Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Innsett og fengselsbetjent spelar sjakk i biblioteket i Romerike fengsel, Ullersmo avdeling, men forskarar fryktar at det nordiske fengselssystemet er truga av budsjettkutt.

Skandinaviske fengsel: – Vi kan stå i fare for å miste det andre land vil kopiere

Fengsel i USA testar ut den skandinaviske fengselsmodellen med lovande resultat. Men budsjettkutt i Skandinavia gjer at den verdskjende modellen er under hardt press, ifølgje forskar Synøve Nygaard Andersen.

Publisert

I 2019 kom ei gruppe fengselsbetjentar til Noreg frå staten Pennsylvania i USA. I tre veker skulle dei lære om den skandinaviske måten å drive fengsel på.

Dei trudde knapt det dei såg: tilsette og innsette som laga mat og åt saman, kjøkken med skarpe knivar og tunge gryter, heimekoselege enkeltceller og fellesareal.

I fengselet i Pennsylvania fekk innsette mat i kantina. Dei delte rom, med do like ved køyesenga. Tilsette og innsette fekk ikkje lov til å ha noko som minte om eit venskapeleg forhold.

– I Skandinavia er det ein grunnleggande tanke at tapet av fridom er straffa. Inne i fengselet prøver ein å leggje til rette for at folk skal få endre seg. Ein slik modell skil seg frå mange andre land, seier Synøve Nygaard Andersen.  

Har laga «Little Scandinavia» i USA

Norske fengselsbetjentar får ei god utdanning samanlikna med mange andre land. Men dette er ikkje nok viss det manglar ressursar til å setje det dei lærer, ut i praksis, meiner forskar Synøve Nygaard Andersen.

Ho er forskar ved Universitetet i Oslo (UiO) og ein av initiativtakarane til prosjektet The Scandinavian Prison Project. Der testar det statlege fengselet SCI Chester ut ein modell som er inspirert av den skandinaviske. 

Ei avdeling har fått namnet Little Scandinavia. Kven som skal få komme dit, blir avgjort ved loddtrekning.

Andersen og forskarkollega Jordan Hyatt ved Drexel University følgjer med på kva som skjer.

Endra fengselsreglar

Little Scandinavia skulle etablerast, var det tre ting fengselet jobba med. 

Det eine var å endre den fysiske strukturen. Alle på avdelinga skulle få si eiga celle og tilgang til kjøkken, vaskerom og fine fellesareal ute og inne. 

På denne måten fekk dei det trivelegare. I tillegg vart dei meir aktive og ansvarlege i eigen kvardag og slik betre rusta for livet utanfor.

Punkt to var regelendring. Avdelinga skulle få eit unntak frå nokon av dei strenge reglane for sosial omgang. Innsette og tilsette skulle både kunne lage mat saman og føre lange samtalar. 

Tanken var å leggje til rette for ein meir tillitsbasert relasjon der betjentane vart betre skikka til å bidra i rehabiliterings- og attføringsarbeidet.

Det tredje var å gje betjentane eit betre utdanningstilbod. Dette innebar både fleire studieturar til Skandinavia og eit utvida utdanningstilbod i USA.

I mars 2020 starta ein pilotperiode for seks innsette. Dei skulle i utgangspunktet vere på avdelinga eit par månader før fleire kom til. Men covid-19 førte til store forseinkingar. Først i mai 2022 opna avdelinga med halv kapasitet. I november same år var avdelinga full, med 64 innsette – halvparten så mange som hadde budd der før 2020.

Færre regelbrot blant dei innsette

Heile vegen har Andersen, Hyatt og resten av forskargruppa følgt dei innsette og dei tilsette med spørjeskjema og intervju. Spørjeskjema har også blitt sendt ut til innsette i resten av fengselet. Forskarane følgjer i tillegg med på fengselsstatistikk.

– Per no er det altfor tidleg å seie noko om tilbakefall. Dei innsette har lange straffer, og dei fleste som har flytta til avdelinga, er der framleis. Men inne i fengselet ser det ut til at dei mest alvorlege regelbrota, som vald og narkotikamisbruk, har blitt nesten halverte i Little Scandinavia i forhold til i samanlikningsgruppa, seier Andersen.

Kjøkkenet i avdelinga, som mange var svært skeptiske til av tryggleiksgrunnar, har også fungert godt.

– Sjølv tenkte eg tilbake på tida som student og var bekymra for hygieneforholda. Men det kjøkkenet er det reinaste og mest plettfrie eg nokon gong har sett.

Enkeltcellene er populære

Generelt opplever dei innsette fengselsmiljøet som betre enn på avdelingane der dei sona før. Spesielt er dei fornøgde med å ha fått sine eigne celler.

– I Noreg ser vi enkeltceller som noko sjølvsagt fordi vi meiner at alle treng privatliv. I USA ser fengselsleiinga ofte på dette som ein stor tryggleiksrisiko. I Little Scandinavia har det foreløpig gått bra. Dei innsette fortel at dei set pris på å kunne trekkje seg tilbake og senke skuldrene.

Knirkefritt har det likevel ikkje vore, ifølgje Andersen. Det har til dømes vore ein stor overgang, både for innsette og tilsette, å skulle sosialisere med kvarandre.

– Mange har vore i fengsel i mange år, og dei har låg tillit til betjentane. No blir det venta at dei skal sitje og snakke med dei.

Ei utfordring for forskarane er at dei ikkje kan vite sikkert kva som er drivaren bak dei positive endringane dei ser. For eksempel har dei innsette på Little Scandinavia fått ei unik moglegheit. Det i seg sjølv kan bidra til endring, poengterer Andersen.

Budsjettkutt trugar norske fengsel

Skandinaviske fengsel har eit godt rykte internasjonalt. Pennsylvania-betjentane er verken dei første eller siste som har kome til regionen for å lære. 

Men ein føresetnad for humane soningsforhold, er ressursar, påpeikar Synøve N. Andersen.

UiO-forskarane Rose E. Boyle og Pernille Nyvoll peika nyleg på at budsjettkutt og underbemanning no er eit stort problem i norske fengsel.

Tidlegare fengselsleiar Are Høidal har snakka om det same i eit intervju i Dagsavisen.

Budsjettkutt fell dårleg saman med auka utfordringar i fengsla, meiner Andersen.

– Frå politiet høyrer vi at kriminelle miljø blir stadig hardare og meir komplekse. Vi veit frå årevis med forsking at mange innsette har psykiske utfordringar. I tillegg har straffegjennomføring i samfunnet med mellom anna elektronisk kontroll blitt vanlegare. Det er jamt over positivt, men fører samtidig til at ein større del av dei som er i fengsla, har høg risikoprofil.

Baklengs inn i framtida?

I USA opplever mange betjentar at dei knapt har tid til meir enn å låse innsette inn og ut av cellene og sørgje for at dei er der dei skal vere, påpeikar ho.

– Den einaste måten fengselet i Pennsylvania kunne endre dette på, var å få tilført større ressursar. Dei måtte vere fleire på jobb. Om vi i Noreg går andre vegen, blir det mindre kontakt med innsette og meir statisk arbeid som opplåsing og innlåsing.

I Sverige er utviklinga enda meir alvorleg enn i Noreg, ifølgje Andersen. 

Her innfører fleire fengsel no dobbeltceller i staden for enkeltceller. Planen er å tredoble kapasiteten dei neste ti åra. Det er eit uttalt politisk mål at straffene skal bli lengre og hardare. Talet på innsette kjem til å gå opp utan at det er tydeleg om talet på betjentar aukar like mykje.

– Skandinavia har lenge vore ein føregangsregion. Med ei slik utvikling går vi baklengs inn i framtida. At betjentane får ei knallgod utdanning, er ikkje nok viss vi ikkje har ressursar til å setje det dei lærer, ut i praksis, seier Synøve Nygaard Andersen.

SVT laga ein dokumentarserie om fengselsprosjektet i USA som er tilgjengelig på NRK

Referansar:

Rose E. Boyle og Pernille Nyvoll: Den nye normalen? Når underbemannede fengsler blir regelen snarere enn unntaket. Blogginnlegg på Nordic Research Council for Criminology, 2024.

Tomm Pentz Pedersen: USA adopterer norske fengselsmetoder, men: – Trist at det nå kuttes i sektorer som jobber med mennesker. Dagsavisen, 2024.

 

 

Powered by Labrador CMS