Denne artikkelen er produsert og finansiert av Vestlandsforsking - les mer.
Mindre makt til innbyggarane:
Bit for bit tapar natur og klima for økonomi
Utbyggarane har styrka posisjonen sin kraftig på bekostning av naturen og innbyggarane sine interesser.
Nyleg gjekk Vestlandsforsking gjennom forskinga som finst om arealplanlegging og politiske vedtak knytt til arealbruk. Det som kom fram, var ei klar og urovekkande utvikling.
(Foto: Tore Meek / NTB)
Det har skjedd ei glidande endring i kven som står for arealplanlegginga her i landet.
Norsk natur blir bygd ned. Myr for myr,
bit for bit, i kvar einaste kommune.
Til saman blir biletet urovekkande. At
så mykje urørt natur blir borte for alltid, heng saman med måten vi
forvaltar areal på. Og kven av dei ulike interessene i ei sak som i størst grad
blir høyrt.
Nyleg gjekk Vestlandsforsking gjennom forskinga som finst om arealplanlegging og politiske vedtak knytt
til arealbruk.
Det som kom fram, var ei klar og urovekkande utvikling: Utbyggarane
– dei som legg fram ein plan om eit hyttefelt, ein ny veg eller eit
bustadområde – står langt sterkare i desse prosessane enn dei gjorde før.
Innbyggarane
får mindre innverknad
Utbyggarane sørgjer for å påverke
planlegginga på eit tidleg tidspunkt og via uformelle kanalar når det skal
byggast nye hytter, vegar, kraftverk og straumnett, men òg skular, sjukehus og
bustader.
– Når det er utbyggjarane som står for detaljplanlegginga, blir
resultatet at innbyggarane får mindre innverknad på arealbruken enn om
kommunane gjennomfører mesteparten av planlegginga. Det seier seniorforskar Eivind
Brendehaug ved Vestlandsforsking.
Funnet kjem fram i ein ny studie gjennomført
av Vestlandsforsking. Studien er ein del av eit samarbeid med fylkeskommunane på
Vestlandet, fleire kommunar og Norsk institutt for naturforskning.
Uformell dialog
Utbyggarane påverkar også overordna planlegging og avgjerder i kommunane gjennom uformell dialog med
einskilde politikarar.
Argumentasjonen frå utbyggarane er ofte at
lokalsamfunnet har nytte av utbyggingane i form av arbeidsplassar og økonomisk
aktivitet.
– I eit slikt system seier det seg sjølv at natur- og klimaverdiane ofte
vil tape til fordel for dei økonomiske interessene, seier Brendehaug.
Ikkje nøytrale konsekvensutgreiingar
Vestlandsforsking si utgreiing viser òg
at konsekvensutgreiingane, altså utgreiingane som skal vise ulemper og fordelar
av utbygging, ikkje er så nøytrale som mange hevdar.
Evalueringar av desse utgreiingane viser òg
at kvaliteten er svært varierande. Vurderingane av fordelar og ulemper er i
liten grad grunngjevne, trass i at regelverket krev ei grunngjeving.
– Uvisse
og manglande kunnskap får lita merksemd av konsulentane som gjennomfører
utgreiingane. Dei største negative verknadene av naturnedbygginga blir sjeldan
formidla til politikarane. Og generelt blir det gitt lite informasjon om klima-
og miljøtema. Difor er det ikkje grunnlag i forskinga for å hevde at
konsekvensutgreiingar alltid vil gje ei nøytral framstilling av fordelar og
ulemper ved utbygging, seier Brendehaug.
Mangel
på naturdata ikkje einaste forklaring
NRK har i
fleire nylege saker vist at Noreg byggjer ned verdifull natur, trass i klima-
og naturkrisa. Intakt natur bind og lagrar store mengder karbon.
I tillegg bidreg
urørt natur til å styrke oss i møte med klimaendringane, til dømes ved dempe eller
unngå flaum i landskapet rundt naturområda.
Gjennom prosjektet Nyvest skal fylkeskommunane sine metodar for å gi råd til kommunane om arealbruk utviklast. Andre faktorar som påverkar arealbruken, skal også undersøkast.
– Dette var utgangspunktet for at Vestlandsforsking, som del av Nyvest-prosjektet, har oppsummert forsking om kvifor vi byggjer ned natur i stort tempo, seier Brendehaug.
Referanse:
Eivind
Brendehaug og Kyrre Groven: Litteraturstudie om arealbruk, klima og
natur Vilkår for at samspeleffektar mellom klima og natur blir forstått og
vektlagd i politiske avgjerder om arealendring. Vestlandsforsking, 2024.
Les også disse artiklene fra Vestlandsforsking:
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER