Denne artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - les mer.

Forskar Ulrike Bayr på feltarbeid i Hjartdal, Vestfold og Telemark.

Vår tids teknologi gir gamle landskapsfoto ny verdi

Med dagens teknologi kan vi hente ut ny informasjon frå gamle landskapsfoto. Skjulte data kjem fram frå eldre fotografi ved å kartfeste bildepunkt. Det er mogleg gjennom bruk av metoden monoplotting.

Poenget med å kople informasjon frå gamle landskapsfoto og med dagens flyfoto, eller andre høgdefoto, er todelt.

På den eine sida kan ein kartfeste og kvantifisere landskapsendringar langt tilbake i tid – til før vår tids høgdebilde som gjer slikt «automatisk». I tillegg kan formidlaren dra nytte av dei forteljande eigenskapane i landskapsbildet.

Opplevinga av eit landskap

Doktorgradsstipendiat Ulrike Bayr ved avdelinga for landskapsovervaking på NIBIO meiner gode landskapsbilde er uslåelege formidlingskanalar.

– Vi menneske opplever landskapsfoto og flyfoto veldig forskjellig. Vi kjenner oss fortare igjen i landskapet som er fotografert frå vårt eige utgangspunkt. Vi er koda med ein menneskeleg målestokk som gjer at vi opplever landskapet annleis i eit skråbilde, altså landskapsbilde, med låg innfallsvinkel, enn når vi ser det i flymålestokk med høg innfallsvinkel.

Som ein del av doktorgraden sin har Bayr prøvd ut ein visuell formidlingsmetode som trekker vekslar på informasjonen både i eldre landskapsbilde og nye flybilde.

– Eg ønskjer å bruke formidlingskrafta i dei gamle landskapsbilda til å vise landskapsendringar bakover i tid. Ikkje ved å samanlikne før og no-bilde, men ved å hente ut skjult arealinformasjon som ligg lagra i eldre fotografisk materiale, seier ho.

Monoplotting gjer det mogleg å kartleggje areal direkte på eit landskapsfoto (A) ved å kartfeste bildepunkt og deretter kombinere dei med andre geodata frå flyfoto (B). Resultatet kan førast tilbake til skråperspektivet og leggjast over landskapsbildet for visualisering og formidling (C).

Synergi av å kople landskapsfoto og høgdefoto

Forskaren Bayr ser dei to bildekjeldene, gamle landskapsbilde og moderne høgdefoto, som supplement til kvarandre.

Ved å bruke dei i kombinasjon blir resultatet eit anna enn det som er mogleg å ta ut frå kvar kjelde for seg.

– Skråperspektivet i eit landskapsbilde gjer romlege analysar vanskelege fordi areala er forskyvde i forhold til kvarandre. Den skjulte arealinformasjonen får vi fram ved å kople geografisk informasjon frå høgdebilde saman med utvalde bildepunkt eller pikslar, i dei gamle landskapsbilda, fortel Bayr.

Bindeleddet mellom dei to formene for fotografisk materiale heiter monoplotting.

Det er ein metode forskaren har brukt for å utstyre eldre landskapsbilde med koordinatfesta, geografiske punkt. Punkta gir grunnlag for å rekne ut storleik av ulike flater i landskapet.

Ho vurderer nytteverdien av metoden å vere størst ved bruk på landskapsbilde frå før tida da flyfoto blei vanlege. På den måten hentar ein ut bonus-informasjon frå eldre, analogt fotomateriale. Og ny kunnskap oppstår frå gamle bilde ved hjelp av dagens teknologi.

Korleis er metoden nyttig?

Seniorrådgjevar Arne Farup ved Landbruks- og reindriftsavdelinga til statsforvaltaren i Nordland er begeistra for ein slik formidlingsmetode.

– I arbeidet mitt med kulturlandskap og miljøtilskot i jordbruket, er landskapsendring og skjøtsel ein del av kvardagen. Vi treng også å formidle om endringane som skjer, og om at det hjelper å gjere noko – vise at tiltak nyttar.

Farup legg spesiell vekt på betydninga av visuell formidling, å dokumentere gjennom bildebruk.

– Det kunne vere spennande å prøve ut metoden i eit av dei fire utvalde kulturlandskapa i Nordland eller i Vegaøyan verdsarvområde.

Han er ikkje i tvil om at metoden kan vise seg verdfull innan undervisning, museumsformidling og andre formidlingsarenaer.

Referanse:

Ulrike Bayr: Quantifying historical landscape change with repeat photography: an accuracy assessment of geospatial data obtained through monoplotting. International Journal of Geographical Information Science, 2021.

Om monoplotting

Eit grunnleggjande prinsipp i monoplotting er at kvart pildepunkt (piksel) i eit vanleg fotografi tilsvarer ein reell posisjon med eintydige geografiske koordinatar.

Føremålet med å bruke monoplotting er å kople eit utval slike punkt i fotografiet til den faktiske geografiske posisjonen for å kunne berekne orientering og perspektiv i bildet samanlikna med det vi ser.

Denne prosessen kallar vi «georeferering».

Monoplotting av landskapsfotografi krev ein høgoppløyst terrengmodell (1 m) og eit ortofoto (t.d. flyfoto) av same område som landskapsbildet dekker.

For å kunne passe bildet inn i eit geografisk koordinatsystem, er det nødvendig å identifisere minst fem tydelege referansepunkt - «ground control points». Slike punkt kan vere enkelte tre, stolpar, steinblokker, hushjørne eller vegkryss.

Powered by Labrador CMS