Mykje meir lakseparasitt

Det som forskarane har trudd at er to parasitt-artar, er i røynda berre ein. Nå vert det enda vanskelegare å finne ut om laksen er truga.

Dei to parasittane som forskarane tidligare har trudd er to ulike arter, visar seg no å vera ein og same art. Det kan få store konsekvensar for forvaltinga av laksen. (Foto: Colourbox)

Flatormen Gyrodactylus salaris, ein parasitt på atlanterhavslaks, vart fyrste gong beskriven i 1957. Den kom til Norge på 1970-talet, og vart umiddelbart ein alvorleg trugsel mot norsk villaks og oppdrettslaks, med store økonomiske konsekvensar.

Derfor har G. salaris vorte ein velkjend parasitt som det er gjort mykje forsking på. Mange tiltak er prøvde. Stoffet rotenon er eit av dei. – Men ingen har vist seg som varige og berekraftige løysingar, seier Bastian Fromm, doktorgradsstipendiat ved Naturhistorisk museum (NHM), Universitetet i Oslo.

Vanskeleg inndeling

Den nære slektningen Gyrodactylus thymalli er spreidd ut over heile Europa. Den lever som parasitt på harr, men i motsetning til G. salaris trugar den ikkje livet til fisken den sit på.

Dermed har den heller ikkje vore gjenstand for like mykje forsking.

Sjølv om det tilsynelatande var snakk om to ulike artar, har det vore utfordrande sjølv for ekspertar å skilja dei frå kvarandre. Identifiseringa er ofte gjort ut frå vertsfisken: ein Gyrodactylus på harr (Thymallus thymallus) er ein thymalli, ein Gyrodactylus på laks (Salmo salar) er ein salaris.

Men inndelinga i to ulike artar har vore omstridd heilt frå starten av, med tvil om dei biologiske forskjellane og vertstilknyting.

Eit såkalla «neighbor joining tree» støttar hypotesen om at Gyrodactylus «thymalli» (blå) og Gyrodactylus salaris (raud) ikkje er to atskilde artar, men berre ein: Gyrodactylus salaris. (Foto: (Ill.: Bastian Fromm, NHM/UiO))

Dei seinaste åra har ei rekkje studiar sett på forholdet mellom artane på molekylært nivå.

Ikkje bevis for noko skilje

– Det er ikkje noko poeng i å snakka om G. salaris og G. thymalli som to ulike artar, slår Bastian Fromm fast.

I desse studiane var det i hovudsak korte såkalla barcode-sekvensar, eller strekkode-sekvensar, som vart brukte til å identifisera fleire stammer av G. salaris og G. thymalli.

Men det var heilt uråd å finna bevis for eit skilje mellom dei to antatte artane med dei molekylære markørane som utgangspunkt.

No har Fromm i doktorgradsarbeidet sitt slått den endelege spikeren i kista til G. thymalli.

Samanlikna genomet

MikroRNA er korte, bevarte molekyl som er biologisk viktige og fordelte ut over heile genomet. Dei er dekte av område med meir variasjon, og som kan gje innsikt i evolusjonshistorien til organismar.

– For fyrste gong har vi samanlikna store delar av genomet til desse parasittane, og konklusjonen er klar: Dei er den same arten, fastslår han.

Fromm og kollegaane hans har kome fram til dette resultatet ved å samanlikna sekvensar fordelte ut over heile genomet hjå G. salaris og G. thymalli frå ulike geografiske regionar.

I doktorgradsarbeidet sitt har Bastian Fromm slått den endelege spikeren i kista til Gyrodactylus thymalli. (Foto: Per Aas, NHM/UiO

Meir presist har dei brukt sekvensane frå 37 tidlegare identifiserte mikroRNA og det genomiske nabolaget deira, utan å finna støtte for delinga i to ulike artar.

– Tilbake til start

– At G. salaris og G. thymalli no viser seg å vera same arten, sender oss på mange måtar tilbake til start. All forsking som har vore gjort til no, må sjåast i lys av dette, seier Fromm.

Til no har ein rekna at G. salaris har hatt den største utbreiinga si i Norge og deler av Russland, Finland og Sverige. Men no må ein rekna den som utbreidd over heile Europa, inkludert dei britiske øyene. Det gjev forvaltinga store utfordringar.

– Det betyr at det er ikkje nok å vita at det finst G. salaris i eit vassdrag. Vi må i tillegg finna ut om det er ei stamme som er farleg for laks, for å fastslå om laksen er truga. Per i dag klarar vi ikkje det, så vi må gå tilbake til nye analysar av genomet for å avgjera kvar stammene skiljer seg frå kvarandre.

Heile genomet til G. salaris har nyleg vorte publisert, slik at det er tilgjengeleg for neste steg mot ein effektiv metode for å identifisera  stammene som er farlege for laksen, og ei betre forståing av biologien til Gyrodactylus.

– Det langsiktige målet er å unngå farlege og økologisk vanvittige rotenonbehandlingar av vakre og verdifulle norske elver og sjøar, til fordel for selektive og berekraftige behandlingar for Gyrodactylus-smitte, seier Fromm.

Referansar:

Fromm et al: MicroRNA loci support conspecificity of Gyrodactylus salaris and G. thymalli (Platyhelminthes, Monogenea), International Journal for Parasitology 2014, doi: 10.1016/j.ijpara.2014.05.010

Bakke m.fl.: The Biology of Gyrodactylid Monogeneans: The “Russian-Doll Killers”, Advances in Parasitology, Volum 64, 2007, doi: 10.1016/S0065-308X(06)64003-7

Hahn m.fl.: Comparative Genomics of Flatworms (Platyhelminthes) Reveals Shared Genomic Features of Ecto- and Endoparastic Neodermata, Genome Biology and Evolution, 14. april 2014, doi: 10.1093/gbe/evu078

Powered by Labrador CMS