Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

En Ozempic-penn.
Bruken av diabetesmedisinar som Ozempic har auka sterkt dei siste par åra.

Slankemedisin kan kanskje gjera det lettare å bli gravid

Det går rykte om uventa graviditetar blant kvinner som har brukt medisinar som Ozempic og Wegovy. Farmasøyten trur dei kan stemma.

Bruken av diabetesmedisinar som Ozempic har auka sterkt dei siste par åra fordi dei òg blir brukt av folk som ynskjer å gå ned i vekt. Det skjer sjølv om dei ofte gjev biverknadar som kvalme, diare, oppkast eller forstopping. 

Legemiddelet Wegovy for vekttap inneheld det same verkestoffet: semaglutid.

No fortel fleire amerikanske medium (healthline.com) om det dei kallar «Ozempic babies» der kvinner som brukar desse medisinane uventa blir gravide. Nokre trass i at dei brukar p-piller, medan andre har prøvd å få barn, men ikkje lukkast. TV2 fortalde òg nyleg om eit norsk tilfelle.

Professor Anne Gerd Granås kjenner ikkje til denne effekten frå før, men er ikkje overraska.

– Fyrst må eg få understreka at mange menneske har nytte av desse medisinane, elles ville dei ikkje vore godkjende for bruk i Noreg, seier Granås.

Portrett av forsker.
– Overvekt kan vera årsaka til at kvinner har vanskar med å bli gravide, fortel Anne Gerd Granås.

Farmasøytar veit korleis verkestoff verkar

– Men så godt som alle legemiddel har risiko for større eller mindre biverknadar. Di meir alvorleg sjukdom, di meir biverknadar godtek vi. Cellegift har til dømes dramatiske biverknadar som vi godtek fordi vi håpar gifta skal ta knekken på kreften.

Dette kan du lese meir om i artikkelen: Vi godtar bivirkninger av medisiner om sykdommen er alvorlig nok.

Medisinane kan altså gje biverknadar som oppkast og diare. Granås seier det kan forklara kvifor kvinner som samstundes går på p-piller, blir gravide.

– Det er lett for vanlege folk å ha ei umedviten førestilling om at når tabletten har passert svelget, er jobben gjort. Men for oss farmasøytar er det berre ein liten del av livsløpet til legemiddelet, forklarar Granås.

– Vi veit kvifor tabletten er sett saman som han er, kvifor han skal takast slik han skal, kvar verkestoffet vert teke opp og korleis det kjem seg fram til verkestaden. Vi veit korleis det verkar der, kvar det vert brote ned i kroppen og korleis det vert skilt ut att.

Vurdera andre prevensjonsmetodar

Dermed har ho ei mogleg forklaring klar:

– Når du tek eit legemiddel medan du har diare eller kastar opp, vert det skilt ut før det får tid til å verka. Dette gjeld p-piller òg, seier Granås.

Så om ein er plaga med slike biverknadar av slankemedisinar, eller for den saks skuld andre medisinar, seier ho ein kan vurdera å gå over til prevensjonsplaster, p-stav eller p-sprøyte. Der vert verkestoffa tekne opp utanfor mage-/tarmsystemet.

At kvinner med fertilitetsvanskar blir gravide, har ho òg ei forklaring på.

Både positive og negative verknadar

– Når desse legemidla vert tekne som slankemedisinar, er jo årsaka som regel at kvinna er overvektig. Og overvekt veit vi kan vera årsaka til at kvinner har vanskar med å bli gravide, fortel farmasøyten.

– Ein del overvektige kvinner har PCOS, polycystisk ovariesyndrom. Det er ein tilstand som for nokre set ned fruktbarheita. PCOS kan alt i dag verta behandla med metformin, den vanlegaste diabetesmedisinen, for å stimulere eggløysinga. Nokre går òg ned i vekt.

At slankemedisinane som Wegovy, som altså i utgangspunktet skulle verka mot diabetes, kan ha same effekten, vil ikkje vera uventa. Om ein skulle slumpe bli gravid, må ein hugse på at det førebels ikkje er kjend om Ozempic og Wegovy påverkar eit ufødd barn. Ein må difor straks ta kontakt med fastlegen.

Granås har sjølv halde foredrag for Diabetesforbundet. Ho fekk dermed sjå korleis desse legemidla hadde både positive og negative verknadar.

Vi er ikkje like inni

«Inni er vi like», heiter det i songen, men det er ikkje sant for legemiddel.

– Nokre pasientar raste ned i vekt utan at dei hadde noko ynskje om det. Matlysta gjekk ned, dei opplevde kvalme, diare og forstopping. Ein av dei sa om seg sjølv at han var blitt sjåande ut som ein krigsfange. Denne gruppa opplevde det negativt å bruka desse medisinane, fortel ho.

Andre kunne derimot ha høgt blodtrykk og høgt kolesterol. Dei kunne slita med å gå tur eller opp ei trapp på grunn av overvekta. For dei sokk blodtrykk og kolesterolverdiar, og kvardagen vart mykje betre av å gå ned 5–20 kilo, ikkje minst dersom dei ikkje hadde særlege biverknadar å snakka om.

Livsstilendring

Om dagens oppstuss rundt slankemedisinane seier ho:

– Slike vedundermiddel har dukka opp jamleg dei siste 50–60 åra i alle fall. For rundt 30 år sidan stod folk i kø rundt hjørna frå apoteka for å sikra seg Nutrilett, minner ho om.

– Sjølv om ein brukar Wegovy og liknande medisinar for å gå ned i vekt, går ein ofte rett opp igjen når ein sluttar med dei. Men medisinane kan vera ein spore til livsstilsendring. I svært mange tilfelle er det det som skal til for å halde vekta.

Rådgjevar Marianne Grebstad Dale i Direktoratet for medisinske produkt opplyser at dei har fått inn såpass få meldingar om bruken av desse medisinane og uventa graviditet at dei av omsyn til personvern ikkje kan seia meir enn at dei har teke imot færre enn fem meldingar om biverknader.

– Eg understrekar at vi får meldingar om biverknader når meldaren mistenkjer ein samanheng mellom bruk av eit legemiddel og ein uventa eller uynskt effekt. Ein mistanke betyr ikkje nødvendigvis at det er ein sikker samanheng, seier Dale.

Powered by Labrador CMS