Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

– Heile sivilisasjonen vår står på spel om vi ikkje held lesinga i hevd

– Det går ikkje an å overdrive faren ved at litteraturen og lesinga blir dytta ut på sidelinja, seier Bjørn Vatne, leiar i Den norske Forfatterforeningen.

Kvinne som leser med to barn i et litt mørkt telt
– I ein god lesekultur er lesing voven inn samfunnet som det er, fortel leseforskar Tove Stjern Frønes ved Universitetet i Oslo.
Publisert

– Eg vil seie det så sterkt at heile sivilisasjonen vår står på spel om vi ikkje held lesinga i hevd. Grunnen til at vi er der vi er i dag, er jo skriftkulturen vår – den tillærte evna vår til å lagre og dele informasjon ved hjelp av skrift, seier Bjørn Vatne. Han er leiar i Den norske Forfatterforeningen.

I ei podkastepisode møter han leseforskar Tove Stjern Frønes og leselystlobbyist Vibeke Røgler. 

Dalande interesse for lesing

Bakteppet for samtalen er nordmenns dalande interesse for og evne til lesing og kva som eventuelt kan gjerast med det.

Stjern Frønes forskar på lesekompetanse ved Universitetet i Oslo. Ho arbeider med nasjonale og internasjonale undersøkingar om leseevne. Ho er like uroa over rapportane om dårleg uthaldenheit og konsentrasjon, altså sjølve grunnlaget for at vi blir gode lesarar, som over leseevnene våre.

– Ein 15-åring er og blir ein 15-åring. Om vi forskarar spør om dei likar å lese, så seier mange av dei nei. Det er berre der dei er i livet, så vi må finne fleire måtar å spørje på, seier ho.

– Det som er nytt no, er at også 10-åringane seier «nei, eg les ikkje så ofte, det bryr eg meg ikkje så mykje om». Også foreldra deira meir enn før svarar at dei ikkje les for ungane sine, fortel ho.

Podcast: Om lesing

Høyr Bjørn Vatne, leiar i Den norske Forfatterforeningen i samtale med leseforskar Tove Stjern Frønes og leselystlobbyist Vibeke Røgler i denne episoden av podcasten Universitetsplassen.

Høyr heile episoden her.

Korleis bygge sterk lesekultur?

Leselyst er ifølgje forskarar eit notorisk uklårt omgrep. Fleire av dei, Stjern Frønes inkludert, har stor tru på å bygge sterke lesekulturar.

– I ein god lesekultur er lesing voven inn samfunnet som det er. Ta skulen til dømes. På ein skule med sterk lesekultur kjenner alle elevar og tilsette, også vaktmeisteren og kantinepersonellet, på ei sterk forplikting til lesing. Det er noko alle gjer, heilt naturleg og med dei interessene dei har, forklarer ho. 

Ho fortel at dei frå forskinga ser at skular som vektlegg like mykje tid på leseundervising som på å motivere til lesing, der opplever elevane at det er plass til dei som dei lesarane dei er, om det er gamle bilar, Star Wars eller Jane Austen dei er interesserte i.

Skapte ringverknadar på heile skulen

Også Vibeke Røgler i Foreningen !les (snart Stiftinga Lese) og Bjørn Vatne har tru på å kombinere strategiar for leselyst med meir inngripande tiltak.

Gjestene i en podcast
Tove Stjern Frønes (til venstre), Vibeke Røgler og Bjørn Vatne.

– For det er rett og slett trist når ein arbeider med litteratur, lesing og formidling, at ikkje alle har tilgang til dei same opplevingane. Ein ynsker at alle skal få dei fantastisk gode opplevingane det er å lese ei bok, forsvinne inn i ei anna verd, sjå noko heilt nytt, få innsikt i andre menneske, tankar og indre følelsar, seier Røgler. 

Leselystforeininga ho leier, brukar infrastrukturen som finst kring barn og ungdom til å forsterke lesearbeidet barnehagane, skulefritidsordningane, skulane og skulebiblioteka gjer. 

Dei når fleire hundre tusen ungar og ungdom kvart år gjennom både breiddetiltak og det dei kallar elitetiltak.

Eit døme på sistnemnde er dei tre litteraturprisane dei organiserer. Det er ein for barneskulen, ein for ungdomsskulen og ein for vidaregåande. Der hyrer dei inn skuleklassar rundt om i landet til å vere juryar. Dette arbeidet har bygd lesekultur.

– Ved Steinkjer vidaregåande skule har dei ein juryklasse i Ungdommen kritikarpris. Der har arbeidet med prisen ført til at skulen no har sett av tid til lesing for alle elevar og lærarar uavhengig av kva fag dei underviser i. Alle ved skulen les i 15 minutt kvar einaste dag til same tid, fortel Røgler.

– Det er berre å bestemme seg

Bjørn Vatne vil at endå fleire enn skulefolk skal identifisere seg som lesarar. Gjerne heile bygda eller bydelen. Han er inspirert av arbeidet til National Literacy Trust i Storbritannia. 

– Britane er ute og arbeider med å få lesing inn i miljø og i småsamfunn der bøker knapt finst – på gata, i nærmiljøet – og det med ein horisont på ti år. Dei oppsøker folk og familiar der dei er og leverer ut bøker. Resultata er kjempegode, fortel han.

– Dette er ein tankegang vi ikkje ser i Noreg i det heile tatt, heller ikkje i leselyststrategien til regjeringa, seier Vatne.

Kva med digitale haldningskampanjar, kan dei ha noko føre seg?

Han fortel at det kanskje er litt rart å bruke Instagram til å minne folk på å ikkje vere på Instagram. Likevel har dei lesekampanjen Tid til ti, der 18 organisasjonar frå litteraturfeltet no deltek, sett vi at sosiale medium fungerer. 

– Vi minner rett og slett folk på at ein eller annan stad i løpet av dagen har alle tid til å lese ti minutt i ei bok. Det er berre å bestemme seg for det, seier han. 

Operasjon sjølvdisiplin saman med studentar

På Institutt for lærarutdanning og skuleforsking, der Tove Stjern Frønes arbeider, har dei heller starta ein fysisk lesesirkel for studentar. 

Neste bok som skal lesast og diskuterast, er Agnes Ravatns sjølvhjelpsbok Operasjon sjølvdisiplin. Det er ein lektyre både distraherte professorar og studentar saktens kan trenge.

Mann som leser bok
Måndag 17. mars skal studentar ved Det utdanningsvitskaplege fakultet diskutere Agnes Ravatns evig aktuelle Operasjon sjølvdisiplin.

Røgler og Vatne trur at i fellesskapet litteraturen skaper, ligg eit av dei store potensiala til litteraturen framover.

– Vi må erkjenne at lesing har blitt ein motkultur, at vi ved å lese signaliserer at vi vil vere eit aktivt, tenkjande menneske i verda. Ein klok mann samanlikna litteraturhusa med kyrkjene. Du kjem dit for å høyre nokon snakke om noko ordentleg saman med folk som er opptatt av same tematikkar som deg. Lesesirklar fungerer på same måte, i miniformat, meiner Vatne.

Høyr heile episoden her:

Powered by Labrador CMS