Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - les mer.

Å vere i klasserommet var for det meste miserabel for Kenneth Bruvik. Unntaket var timane i tre- og metall-sløyd – der kjente han at han fekk til noko.

Elevar som fell utanfor:
– Eg mista heilt trua på meg sjølv. At eg skulle greie å få meg ein kjærast, ein jobb, eit liv

Sjølv dei ungdommane som alle har gitt opp, kan få tilbake trua på seg sjølve, viser forsking.

Publisert

Kenneth Bruvik er ein ruvande mann, to meter høg med store hender og eit stort smil. Likevel veit han altfor godt kva det vil seie å kjenne seg liten. Gjennom det meste av skulegangen gjorde han det.

– Viss eg såg tekstar, var det berre massevis av ord. Tal var litt betre, men det var ikkje bra med dei heller. Eg fann ingen flyt i dei, seier han.

Om kveldane låg han i senga og kvidde seg til neste skuledag, tenkte at han ikkje kom til å få til noko. Han forstod ikkje samanhengane i det som stod på sidene i skulebøkene, så etter kvart slutta han like godt å opne dei. I staden snakka han. Mykje. 

Unge Kenneth var som eit gnagsår for lærarane på Fjell ungdomsskule utanfor Bergen, seier han sjølv. Dei ante ikkje kva dei skulle gjere med han.

Dei prøvde sitt beste, lærarane: gav han spesialundervisning, ekstra lesetrening, oppfølging. Men det hjelpte ikkje i det heile.

I staden blei tre uventa ting redninga:

Sjøen.

Vaktmeisteren.

To setningar læraren hans ein gong sa om han.

Den øydeleggande ulikskapen

Korleis lage eit utdanningssystem som støttar og stimulerer alle barn slik at dei blir i stand til å delta på lik linje i samfunnet? 

Det er spørsmålet som ligg til grunn for eit europeisk forskingsprosjekt. Blant forskarar frå ni ulike land er Solvejg Jobst og Ivan Tokheim ved Høgskulen på Vestlandet.

Det forskarane i prosjektet ser nærmare på, er alternative praksisar i skulevesenet: nyskapande måtar å lære på som skal hjelpe dei elevane som ikkje taklar tradisjonelle undervisningsformer så bra. 

Forskinga på desse praksisane skal munne ut i råd til nasjonale styresmakter i dei ni landa om korleis alle barn kan få den støtta og dei tenestene dei treng, både i utdanninga og i sin eigen danningsprosess.

Mann med ryggen til vendt mot en bygning
Då Kenneth Bruvik var skuleelev, låg han ofte vaken på kveldane og kvidde seg til neste dag. Han tok til å miste trua på at han kunne få seg ei god framtid.

Elevane som strevar, gjer det på mange forskjellige måtar. Nokre har lærevanskar. Andre har utvikla ei vanskeleg åtferd – er valdelege og utagerande. Andre igjen har trekt seg heilt inn i seg sjølve, strevar psykisk, har sjølvmordstankar. Ein del kjem frå utrygge heimar. 

Variasjonane er store, men alle har dei ein ting til felles:

– Dei har mista handlekrafta si. Desse barna og ungdommane har mislykkast på skulen over så lang tid at dei har fått øydelagt trua på seg sjølve. Dermed klarer dei ikkje lenger å ta ansvar for seg sjølve eller ta gode avgjerder, seier Ivan Tokheim.

– Men dette er mogleg å gjere noko med. Sjølv i dei aller vanskelegaste tilfella.

Han som elska sjøen

Eit alternativt undervisningsopplegga som Jobst og Tokheim har forska på i lag med fleire andre kollegaer, berer namnet TAM. Forkortinga står for «Trygghet, ansvar og mestring», og det har eksistert i snart 26 år. 

Barn og unge mellom 5. og 10. klasse i Sotra-skulane kan søke om å få dette tilbodet. For tida tek 30 elevar del i prosjektet. 

Ein dag i veka er dei på utplassering og jobbar i små grupper, driv med maritime aktivitetar: fiskar, tek båtførarprøven og ryddar strendene for søppel, mellom anna.

Mannen som for eit kvart hundreår sidan starta dette opplegget, er Kenneth Bruvik.

– Eg har vakse opp ved sjøen. Nede i fjæra følte eg meg heime, mykje meir enn andre plassar, seier han.

Etter miserable ungdomsskuleår var det mot sjøen han søkte seg, vekk frå skule. Først jobba han ei stund på ein ringnotsnurpar. Sidan var han nokre år ved ei mekanisk bedrift. Dette var lykkelege år: å få jobbe praktisk, bruke nevane. 

Han som gjennom skuleåra for det meste hadde kjent seg ubrukeleg, merkte no at han var god på noko. Veldig god. Var det eitt eller anna som trong å fiksast, så fann Bruvik mest sannsynleg ein måte å fikse det på.

Mann klemmer et tre
Når barna får være i skogen eller ved sjøen, skjer det noko med dei. Ofte gir dei slepp på spenningane dei har gått rundt med. – Naturen er min beste assistent, utan samanlikning, seier Bruvik.

Men så hadde han ein draum som gjekk utover det å fikse ting. Han ville så gjerne starte opp eit opplegg for barn og unge for å engasjere dei i sjø og natur så dei også kunne få oppleve den same gleda som han sjølv hadde hatt. Så han gjekk til jeger- og fiskarforbundet og spurte dei om dei ville vere med på det. Det ville dei.

– I starten hadde vi med oss skuleklasser ut. Men ganske snart såg vi at det fanst ein del ungdommar som trong noko ekstra. Så vi tok til å rette opplegget mot dei.

Gøymde inni hettegenserar

Kva betyr det eigentleg å gå på skulen år etter år og kjenne at du ikkje får til noko i det heile?

– Det er som å få flatneven i fjeset kvar einaste dag. Til slutt hadde eg ikkje lenger lyst til å gå på skulen. Eg mista heilt trua på meg sjølv: at eg skulle greie å få meg ein kjærast, ein jobb, eit liv, seier Kenneth Bruvik.

Slik kjenner han seg igjen i så mange av dei han møter gjennom TAM.

– Eg veit kva håpløysa er.

Mange av dei som kjem til TAM, flest gutar, likar å gå i store hettegenserar. Veldig mange av dei gøymer seg i starten inni den. Dei drar gjerne hetta heilt ned over fjeset slik at andre berre så vidt kan skimte munnen deira. 

Dei søkjer ly på det viset, for dei forventar ingenting godt frå verda. Kva gjer ein då, for å nå inn til dei?

– Eg kjenner det mørket dei er i. Når eg ser det, veit eg at eg har ein jobb å gjere. Eg begynner med munnen, sidan det berre er han eg kan sjå, seier Bruvik.

– Først bruker eg nokre tilnærmingar for å få rørsle i den nedste delen av fjeset deira. Etter kvart som det kjem lyd i munnen, så tek gjerne hetta til å sige oppover. Då ser eg nokre auge. Etter ei tid kan det hende at det kjem ei samhandling mellom munnen og auga. Smilet kan kome i lag med eit glimt i auga. Då tennast små glør og gnistar.

Denne prosessen med å få ein ungdom ut av hetta si kan ta lang tid – av og til, så mykje som eit år. Men det er verdt det for Kenneth Bruvik. Å sjå slike glør og gnistar er det han lever og ander for.

Arva frå vaktmeisteren

Vi må tilbake til vaktmeisteren på Fjell ungdomsskule. Sjølv om skuletida var ei pine for den unge Kenneth, var denne mannen eit stort lyspunkt. Han skulle komme til å gjere ein avgjerande forskjell for denne guten som ingen andre visste kva dei skulle gjere med. 

Bruvik veit ikkje korleis det skjedde – om det var noko rektor foreslo eller om vaktmeisteren av seg sjølv tok initiativ til å dra han med seg. Uansett var det klokt.

Iblant fekk han gå ut av timen for å vere med vaktmeisteren og gjere praktiske gjeremål kringom på skulen. Slik opplevde ungguten gleda over å bruke hendene sine. Plutseleg var ting ikkje så vanskelege lenger – han såg at han kunne vere med på å gjere noko nyttig.

No brukar han den metoden med ungdommane i TAM.

– Eg har til gode å møte eit menneske som ikkje veit korleis gjere noko praktisk, seier Bruvik.

– Og i den augneblinken du gjer eit praktisk stykke arbeid, skjer det noko fint: Du får ei visuell oppleving av å oppnå noko. Det har mykje å seie. Difor er eg alltid rask med å gi elevar ei praktisk oppgåve. Sidan kan eg begynne å sjå etter dei sterke sidene deira, for dei finst alltid. Kva likar dei, kva er dei gode på?

Handlekraftas treklang

I møte med dei pedagogiske praksisane i TAM har Ivan Tokheim og kollegaene hans særleg brukt det sosiologiske omgrepet «agency»– handlekraft – for å forstå kva som skjer med deltakarane i opplegget. 

Hypotesen om «The Chordal Triad of Agency» blei utvikla av forskarane Emirbayer og Mische i 1998. Handlekraftas treklang, har Tokheim omsett dette til.

– Du kan sjå det som at handlekrafta har tre forskjellige element i seg, eller tre tonar, om vi skal tenkje treklang, seier Tokheim. 

Den første tonen handlar om å skape trygge rammer, for ingen kan handle særleg bra i verda utan å kjenne seg trygg. Denne tryggleiken skaper dei i TAM ved å vere roleg til stades som vaksenpersonar og ved å gje oppgåver som dei unge meistrar. 

Terskelen for å kjenne meistring er låg, og dei får anerkjenning og respekt frå første dag. Dei jobbar dessutan i små grupper med mange vaksne til stades. Slik får dei ein heilt annan grad av støtte og merksemd enn i klasserommet.

Den andre tonen dreier seg om framtidstru. Elevane som er i fare for å falle ut av skulen, har som regel mista trua på at framtida deira kan bli god. Men gjennom å få til stadig nye oppgåver i TAM og få gode tilbakemeldingar, vinn dei att trua på seg sjølve. 

Mange kjem tilbake til den vanlege skulen etter utplasseringsdagen sin og fortel stolt om kva dei har gjort ute ved sjøen. Enkelte får også betre karakterar i faga, trass i at dei går glipp av ein del vanlege skuletimar.

Når desse to tonane kling saman – trygge rammer og framtidstru – kjem det også til ein tredje: ein ny måte å sjå notida på. Når du kjenner deg trygg og greier å sjå føre deg ei framtid for deg sjølv, får du ei kjensle av retning, eit kompass for ditt eige liv. 

Dermed kan du sjå nærare på det du gjer her og no og utvikle ei dømmekraft kring det. Du vil naturleg begynne å evaluere handlingane dine og velje kva du trur vil hjelpe deg framover. Slik blir du rusta til å ta betre val.

– TAM har ikkje hatt dette rammeverket i hovudet, men likevel har dei jobba heilt intuitivt med nettopp desse tre stega for å bygge opp handlekrafta i ungdommane. Eg meiner det er difor opplegget har vore ein slik enorm suksess, seier Tokheim.

Det læraren sa

Å bli sett for den du er: Det kan høyrest banalt ut. Men likevel er dette kjernen i kva som skal til for at eit menneske skal få bløme. Vaktmeisteren hadde mykje å seie. Men det hadde også klasselæraren. Bruvik hugsar enno orda han ein gong sa til mor hans, mens vesle Kenneth høyrde på: «Eg er ikkje uroa for Kenneth. Han kjem til å klare seg.»

– Det er utruleg kor mykje det betyr – at nokon seier dei har tru på deg. Eg berer dei orda med meg enno, førti år etter, seier han.

No passar han på å gjere det same med sine eigne elevar. Viss dei har gjort ei oppgåve bra, vil han at dei skal vite det. Dei treng så veldig det anerkjennande blikket på seg. Få av dei har særleg erfaring med å bli sett på det viset.

– På veg til lunsj eller i ein annan slik augneblink vekke frå resten av flokken kan det hende eg seier til den personen: «Du, det du gjorde i dag tidleg, det var bra. Tenk litt over det gode du gjorde.»

Vegen fram til den gode handlinga, sjølv om han var enkel, har ofte vore svært lang. Barna Bruvik jobbar med, har vore rekna som fortapte av omgjevnadene sine. 

Ein av dei helste han første dag med orda: «Eg kan knuse trynet ditt». Då svarte Bruvik at både han og dei andre vaksne var der for å hjelpe han.

Den same guten heldt ein gong på å ryke rett på ein annan etter han fekk ein pinne i auget i ein leikeslåstkamp. Då heldt Bruvik han tilbake i armane sine. Han heldt fast, men sleppte også litt opp så guten ikkje skulle kjenne seg låst. 

Då guten prøvde å fare fram igjen med neven heva, heldt han igjen fast. Til slutt tok han heile den store guten ned på fanget, sat der litt med han mens han roa seg. 

Sidan spurte han: «Kva treng du frå ein vaksen no?» Guten svarte: «Akkurat det du ga meg.»

– På innsida av dei er det som regel berre ein liten, redd unge. Det veit eg. Difor har eg aldri frykta nokon av elevane mine.

– Alle bør få denne sjansen

Forskarane Ivan Tokheim og Solvejg Jobst har trekt ein tydeleg konklusjon etter forskinga på TAM: Eit slikt alternativ bør vere på plass ved alle norske skular. Det må til for at dei skal lykkast med inkludering og danning, og for at alle barn skal rustast til å meistre livet sitt i samfunnet.

Forskerne Solvejg Jobst og Ivan Tokheim ved Høgskulen på Vestlandet.
Forskarane Solvejg Jobst og Ivan Tokheim ved Høgskulen på Vestlandet seier at det er mogleg å gjere noko med dei som har mista trua på seg sjølve. (Foto: Siri Helena Halvorsen)

Så langt har dei intervjua vaksenpersonar – instruktørane i TAM og lærarane på skulen. Dei er heilt eintydige på at dette verkar. I neste omgang ønskjer dei å intervjue elevane sjølve for å få innsikt i korleis dei opplever det.

– TAM har noko til felles med fleire andre banebrytande praksisar i europeisk skulevesen. Anerkjenning av barnet er kjernen i dei. Her ligg nøkkelen til kva som kan gjere utdanningssystem over heile Europa meir inkluderande og rettferdige, seier Jobst.

Portrett av forsker
Professor Solvejg Jobst leiar den norske delen av det europeiske forskingsprosjektet PIONEERED. Forskarar frå ni land ser på kva som skal til for å skape eit meir inkluderande skulevesen.

– Vår klare tilråding er at vi må begynne å koordinere norske tilbod av dette slaget for å styrke dei. Kanskje vi kan begynne på Vestlandet. Målet må vere at dette blir ein integrert del av norsk skulevesen.

Allereie i dag finst det mange liknande opplegg kringom i norske grunnskular. Nokre er privat drivne og dugnadsbaserte. Andre er kommunale tilbod. Til felles har dei at elevane gjerne blir tekne med vekk frå skulen til ein annan stad der dei får jobbe med praktiske oppgåver. 

Opplegga er sårbare, avhengige som dei er av politisk støtte eller lokale eldsjeler for å få halde fram.

Ei ulempe med dei er også at dei er dyre. Ved TAM er vaksentettleika mykje høgare enn på skulen. Dei er avhengige av utstyr slik som båtar, drivstoff, tau og fiskeutstyr. 

Sjølv er Bruvik ikkje ein augneblink i tvil om at det likevel løner seg å satse så mykje:

– Viss du tenkjer frå vogge til grav, så er eit liv som går i dass enormt dyrt. Det blir lett tretti millionar betalt av fellesskapet. Eg er viss på at vi sparer samfunnet for enorme summar ved å i staden hjelpe desse elevane til å bli gagns menneske, seier han.

Ingen vegger, ingen tak

Så mange gongar gjennom åra har Bruvik fått lyst til å putte elevar i bukselomma si og ta dei med heim.

– Nokre av dei, men ikkje alle, har foreldre som strevar. Då forplantar det seg. Eg vil bryte den arva, seier han.

Han trur ikkje det berre er måten dei møter barna på som gjer ein forskjell. Omgjevnadene betyr også enormt mykje – berre det å komme seg ut. 

I dei ungdommane som er heilt lukka, ser han korleis dette er med på å opne dei opp. I møte med skogen og sjøen skjer det noko med pusten deira, tempoet på pusten. Kroppen blir rolegare.

– Eg har ikkje tak, vegger eller golv. Eg har naturen. Du får ikkje den pustestoppen her som du kan få inne i eit klasserom eller eit kontor, seier han.

– Av og til er det nydelege soloppgonger med eit raudt skjer i seg og lite vind. Andre gongar er det mykje vind, store bølgjer. Alt det vakre, alt det som endrar seg frå dag til dag, det påverkar ungane litt, skyv dei i ei litt anna retning. Og den vesle forskjellen kan bety alt.

Nokre av ungdommane blir så rolege at dei fell i søvn. Dei kan sitje i båten og sove gjennom ein heil dag. 

– Det handlar ikkje om latskap, seier Bruvik, men at dei har vore heilt utslitne før dei kom til han. Skuldra deira har vore høgt oppe, kroppen full av spenningar. Dei har strevd så mykje i kvardagen. Først no greier dei å slappe av.

Når roa blir så djup at dei sovnar, er det eit teikn på at dei tek til å kjenne seg som ein del av fellesskapet, av verda rundt seg. Det meiner Bruvik. Og at desse barna skal føle dei høyrer heime på det viset, er det fremste målet hans.

– Viss dei kjenner at dei er verdifulle, då bråkar ikkje folk. Så enkelt er det.

Om forskingsprosjektet

Det europeiske forskingsprosjektet PIONEERED er støtta av EUs Horisont 2020-program og involverer forskarar frå ni ulike land. Professor Solvejg Jobst leiar den norske delen av prosjektet.

 

Powered by Labrador CMS