Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Vestlandsforsking - les mer.

Grøne investeringar i Honduras: – Selskap må trø varsamt når dei skal investere i land som dette

Honduras er eitt av verdas fattigaste og mest valdelege land. Forskar Joaquin Zenteno Hopp skal utvikle ei slags sjekkliste for norske selskap som kan bidra til at dei unngår å trø feil ved investeringar der.

Solpark
Forskar Joaquin Zenteno Hopp understrekar at det er vesentleg å forstå konteksten i ulike skalaer.
Publisert

Tilgang på ledig areal og store naturressursar. Rimeleg arbeidskraft. Tallause soldagar og etterspurnad etter grøn energi. 

Grunnane til å kaste blikket på Mellom-Amerika er mange for norske og europeiske selskap. Mange prøver seg òg på industriprosjekt knytt til det grøne skiftet, sjølv om dei er klar over at mykje kan gå feil: 

Tenk narkotika, mektige gjengar, korrupsjon, hårfine skilje mellom samfunnselite og lovbrytarar – og ikkje minst: konfliktar om areal der urfolk sjeldan blir høyrde.

Kamp om areal i klimaomstillinga sitt namn

Seniorforskar Joaquin Zenteno Hopp ved Vestlandsforsking har inngåande kjennskap til Mellom-Amerika. Han har jobba i dei fleste landa der, inkludert Honduras. Der studerte han i fire år.

Eit opphald i Honduras i 2024 var bakgrunnen for at Hopp såg nærare på norske investeringar i grøne energiprosjekt. Han fordjupa seg i temaet med midlar frå forskingssenteret Ntrans

Utgangspunktet var ein rapport frå Norsk Folkehjelp om arealkonfliktar.

Portrett forsker
Joaquin Zenteno Hopp.

I rapporten peikte Folkehjelpa på ein tydeleg tendens: Grøne investeringar i norsk regi blir gjort utan forankring i lokalsamfunna som må tole konsekvensane. 

Samtidig haustar dei kommersielle selskapa alle fruktene.

Ved å kanalisere stadig meir bistandsmidlar inn i denne typen prosjekt bidreg Noreg til det Norsk Folkehjelp kallar «en urettferdig omstilling som går på tvers av grunnleggende rettigheter og forsterker dagens strukturelle ulikhet i verden». 

Organisasjonen tek difor til orde for reguleringar. Dei kan sikre at omstillinga blir «sosial og rettferdig».

På tvers av prinsipp for rettferdig omstilling

Det statlege fondet Norfund forvaltar norske investeringar i fornybar energi i utlandet gjennom klimainvesteringsfondet. 

I Honduras har norske næringsaktørar bidrege til å bygge ut to solparkar. Desse ligg i den sørlege delen av landet. Blant medeigarane finn vi Norfund, KLP og fornybar-selskapet Scatec.

– Norsk Folkehjelp peiker på fleire punkt der desse aktørane har gått på tvers av viktige prinsipp for rettferdig omstilling, fortel Hopp. 

Solpark
Forskar Joaquin Zenteno Hopp ønskjer at dei norske selskapa i Honduras skal greie å navigere betre, gjennom auka innsikt.

Han meiner dei norske aktørane valde Honduras fordi landet er lutfattig og treng mykje hjelp utanfrå.

Problemet var at mannen selskapa kjøpte grunn frå, i etterkant viste seg å vere kriminell.

Og det skulle kome meir.

Omstridd demning

Ganske uforvarande, og sikkert med gode intensjonar, har Norfund bidrege til å styrke posisjonen til lyssky aktørar i den honduranske eliten.

Ein sentral partnar i prosjektet knytt til solparkane er forretningsmannen David Castillo Mejia. Han vart etter kvart dømd for meir enn berre korrupsjon. 

Nokre år seinare vart han òg dømt for å ha medverka til drapet på Berta Cáceres. Ho var ein miljø- og urfolksaktivist. Ho vart kjend over heile verda for sin mangeårige motstand mot ei planlagt kraftutbygging.

Berta Cárceres drog i gang ein grasrotkampanje mot planane om å demme opp elva Gualcarque for å bygge demninga Agua Zarca. Vasskraftutbygginga skulle gje det fattige området eit lyft i eit land der 45 prosent av hushald på landsbygda manglar innlagt straum. 

Meir enn halvparten av energibehovet er dessutan dekt av importerte fossile energikjelder. Alt såg lovande ut for den nederlandske utviklingsbanken, FMO, som først satsa på prosjektet.

To menn på tak med solpanel
Det blei mykje oppstyr rundt dei norske selskapa si solpark-investering i Honduras, fortel Hopp.

Problemet var at elva som skulle demmast opp, var heilag for Lenca-folket. Det er den største urfolksgruppa i Honduras. Lenca-folket vart heller ikkje konsultert på rett måte. 

Sjølv om prosjektet vart rekna for å ha minimalt med negative følgjer, ville det ta frå fleire hundre menneske tilgangen på vatn, mat og medisin. Det ville tvinge dei til å flytte frå eit område der dei hadde levd i pakt med naturen i uminnelege tider.

Den lokale utbyggingsaktøren var det heimlege selskapet DESA (Desarrollos Energéticos SA). I tillegg kom det kinesiske, statseigde selskapet Sinohydro, verdas største vasskraftutbyggar.

Nordmennene sin forretningspartnar i solpark-prosjekta viste seg å vere ein av sju som vart dømde for å ha medverka til drapet på urfolksaktivisten som talte Lenca-folket si sak. Berta Cárceres vart drepen i 2016. Dommen fall to år seinare.

Lite att for tapet av land

Det blei mykje oppstyr rundt dei norske selskapa si solpark-investering, fortel Hopp.

– Dei norske selskapa fekk krass kritikk for ikkje å ha gjort grundige nok undersøkingar før kjøpet av areal i 2015.

Forretningspartnaren deira var alt mistenkt for lovbrot på dette tidspunktet. 

Men historia stoppar ikkje der. I området der solparkane låg, steig misnøya av fleire grunnar.

– Solparkane viste seg å vere til lite nytte for lokalsamfunna rundt. Arbeidsplassane folk var lova, var der berre i starten. Seinare var det berre snakk om to stillingar, seier Hopp. 

Han fortel at folk heller ikkje likte at dei mista tilgangen til heile området der solcellepanela stod. Ingen slapp inn i området meir.

Solparken skulle òg sikre folk i området billeg straum. Det blei det heller ikkje noko av.

– Lokalbefolkninga organiserte seg i protest mot dei mange løftebrota. Ein av leiarane i opprøret tok imot truslar og måtte til slutt reise frå staden.

– Som ofte elles, visste ingen akkurat kven som stod bak truslane, fortel Hopp.

Vanskeleg å gjere intervju

Hopp opplevde stemninga som svært utrygg. Å gjere undersøkingar og intervju var ikkje beintfram når absolutt alle var redde for han, ein utanforståande som snakka språket, men ikkje var lokal. Kunne han vere frå politiet?

Det var mykje å forklare. Mange visste ikkje ein gong kor Noreg låg. Ingen kunne stole på at Hopp snakka sant, slik det gjerne er i Honduras – der det i snitt skjer 253 drap i månaden.

– Eg skjønte at eg måtte vere veldig forsiktig og ikkje spørje om så mykje, fortel han. Difor blei han nøydd til å gjere intervjua sine på ein annan måte. Andre måtte spørje på hans vegner.

Medan han oppheldt seg i området nær solparkane, fann han ut at mannen som blei dømd for drapet på urfolkskvinna, faktisk budde i like i nærleiken.

– Folk fortalde at han slett ikkje sat i fengsel. Tvert om lever han livet sitt på vanleg vis, går inn og ut av fengselet og køyrer ungane sine til skulen, seier Hopp.

– Ikkje nok med eit globalt perspektiv

Om ein ikkje tek skrekken av alle komplikasjonane som kan oppstå når norsk kapital møter røyndomen på bakken i Honduras, kva slags indikatorar kan selskap bruke når dei skal ta avgjerda om å satse eller stå over? 

Dette spørsmålet har Hopp arbeidd med etter opphaldet i Honduras. Planen er å utvikle ei slags sjekkliste for norske selskap som kan bidra til at dei unngår å trø feil.

Hopp understrekar at det er vesentleg å forstå konteksten i ulike skalaer. For å forklare kva han meiner, brukar han solcelleselskapet Scatec som døme: Dei er internasjonale, og dei har eit globalt perspektiv, men sjølv om dei legg vekt på både berekraft og sosial rettferd, er perspektivet deira globalt.

– Akkurat det fungerer ikkje i møte med eit land som Honduras. Der må du velje ein litt annan ståstad. Selskapa må rett og slett ta omsyn til at det aller meste er heilt annleis der samanlikna med heime og elles i verda, understrekar forskaren.

Herja av intern konflikt

Hopp held òg fram konseptet tryggleik for å vise korleis Honduras fungerer og korleis landet skil seg frå det eit internasjonalt selskap gjerne trur dei har framfor seg.

– Oppfatninga av kva som er trygt, er radikalt annleis der. Folk der kjenner seg trygge blant sine eigne. Samtidig er dei til kvar tid alvorleg truga av systemet dei lever under.

Hopp meiner at når det kjem inn selskap som Scatec, må dei forstå at landet er herja av ei rekkje interne konfliktar. Det er til dømes mellom regjeringa og opposisjonen – som begge møter alle utanlandske initiativ med ein viss skepsis – men òg mellom aktørar på lokalt og nasjonalt nivå.

Det er òg spenningar mellom konkurrentar. Store selskap med mykje pengar kan dessutan fort ty til vald. Dei har kontaktar og middel til å angripe både medlemmer av regjeringa, konkurrentar – og til og med sine eigne kundar, sjølv om det høyrest paradoksalt ut.

Kriminelle positive til utanlandske selskap

– Dei med makt syter for at systema er nær kaos og kollaps til kvar tid, for då kan dei få innverknad, seier Hopp. Ute i samfunnet er truslar og vald normalisert og akseptert – som forskaren sjølv har erfart blant vener.

Då han besøkte Honduras i 2005, hadde det gått sju år sidan orkanen «Mitch» herja. Men til Joaquin si forundring såg det framleis ut som orkanen fann stad dagen før.

At ingen hadde rydda opp, kan langt på veg forklarast med den skyhøge korrupsjonen og at narkobaronar og kjeltringar har fingrane sine langt ned i lommene på dei med makt.

– Dei kriminelle er positive til at utanlandske selskap kjem inn i landet. Det byr på sjansar for dei til å vaske skitne pengar. Dermed blir ting vanskelege for selskap frå land som Noreg, seier Joaquin.

Prioriterer annleis enn oss

Selskap som vil investere i Mellom-Amerika, snakkar gjerne om menneskerettar. Men òg eit slikt konsept, som nordmenn oppfattar som universelt, har ein annan klang i Honduras enn i Noreg, seier forskaren.

– Vi tenker gjerne på rettar som tilgang til rein luft og reint vatn, men i Honduras er det få som prioriterer å ta vare på miljø og natur. Folk legg til gjengjeld stor vekt på retten til å ytre seg fritt, protestere og uttrykke ueinigheit, seier han.

Hopp er ikkje oppteken av å felle nokon moralsk dom over satsingane Noreg har vore innblanda i. Det han ønskjer, er at dei norske selskapa skal greie å navigere betre gjennom auka innsikt.

– I Honduras eksisterer det gode og det vonde side om side. Dei er samanfiltra, ikkje kvar for seg, seier Hopp. Folk har vakse opp i eit miljø der dei gjer det dei kan for å overleve. Difor har dei lært seg spelet.

For nordmenn er dette uvant, men forskaren understrekar at folk flest i Honduras har gode verdiar og intensjonar.

– Hovudregelen er likevel at kommersielle selskap må trø veldig, veldig varsamt når dei skal investere i land som dette, seier han.

Referanse:

Peder Ressem Østring, Beate Thoresen og Kari Eliassen: Inequality Watch: The Struggle for Land and Justice in the Green Transition (PDF). Rapport frå Norsk Folkehjelp, 2023. 

Powered by Labrador CMS