Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Arne Næss og andre miljøfilosofar såg på fjella som ei kjelde til visdom og perspektiv, eit punkt å forstå plassen vår i verda frå.

Har miljøfilosofien spelt fallitt?

Trass i alt vi i dag veit om tap av artar og biomangfald, så misbrukar vi framleis fjella, skogane, fjordane og myrane våre som om dei var uendelege ressursar. 

Publisert

– Med kritikken sin av vekstøkonomi og kapitalisme, var Arne Næss ei viktig stemme for ei tenking som oppmuntra til å nærme seg mennesket og naturen heilskapleg, seier professor Inga Bostad ved Universitetet i Oslo.

Ho meiner tvert om at djupøkologien har fått ny aktualitet, at det kanskje aldri har vore viktigare at vi går inn i djupet av oss sjølve og tenkjer: Kva kan eg gjere?

– Djupøkologi handlar om å forstå at vi menneske er ein del av naturen og ikkje står over han, men at vi likevel har ei moralsk plikt til å verne om alt levande. For alt i naturen er vevd saman, seier professor Odin Lysaker ved Universitetet i Agder.

Podcast: Kan vi redde naturen ved «å tenke som eit fjell»?

I denne episoden av Universitetsplassen gjer filosofane Inga Bostad og Odin Lysaker eit djupdykk i økosentrisk tenking – for folk flest, for politiske handverkarar og for skulefolk. 

Høyr heile episoden her.

Arven etter Arne Næss 

Filosofen og aktivisten Arne Næss var ein av mange viktige bidragsytarar til å gjere økosentrisme, økosofi, djupøkologi – kjært barn har mange namn – allment kjend frå 1970-talet og utover.

I tenkinga hans ligg ein innebygd kritikk av vekstøkonomi, kapitalisme og ukritisk teknologioptimisme.

Han forfekta ideen om at alt liv, alle levande, har ein ibuande verdi og står på likefot med einannan, mennesket som dobbelbekkasinen som monarksommarfuglen som utmarka til naboen.

– Og då meinte han kvalitativt like kvarandre, ikkje kvantitativt, noko som inneberer at mennesket må gjere minst mogleg for å øydelegge mangfaldet av artar, seier Bostad.

– Berekraft som fag på skulen må gå endå djupare og bli endå meir tverrfagleg, meiner filosofane Inga Bostad og Odin Lysaker. – Og så må lærarane kople undervisinga på elevane si livserfaring og interesser. Læring er meir komplekst enn å berre putte noko inn i hovudet på elevane.

Har ikkje ført til meir økologisk åtferd

Miljøfilosofen Næss opererte med det han kalla solidaritetsringane.

– Den inste ringen er familien, sidan det ifølge Næss er naturleg for oss å ha solidaritet med vår næraste familie. Dernest har vi solidaritet med alt som lever og til slutt med heile økosystemet, fortel Bostad, som har studert Næss i ei årrekkje.

Men mange har også stilt seg kritiske til effekten av denne typen økologisk tenking. 

– Fleire meiner at økosofi kan vere elitistisk og vestleg orientert. Dessutan har ikkje tenkinga ført til at folk har blitt meir motivert til å handle økologisk, seier Bostad.

Når vi sjekkar nyheitene, får vi fort stadfesta at det er grunnar til atterhald:

Veka før vi tok opp denne episoden, handsama Energi- og miljøkomiteen på Stortinget naturmeldinga, som får massiv kritikk for å vere vag og lite ambisiøs. Same dag som vi snakka saman, delte regjeringa ut 53 nye leitelisensar på norsk sokkel. 

Det må kanskje meir enn velmeinande miljøfilosofisk tenking til for å beskytte den sårbare naturen.

– Alle må bli høyrde, også dei stemmelause

Odin Lysaker meiner vi bør gjere noko med styresettet vårt.

– Demokratia våre må bli betre til å høyre stemmene til dei som ikkje kan snakke for seg sjølve, som dyr og økosystem, seier han.

I ei bok om økologisk demokrati, som kom i fjor, tek han til orde for å utvide demokratiet, gjere det «grønare». Lysaker bygger mykje av tenkinga si om grønt demokrati på arbeidet til den australske statsvitaren Robyn Eckersly.

– Eckersly seier at vi må bygge demokratia våre med eit økosentrisk natursyn og føreslår samstundes prinsippet om at alle som er ramma må bli høyrde, seier han.

– For meg er økosentrisme ein måte å tenke heile moder jord på. Økosystema er vevd saman på ein måte som gjer at vi ikkje kan skilje mellom meg og Inga Bostad, til dømes, eller oss og lufta som vi pustar inn og ut. Vi er vevd inn i livet og i naturen og må vevast betre inn i demokratia også, seier han.

– Gode demokrati er lyttande

Bostad er langt på veg einig.

– Det er ein reell fare for at den egalitære økotenkinga kan pulverisere makttilhøva som gjeld mellom mennesket og naturen, og det er viktig å ikkje miste dette av syne når vi bygg samfunna våre, seier ho.

– For meg er gode demokrati lyttande, vi må absolutt lytte meir til dei som ikkje høyrest så godt, seier ho.

Men korleis utvidar vi demokratiet til å gjelde dei stemmelause? Kva vil det eigentleg seie å snakke på vegner av naturen? Kva vil det seie i praksis at noko har lik verdi? Og korleis kan vi bruke økofilosofi i klasserommet, hjelpe elevane til å kople saman fakta og følelsar når dei lærer?

Alt dette og meir til, snakkar Bostad og Lysaker om i episoden under:

Powered by Labrador CMS