Denne artikkelen er produsert og finansiert av Vestlandsforsking - les mer.

Ein ny iPhone inneheld nesten halvparten av grunnstoffa i den periodiske tabellen. Mange av stoffa er sjeldne og få blir gjenvunne.
Ein ny iPhone inneheld nesten halvparten av grunnstoffa i den periodiske tabellen. Mange av stoffa er sjeldne og få blir gjenvunne.

Slik belastar mobilen din klima og miljø

At stadig fleire av oss brukar smarttelefonar til stadig meir, er dårleg nytt både for klima og miljø.

Norske husstandar får i snitt ein ny mobil i året, og innan utgangen av 2021 vil halvparten av innbyggarane i verda bruke smarttelefon.

– Kvar enkelt mobil er ikkje så ille for miljøet. Problema kjem når det blir så vanvettig mange av eit produkt, og når vi berre brukar dei i nokre år. Då får det konsekvensar, seier forskar Hans Jakob Walnum ved Vestlandsforsking.

Han har sett nærare på korleis dei stadig fleire smarttelefonane påverkar miljø og klima. Metoden tek for seg heile livsløpet til produktet, frå mobilen blir produsert til han blir avfall. Slik får ein med viktige punkt som korleis delane og den ferdige mobilen er blitt frakta rundt i verda, det vi brukar han til og ikkje minst kva som skjer på søppeldynga.

– Produksjon er ein ting, men heile livsløpet må med for å få eit fullstendig bilete, seier Walnum.

Nesten halvparten av grunnstoffa

Lat oss starte med det som gir deg den lekre, fargerike skjermen. For når du fører fingertuppen din lett over glaset, kan du takke eit knippe sjeldne jordmetall, truleg henta ut av bakken ein stad i Kina.

I det heile tatt trengst det ei lang liste med stoff for å få mobilen til å fungere: På utsida er aluminium vanlegast, inni skjuler det seg mindre kjende stoff som neodym, praseodym og dysprosium, som gir lyd og vibrasjon. Batteriet treng både kobolt, grafitt og litium. I prosessoren er det silikon som er tilsett både fosfor, antimon, arsen, bor, indium og gallium.

– Ein iPhone inneheld faktisk nesten halvparten av grunnstoffa. Det kinkige er at desse ressursane ikkje er fornybare. Berre ein brøkdel av det som finst i telefonen, blir gjenvunne – og ein gong er det tomt, seier Walnum.

Farleg gruvearbeid

Dei fleste av stoffa stammar frå gruver i Sør-Amerika, Afrika og Asia der vi veit at både miljø- og arbeidsforhold kan vere elendige. Eit kjent eksempel er koboltgruvene i Kongo, der barn jobbar under livsfarlege forhold.

I 2019 gjekk fleire kongolesiske foreldre til sak mot store, amerikanske teknologiselskap etter at borna deira hadde døydd i slike gruver.

I 2019 vart det produsert 1,5 milliardar nye smarttelefonar i verda. Det gav eit klimagassutslepp på 68 millionar tonn CO2-ekvivalenter, som er 1,3 gonger Norge sitt samla utslepp av klimagassar.
I 2019 vart det produsert 1,5 milliardar nye smarttelefonar i verda. Det gav eit klimagassutslepp på 68 millionar tonn CO2-ekvivalenter, som er 1,3 gonger Norge sitt samla utslepp av klimagassar.

Produsert ulike stader

Slektstavla til kvar ein mobiltelefon er nokså komplisert. Og sjølv om vi flyttar blikket frå enkeltstoffa inni enkeltdelane i mobilen, kan vi ikkje seie at han kjem frå ein fabrikk i eitt enkelt land.

– Ein typisk mobil blir sett saman av delar frå kanskje fem fabrikkar i tre ulike verdsdelar, seier Walnum.

Produsentar flest har fabrikkane sine i Asia, og difor er det der delane blir pusla saman. Dette krev ein heil del transport, som fører til utslepp av klimagassar. Fordi det i tillegg går med ein del energi frå ikkje-fornybare energikjelder ved dei asiatiske fabrikkane, må vi legge til klimagassutslepp.

I tillegg brukar fabrikkane store mengder vatn for å reinse metalla. Dette vatnet må etterpå reknast som farleg avfall. På toppen kjem «vanleg» forureining frå transport.

Hans Jakob Walnum meiner at vi bør la mobilen vare lenge før bytte til ny.
Hans Jakob Walnum meiner at vi bør la mobilen vare lenge før bytte til ny.

Har gått over til flytransport

Sidan koronapandemien starta, har vi i Vesten fått merke korleis varestraumen frå Asia stoppar opp når grenser stenger. Det meste av nye elektronikkprodukt kjem derifrå, og korleis det blir frakta, spelar ei stor rolle.

No kan ein ny trend ha slått rot.

– Det overraska meg stort då eg fekk nyss om at flyfrakt er i ferd med å overta for containerskip, seier Walnum.

Han seier konkurransen om å få varene ut raskt er blitt hardare. Fly i staden for skip får klimautsleppa til å auke dramatisk:

– For klimaet er flyfrakt opptil 100 gonger verre enn skip, forklarer forskaren.

Lagrar data i skyer og hallar

I takt med at smarttelefonen din er blitt raskare og skjermen betre, kan du dessutan bruke han til stadig meir.

På ein vanleg dag strøymer dei fleste av oss videoar, spelar av podcastar og surfar på sosiale medium. Vi tekstar, sender e-post, surfar på Facebook, les nyheiter og tek bilete. Og veldig mykje anna.

Til saman, og i det lange løpet, utgjer dette faktisk litt for klima og miljø:

– Brukar du mobilen til strøyming i ein time kvar dag, gir det eit årleg klimagassutslepp på mellom 10 og 20 kilo CO2-ekvivalentar, opplyser Walnum.

Lagrar du noko på mobilen, er det nemleg i den såkalla «skya» det ligg – altså i eit digert datasenter ein eller annan stad i verda. I slike hallar durar store maskinparkar anten på fornybar eller ikkje-fornybar energi. Det betyr igjen utslepp av CO2. Jo meir vi lagrar og strøymer, jo større utslepp.

Rivande utvikling

Akkurat kor mykje den daglege mobilbruken kostar klimaet, let seg ikkje talfeste nøyaktig før forskarane veit meir om datasenter og miljø. Walnum anslår at vi snakkar om ei dobling av utslepp dersom mobilbrukaren strøymer innhald ein time per dag, samanlikna med å la vere.

– I dag står datasenter for rundt ein prosent av energibruken i verda. Smarttelefonar er blant det som driv utsleppa til vêrs, fortel Walnum.

Forskaren er spent på om energieffektiviseringa greier å halde tritt med veksten i datastrøyming.

– Det nye 5G-nettet gjere det mogeleg for oss å strøyme utrulege mengder data i sekundet, truleg 10 til 15 gonger meir enn det som er vanleg i dag.

Svart økonomi for brukt elektronikk

Etter at mobilen har gjort sitt, burde han ideelt sett gå til gjenvinning. Ofte blir det ikkje slik. I nordiske land er vi relativt gode til å samle inn mobilar, men slik er det ikkje alle stader.

– Uansett er mobilane etter kvart så komplekst laga at det er for vanskeleg å vinne att alt som er i dei, seier forskaren.

Det betyr at store metallressursar går til spille, samtidig som verda går mot mangel på enkelte av stoffa.

Det finst likevel ein stor, svart økonomi for brukt elektronikk. Rundt søppeldyngene i Ghanas hovudstad Accra, til dømes, jobbar folk – utan ordentleg verneutstyr – med å smelte ut dei mest verdifulle metalla for å selje dei.

Resten blir til farleg avfall som skadar både menneske, dyr og miljø der det blir dumpa.

Still krav

Kven sitt ansvar er det at dei mobilane våre set eit så beksvart avtrykk i verda? Produsentane, sjølvsagt, svarar Walnum. Dei igjen har ansvar for forholda hos underleverandørane sine. Og ikkje minst styresmaktene, som bør gjere det enklare å slutte sirkelen og utnytte innhaldet i brukte mobiltelefonar.

– Forbrukarane treng òg betre tilgang til reparasjon, seier Walnum.

Han hevdar vi kanskje òg må halde styr på vår eiga kjøpelyst. Neste gong mobilen din dreg på åra, ikkje tenk nytt. Tenk nytt batteri, ny skjerm – og vent.

– Vårt største bidrag som forbrukarar er nok å behalde mobilane litt lenger, seier Hans Jakob Walnum.

Referansar:

Hans Jakob Walnum og Anders S.G. Andrae: The internet: Explaining ICT service demand in light of cloud computing technologies. Rethinking Climate and Energy Policies, 2016. DOI:10.1007/978-3-319-38807-6_13

Louis-Philippe P.-V.P.Clément mfl.: Sources of variation in life cycle assessments of smartphones and tablet computers. Environmental Impact Assessment Review, 2020. (Sammendrag) Doi.org/10.1016/j.eiar.2020.106416

Powered by Labrador CMS