Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Vestlandsforsking - les mer.

Mange vil oppleve arktisk natur på nært hald, frå cruiseskip og ekspedisjonsskip.

Innbyggjarane i Longyearbyen set størst pris på turistane på små ekspedisjonsskip

Tidlegare tenkte reiselivet mest på kva turistane ville ha. No tenker dei òg på kva innbyggjarar ønskjer frå cruiseturisme. 

Publisert

Kva har hardangerbygda Eidfjord til felles med den høgarktiske utposten Longyearbyen? Jo, begge er svært populære stoppestader for cruiseskip. 

Det betyr at folketalet på dei små stadene til tider blir mangedobla av passasjerar som stig i land. Dei nyfikne turistane vandrar i området i nokre timar eller dreg vidare på utflukt.

Med det kjem liv og røre og pengar i kassa, men òg fulle gater og kaféar, køar og kaos. 

For mange turistar på ein stad kan i verste fall gjere at eit lokalsamfunn får nok, slik vi har sett på Kanariøyane i vår. Det vil både Eidfjord og Longyearbyen unngå.

Eit nivå folk trivst med

Dermed gjeld det å finne eit nivå av cruisetrafikk som reisemålet kan leve med. På norsk kallar vi dette «tolegrense», på engelsk «carrying capacity». 

Kor grensa går, finst det ulike svar på.

Både Visit Svalbard og Eidfjord kommune har nyleg hyra Vestlandsforsking til å skaffe meir kunnskap som gjer det mogleg å vurdere kor tolegrensa deira som reisemål bør gå. I dette arbeidet kombinerer instituttet kompetanse på berekraftig reiseliv med kunnskap om klima og miljø.

Seniorforskarane Agnes Brudvik Engeset og Kristin Løseth har begge arbeidd med dei ulike sidene ved kva som kan bestemme tolegrensa for cruiseturisme i Longyearbyen.

Bakgrunnen for desse oppdraga er at turiststader som vil kvalifisere seg til Merket for berekraftig reisemål frå Innovasjon Norge, må gjennom ein grundig prosess. 

Innbyggjarsyn på turismen

Dei reisemåla som tek imot cruiseskip, må òg analysere kva staden toler av turisme. Eidfjord kommune er i tillegg med i eit fylkeskommunalt prosjekt om besøksforvaltning. 

Eidfjord sentrum er også viktig innfallsport til Hardangervidda og har lange tradisjonar for turistar som kjem landevegen, som til dømes dei gode, gamle bilturistane eller bubilar. Difor ynskjer Eidfjord å utforske kor mykje kommunen kan handtere av både cruiseturisme og det vi kallar landbasert reiseliv.

Forskar Agnes B. Engeset tykkjer det er interessant at reiselivet tek ei dreiing vekk frå å legge mest vekt på kva turistane vil ha og bryr seg meir om korleis innbyggjarane opplever turisttrykket og ønskjer å ha det i åra framover.

– Det er ikkje berre reiselivsnæringa som skal bestemme. Det skal vere ei slags brei semje bak. Det gjeld å finne fram til det nivået lokalsamfunnet trivst med, seier ho.

Irritasjon enkelte dagar

Korleis ser biletet ut for folk som bur og jobbar i ein av dei nordlegaste tettstadane i verda? Agnes Brudvik Engeset har sett seg inn i det som finst av undersøkingar blant innbyggjarane og gjort eigne intervju i Longyearbyen. Ho fortel at reiselivet på Svalbard gir mange gode som dei fastbuande nyt godt av.

– Turistane bidreg til eit breiare utval av restaurantar, overnattingsstader, aktivitetar og butikkar.

Samtidig kan det bli fullt utanfor toalett og serveringsstader når svære skip med fleire tusen passasjerar legg til ved tettstaden, som berre har rundt 2700 fastbuande.

– Det handlar likevel meir om irritasjon enkelte dagar enn om generell misnøye blant folk, seier ho.

Føretrekker ekspedisjonsskip

Turistane strøymer særleg til Longyearbyen i to periodar: i april og mai kjem det flest nordmenn, og i juli og august dominerer andre nasjonalitetar.

Ein del kjem med store cruiseskip som seglar heile vegen til Svalbard. Samtidig flyr stadig fleire reisande til Longyearbyen for så å gå om bord i mindre ekspedisjonsskip.

Desse skipa bringer turistane nærare kysten og i land på aude stader. Denne gruppa av cruiseturistar legg att mest pengar i Longyearbyen, noko næringslivet merkar på kassaapparata.

– Innbyggjarane i Longyearbyen set òg størst pris på ekspedisjonscruise-turistane, ettersom dei opplever desse turistane som meir genuint interesserte i Svalbard og liva folk lever der, seier Engeset.

Seniorforskarane Agnes Brudvik Engeset og Kristin Løseth har sett på tolegrensene for cruisetrafikk.

Vekst på kant med berekraft

Det er eit «men» ved dei som skal på ekspedisjonscruise, og det gjeld klimagassar.

Sidan alle som går om bord på ekspedisjonsskipa, flyr til Longyearbyen, blir dei samla utsleppa frå skip og fly store. Og ekspedisjonscruiseturismen er i vekst.

Analysar av skipstrafikken i øyriket viser ein stor auke i passasjerkilometer for ekspedisjonsskip dei siste 15 åra. Det reiser eit dilemma for dei som skal vurdere kor tolegrensa går for Longyearbyen: Kan staden kalle seg eit «berekraftig» reisemål samtidig som omfanget, og dermed utsleppa, aukar så mykje? 

Paradokset blir ekstra tydeleg når effektane av klimaendringane er så tydelege nettopp på Svalbard.

Det spesielle med Svalbard er at styresmaktene ønskjer at det skal vere eit slags utstillingsvindauge for forvaltning av høgarktisk villmark, samtidig som dei ønskjer busetting og utvikling, fortel seniorforskar Kristin Løseth.

– Men sidan klimaendringane skjer raskare på Svalbard, er det dessverre òg eit utstillingsvindauge for dramatiske endringar i natur og klima.

Lokalsamfunnet skal setje tolegrensa

Visit Svalbard har vore aktivt med i diskusjonar medan forskarane har bygd opp kunnskapsgrunnlaget for tolegrensene i Longyearbyen. Det blir òg dei som tek drøftinga vidare med lokale aktørar. 

I ein slik dialog er forskarane opptekne av at reiselivet trekker med så mange grupper i lokalsamfunnet som mogeleg.

– Vi bør særleg involvere dei som ikkje har inntekt frå reiselivet, understrekar Engeset.

Forskarane er spente på korleis lokalsamfunnet, næringslivet og lokalstyret vil løyse den gordiske knuten, nemleg balansen mellom lokale utfordringar ved cruisetrafikk og globale klimagassutslepp.

– Svalbard ligg langt nord, og du kjem deg ikkje dit utan fly eller båt. Dermed blir det store utslepp når folk reiser dit for å oppleve det øygruppa har å tilby, seier Engeset.

– Turismen til Longyearbyen set difor spor både i miljø og klima. Men viss vi set ei altfor høg tolegrense, vil det gå imot ei forståing av kva som er berekraftig reiseliv. 

Forskarane lanserer difor omgrepet «moralsk tolegrense». Dei spør retorisk om det er rett av oss å satse på eit reiseliv som fører til høge utslepp: Er dette i tråd med prinsippa for eit berekraftig reiseliv?

Tolegrenser for cruiseturisme

Forskarane la opp kunnskapsgrunnlaget som ei undersøking av sju ulike punkt eller tolegrenser:

1) Juridisk: nasjonalt og Svalbard-spesifikt lovverk

2) Miljø: lokalt og globalt

3) Økonomisk: kor mykje bør ein tene på turismen

4) Hamna: kor mange skip er det rom for

5) Sosialt: innbyggjarar og tilreisande si oppleving

6) Longyearbyen: kva staden har kapasitet til

7) Visuelt: korleis skipa pregar staden visuelt sett

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Powered by Labrador CMS