Kvelden var mørk. I matbutikkane var køane
lange. Mange var utrygge, ein del var redde. 12. mars 2020 var kanskje mest av
alt fylt av uvisse. Kor lenge skal dette vara? Korleis blir livet når
samfunnet vert stengt ned?
Ei stor gruppe som hadde ekstra bekymringar i tillegg til dei som alle andre hadde, var dei som gjekk på livsviktige legemiddel.
Personar med kroniske sjukdommar får utlevert reseptmedisinar tilsvarande forbruket i tre månader, så dei fleste hadde ikkje meir enn dette i heimen ved nedstenginga. Ville dei framleis ha tilgang på det dei hadde behov for?
– Uthenting av legemiddel følgjer eit fast mønster gjennom året. Det er ein markert topp i desember, når mange hentar ut medisinar medan frikortet deira enno gjeld. Så er det ei nokolunde jamn stigning frå januar igjen, med ein liten dupp om sommaren, seier professor Hedvig Nordeng ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.
Uråd å samanlikna direkte
– For legemiddel for
hjarte-/karsjukdomar, som vi har sett på, er det ein utypisk topp i mars 2020 då den fyrste nedstenginga starta. Det er tydeleg at mange har sytt for å sikra
seg eit lager.
Hjartepasientane kunne sjølvsagt ikkje
vita det då, men dei hadde ikkje trengt å bekymra seg. Nordeng høyrer til ei
gruppe forskarar som har funne ut at tilgangen på hjarte-/karmedisinar i Noreg
ikkje vart nemneverdig påverka av eit nedstengd samfunn.
– Studiar frå andre land har sprikt. Nokre
har rapportert om at det har vore vanskar med nokre hjarte-/karmedisinar,
andre at tilgangen har vore som normal under pandemien. Men forskarane bak
desse studiane har brukt ulike metodar og materiale som gjer det uråd å gjera direkte
samanlikningar, seier Nordeng.
Starten på pandemien
– Ingen av dei er heller gjorde i Noreg. Det vil sjølvsagt ha noko å seia korleis samfunnet møtte pandemien og kva
restriksjonar som vart sette inn. Sverige valde som kjent ei anna tilnærming
enn oss, slik at ei direkte samanlikning vert vanskeleg.
Nordeng og kollegaane har samla data frå
ulike norske helseregister for heile fire millionar nordmenn. Av desse hadde 17 prosent ein hjarte-/karsjukdom ved starten av pandemien. Dataa utsette forskarane for ein
såkalla avbroten tidsserieanalyse.
– I denne samanhengen betyr avbroten at det er eit punkt i tidsserien kor me samanlikna før-
og ettertilstand. I tilfellet vårt er dette punktet altså starten på pandemien, forklarar Nordeng.
Digitale verktøy klare til bruk
Med unntak av det store hoppet akkurat då
landet stengte ned, fann altså ikkje forskarane nemneverdige endringar i bruken
av hjartemedisinar.
Det er nyttig kunnskap før ein eventuell ny pandemi, både
for Noreg og for andre land med mange hjarte-/karpasientar.
– Vi meiner det er to hovudgrunnar til
dette. Den eine er at apoteka var tilgjengelege. Mange stader var det slik at
apoteka, ved sida av matbutikkane, var dei einaste butikkane som var opne. Dei
nettbaserte apotektenestene som alt fanst, gjorde òg at det var råd å få
medisinane sendt i posten, seier Nordeng.
– Den andre hovudgrunnen er at det fanst
digitale verktøy som var klare til å takast i bruk, slik at legane kunne ha e-konsultasjonar
utan fysisk frammøte. Det var òg viktig at dei fekk same taksten for digitale
som for fysiske konsultasjonar.
Nyttig for andre land
Annonse
Nordeng understrekar at studien deira
ikkje omfattar alle typar legemiddel.
– I denne studien har vi berre undersøkt
hjarte-/karmedisinar, men vi gjer eigne undersøkingar hjå barn og hjå
pasientar med psykisk sjukdom, seier Nordeng.
– Vi har lært mykje om e-helsetenester og kva
apoteka betyr for tilgangen til medisinar under ein pandemi. Det
er ikkje berre viktig for pandemiberedskapen i Noreg, men kan òg vera nyttig
for andre land.