Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Matros Kenneth Neergård tauar "mikrofonen" som måler støynivået torsken blir utsett for.

Her skyt forskarane med luftkanonar på gytande torsk

Dei vil sjå om dei vårkåte fiskane lar seg forstyrre av kraftige smell.

Publisert

Frå før har forskarane operert inn akustiske sendarar i over 150 torsk i Austevoll. Eit nettverk av lyttebøyer registrerer rørslene deira. No skrur dei på bråket.

– I fjor overvaka vi torskane sin naturlege svømmeåtferd i gytetida. I år og neste år skyter vi seismikk i same område for å sjå korleis dei reagerer, seier havforskar Tonje Nesse Forland.

Får hjelp til å bråke av Forsvarets forskingsinstitutt

Ho er om bord på forskingsfartøyet «H.U. Sverdrup II», eigd av Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), som er partnar i SpawnSeis-prosjektet. Dei stiller med både båt og luftkanonar.

– Vi forskar mykje på korleis støy påverkar dyr i havet. Sonarane som forsvaret brukar til å lytte etter ubåtar, er ei kjelde til støy som har likskapar med seismikk, seier FFI-sjefsforskar Petter Kvadsheim.

Sjefsforskar Petter Kvadsheim og matros Kenneth Neergård sjøset seismikkanonane.

Torsken er pratsam

Ubåtsonarane har høgare frekvens og er primært til bry for sjøpattedyr. Men denne gongen handlar det om fisk og seismikk.

– Havforskingsinstituttet rår generelt mot seismikkskyting der viktige fiskebestandar gyter. No samlar vi inn kunnskap som kan støtte opp under dette, forklarar Nesse Forland.

Særleg torsken er kjent for å vere ein taletrengd fisk som brukar grynt og stønn til å finne rett partnar, og til å koordinere sjølve gyteakta.

– Vi ser føre oss tre moglege utfall av bråket, seier Havforskar Tonje Nesse Forland.

Sexen kan bli klønete

Akta består nemleg av finstemt svømming buk mot buk, før fiskane slepper egg og mjølke til nøye avtalt tid.

– Vi ser føre oss tre moglege utfall her: Torskane blir redde og stikk av. Dei blir overdøyvde og sexen klønete, sånn at færre egg blir befrukta. Eller ingenting unormalt skjer, forklarar Tonje Nesse Forland.

Fakta om seismikk og faglege råd for oljeleiting

  • Seismiske undersøkingar er brukt for å finne olje og gass i havbotnen.
  • Ein luftkanon sender lågfrekvente lydbølger frå havoverflata og ned i havbotnen.
  • Ekkoet blir fanga opp av lyttekablar som er taua etter seismikkfartøyet.
  • Lydsignala er kraftige, men korte, på rundt 100 Hz.
  • Næringsaktørar søker Oljedirektoratet om løyve til å leite med seismikk.
  • Havforskningsinstituttet gir deretter råd til Oljedirektoratet om påverknaden på økosystemet.
  • Havforskningsinstituttet rår frå ordinær seismikk nærmare enn 20 nautiske mil (om lag 37 kilometer) frå kjende gyteplassar.

To «brusflasker» smeller frå seg

– Har de armert kanonane? No får fienden passe seg, seier maskinist Rune Haukås ironisk.

Seismikk-kanonane er nemleg skuffande puslete av utsjånad. To brusflaskeaktige sylindrar slepper ut 1,3 liter komprimert luft kvart tiande sekund.

Luftkanonane utgjer ei nedskalert utgåve av utstyret oljeselskapa undersøker havbotnen med. Men så skyt også forskarane rett mot bukta der torskane gyter.

– Sjølv om vi ikkje høyrer det godt over vatn, resulterer luftpulsane i kraftige smell under vatn, seier Tonje Nesse Forland.

40 torskar i 40 fargenyansar – og posisjonane deira i februar og mars 2019. Slik kan torskane sjå ut på kartet, utan forstyrring.

Sjekkar akustikken i Bakkasundet

Lydnivået blir påverka av forhold i sjøen og sjølve havbotnen.

For å måle nøyaktig kva lyd fiskane blir eksponert for, har forskarane også sett ut ei eiga bøye som dei får lydmåling frå i sanntid.

Neste år gjentar dei seismikkskytinga i same område, før dei samanliknar resultata.

Kan seismikk forstyrre torskegyting?

Videoen viser torsken som no blir forstyrra. Filmen er frå torskemerkinga i Ausevoll i 2019.

Powered by Labrador CMS