
Gjensynet med eit høgt
elska sjørøvarskip og ei imponerande borg utstyrt med hestar, tårn, vimplar og riddarar
var gledeleg, men då desse var ferdig rekonstruerte, ville han berre bygge meir.
Det blei eit kjærkomme nytt prosjekt som braut monotonien av korona-nedstenginga.
Midt på vinteren tok han med seg nokre Lego-figurar ut i snøen på utsida av
huset og stilte dei opp i eit tablå. Historikaren tok bilde av den vesle
forsamlinga, som såg ut til å streve seg tappert fram gjennom eit ugjestmildt
landskap, posta det på Instagram og skreiv at dette var kong Sverre og
Birkebeinarane i ferd med å krysse Vossafjellet.
Begeistra
følgjarar på Instagram
Frå då av balla det på seg.
Dei siste tre åra har Svenungsen posta eit hundretals Lego-tablå og -figurar på
Instagram-kontoen sin, The Lego Medievalist.
Følgjarskaren hans er
relativt liten, kring 1.200, men dedikert. Nokre er historisk interesserte, andre er
Lego-entusiastar, og dei historisk interesserte utmerker seg med å vere
forelska i detaljane.
Ein gong oppstod det til dømes ein diskusjon om ein for
dei innvigde hårreisande anakronisme i ein mellomalderborg Lego hadde
produsert. Der hadde designarane av settet gjort den historiske brølaren å
inkludere eit graskar i ei scene frå 1100-talet. Graskar blei ikkje dyrka i
Europa før ein gong på 1500-talet, då frukta blei importert frå Amerika, kunne
dei historisk kyndige melde frå om.
For Svenungsen sjølv har
rekonstruksjonen av mellomalderscener endra forholdet hans til mellomalderen på
grunnleggande vis.
Først og fremst har ein drøss med nye forskingsspørsmål
oppstått. Og det er nettopp desse spørsmåla som gjer historia så interessant
for han:
– Eg er fascinert av det
framande, det eg ikkje forstår. Når fortidas menneske handlar på måtar som
verkar ulogiske eller rare, ønsker eg å finne ut kvifor.
Det rare med
krosstoga
Eit spørsmål som især har
stått i hovudet til Svenungsen som forskar, er: Kva får eit stort tal menneske
til å forlate sine heimar og marsjere mange tusen kilometer mot det ukjente?
Vi snakkar om krosstoga.
Dei
blei annonserte av pave Urban II i år 1095. Frå kring år 800 til år 1000 hadde
det kristne Europa vore under angrep, men no snudde det. Frå kring år 1000
ekspanderte den vestlege kristendommen til nye territorium, mykje gjennom
misjon. Krossfararane drog frå nord mot Levanten for å frigjere Jerusalem frå
islamsk herredømme, ein religion som folk i Vest-Europa visste lite om.
Enkelte
trudde at muslimane var kristne kjettarar. Nokre tolka pavens kall på sitt eige
vis og angrep jødiske samfunn i Europa framfor å dra til det heilage landet. Jødane blei sett på som Jesu mordarar. Desse forfølgjarane var ikkje
sanksjonerte av paven eller kyrkja.
Annonse
– Krosstoga har ikkje vore
spesielt populære å forske på. Norsk historieskriving starta på 1800-talet og då
handla det mykje om å bygge opp norsk identitet. Då passa det dårleg for
protestantiske historikarar at Noreg ein gong hadde vore ein del av den
katolske kyrkja, seier Svenungsen.
I denne versjonen av norsk
mellomalderhistorie blei mogelege ideologiske motiv tona ned.
Krossfararane
blei tolka som ein type kolonialistar og lykkejegerar. Målet deira om å erobre
Jerusalem var ikkje å forstå som eit utslag av gudsfrykt, men heller som grådigskap,
eit ønske om makt og rikdom. Det var hovudsynet blant mellomalderhistorikarar i
lange tider. Dei gjekk ut ifrå at dei som reiste, gjerne var unge og
eigedomslause riddarar med lite å tape og mykje å vinne.
– Denne materielle historieforståinga
har stått seg heilt til denne dag. Men ho stemmer ikkje. Ved nærare ettersyn viser det seg at mange av dei som reiste, var landeigarar og velfødde herrar.
Det ideologiske var faktisk ein sterk motivasjon på den tida. Folk ville gjere sjelebot
og sikre seg ein plass i himmelen gjennom krigføring, seier Svenungsen.
– Dei hadde ein klar tanke om
at Gud syntest at dette var ålreit.
Hårsveisar
i mellomalderen
Men tilbake til dei andre
spørsmåla – dei som har oppstått frå å visualisere mellomalderen gjennom Lego.
Dei er mange, ikkje minst fordi kvardagsmenneska stort sett er fråverande i dei
skriftlege kjeldene.
Der er det hovudsakleg dei store mennene og dei store slaga
som får plass, mens kvardagslege gjeremål og levemåtar er vanskelege å få auge
på.
– Dette heng saman med den
høge kostnaden av skrift på den tida. Å finne nokon som kunne skrive og lese,
og dermed føre historia i pennen, var vrient og dyrt. Få hadde dessutan ressursar
til å lage pergament. Ei bok hadde i periodar like høg verdi som ei ku, seier
Svenungsen.
Korleis dekte folk på eit
bord? Kva åt dei, korleis kledde dei seg, korleis møblerte dei husa sine? Og
ikkje minst, kva hårsveis hadde dei?
Alt slikt er det lite spor av i skriftlege
kjelder, men desse spørsmåla har teke til å oppta Svenungsen meir og meir idet
han har jobba med å rekonstruere scener frå mellomalderen.
Med eitt blei det viktig
for han å kunne sjå føre seg eit middagsbord frå tusentalet. Han vil så gjerne
forstå alle slags mellomaldermenneske – ikkje berre menn, kongar og pavar, men
også kvinner, barn og såkalla vanlege menneske.
Annonse
I små glimt er det likevel
råd å få auge på gjenkjennelege, kvardagslege hendingar frå den tida. Til dømes
ved hjelp av runepinnane som blei grave fram då Bryggen i Bergen brann i 1955.
På ein pinne, truleg overlevert til ein mann som var ute og drakk med vener,
står det: «Gyda seier at du skal gå heim.»
Ein annan pinne vitnar om eit
trekantdrama: «Eg elskar den kvinna så høgt at elden kjennest kald. Og den
kvinna er kona til venen min».
Å leve seg
inn i fortidas menneske
Inntil han blei The Lego
Medievalist, heldt Svenungsen seg til tradisjonelle historiske metodar. Han
var trufast mot det han kunne tolke utifrå kjeldene og dikta aldri.
Men
legobygginga hans har forandra på dette. No kjenner han seg langt meir fri til
å bruke fantasien når han ser føre seg historiske hendingar.
– Eg har teke til å leve meg
inn i mellomaldermenneska. Når eg bygger slagscener, til dømes, er eg veldig
glad for at nyare Lego byr på mange ulike ansiktsuttrykk. Så eg plottar inn
frykt, glede, avsky og meir til, seier han.
– Eg tenkjer på korleis mange
må ha vore kjemperedde.
Fortida var langt ifrå noko
teselskap, reflekterer han. Og akkurat dette synst Svenungsen byr på dilemma
når han fortel om det via Lego. Han ønsker ikkje å glorifisere verken vikingar
eller krossfararar.
Invasjonen av Jerusalem då dei første krossfararane nådde
fram i 1099, etter nærare tre år med vandring, var brutal. Plyndringa av byen
varte i tre dagar. Eit stort tal jødiske og muslimske innbyggarar blei
massakrerte.
Ifølgje geistlege kjelder var det så mykje blod at det gjekk opp
til oklene på dei heilage krigarane. Nokre seier det gjekk heilt opp til bisla
på hestane deira.
– Så mykje blod er det sjølvsagt
ikkje mogleg å få til å flyte, ut ifrå innbuartalet i byen. Dei som skreiv
historia ned, ville nok berre skape ideen om at Jerusalem no var reinsa med
blodet til heidningane. Likevel er det heilt klart at overtakinga av Jerusalem
var ekstremt valdeleg og ein katastrofe for dei som budde der.
Annonse
Å prøve å
forstå dei likevel
Korleis kunne krossfararane
tenkje på dette som ein type kristen nestekjærleik: å gå til krig for å sikre
det heilage?
Det er vanskeleg å forstå. Likevel må vi prøve å forstå kvifor dei
gjorde det dei gjorde ut ifrå den tidas tankegods og verdsbilde, meiner
Svenungsen.
Mellomaldermennesket hadde eit langt nærare forhold til religion og
det overnaturlege enn det vi har. I dette tilfellet tyder mykje på at dei såg
på det som ei kristen plikt å frigjere det kristne arvelandet.
– Viss vi berre avskriv
krosstoga som ei villfaring, så lærer vi jo ikkje noko om kva krefter og idear som
skapte desse hendingane. Dei som invaderte, var overtydde om at deira kamp var
rettferdig – nett som vi i dagens verd også ser på mange krigar som
rettferdige, til dømes med utgangspunkt i menneskerettane. Vi har berre ulike
måtar å grunngi dei på.
Erobring
blei følgd av forvirring
Men kva skulle skje når dei kristne
frå nord først hadde erobra landet som ifølgje Bibelen flaut av mjølk av
honning?
Det hadde paven ikkje sagt noko om, så dei fleste av krossfararane
reiste berre heim igjen.
Det latinske kongedømmet, som varte i kring 200 år,
blei heller kaotisk. Men med tida voks det fram ein type grensesamfunn sett
saman av folk frå mange ulike trusretningar. Før hadde den austlege verda kalla
alle europearar for frankarar, mens dei frå vest kalla alle frå aust for
sarasenarar. Begge partar putta kvarandre i bås og dyrka ville fordommar om
kvarandre. Men no tok dei til å bli kjent, og dei tok til å handle med
kvarandre.
Krig blei dermed avløyst av periodar med fred, aukande toleranse og
kulturell utveksling.
– Handelsrutene mot aust blei
opna for europearar, og dei fekk tilgang på Silkevegen. Inntil då hadde
kontinentet vore ein utkant, ein bakgard, men no gjekk Europa inn i ein periode
der det søkte utover. Den vitskaplege utviklinga blei veldig rik som følge
av dette, fortel Svenungsen.
– Vi ser på oss sjølve som
etterslekta av desse menneska. Då er det viktig å forstå korleis kulturen og
levemåten deira blei drastisk omforma som følgje av krosstoga.
Jarlen i
gjørma
Annonse
Ein av favorittepisodane hans
frå denne historiske tida handlar om jarlen Erling Skakke. Namnet fekk han mens
han var på krosstog saman med Orknøyjarlen Ragnvald Kale Kolsson i 1150-åra.
Under ein kamp med eit stort muslimsk skip utanfor Spania fekk
han eit hogg i halsen. Det gjorde at han frå då av heldt hovudet litt skeivt.
Historia hans er godt skildra i Orknøysagaene.
Han drog også til det heilage
landet, men utan å slåst sidan det store offisielle krosstoget alt var over då.
På heimvegen stoppa Erling Skakke og mannskapet hans innom ein plass i det
bysantiske riket der dei gjekk på ein ordentleg rangel. Det var i eit veldig
gjørmete område der dei brukte bordplankar til gangveg.
Ein full Erling Skakke
møtte ifølgje sagaen på nokre grekarar som kom i motsett retning. Då han nekta
å flytte på seg for å sleppe dei fram, dytta dei han ned i gjørma. Dagen etter
lo mannskapet mykje av han og gjorde narr av denne lite stolte episoden.
– Kvifor har dei teke med
dette i sagaen, som eigentleg skal heidre mannen han handlar om? undrar
Svenungsen.
– Eg heng meg opp i alt slikt
som er rart eller morosamt. Anten det er større fenomen eller at nokon drikk
seg fulle i Konstantinopel. Det er fort gjort å tenke at fortida er så
høgtideleg og høgverdig. Men så viser det seg at ho full av menneskelege tabbar,
ho også.
Ein ny
livsstil
Nett som legobygginga har
fått han til å undre seg over nye sider av historia, har den også leia til ein
ny livsstil for Pål Berg Svenungsen.
Dessutan også: for kjærasten hans. Å
stadig kjøpe inn legofigurar med antrekk og tilbehøyr som passar inn i
mellomalderen, har blitt ein temmeleg kostbar affære, noko han iblant får høyre
heime. Men han må berre.
Ein annan ting han berre må
no, er å orientere seg grundig i framkant av reiser. Finst det nokre ruinar,
kyrkjer eller katedralar dei kan oppsøke der dei skal?
Han har teke med seg
vikingar og pilegrimar i legoform kringom i heile Noreg og teke bilde framfor
alle stavkyrkjer mellom Sogn og Austlandet.
– Då er eg heldig med at eg
har ein veldig tolmodig kjærast som er villig til å stoppe ved sju, åtte
kyrkjer på vegen. Ho held legofiguren mens eg tek bilde. Men eg må vite når nok
er nok.