Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Historisk yngla selane på iskanten langt ute i Atlanterhavet, men no hamnar dei ved kysten av Grønland, midt i jaktmarkene til isbjørnen.

Når isen flyttar seg, må selen følge etter. Da går den rett i gapet på isbjørnen

Og det er berre éin av utfordringane i selen sin nye kvardag.

Klappmyss og grønlandssel er begge selar som er avhengige av is. Ungane deira blir fødde på isen og må die der i dagevis til dei er sjødyktige.

På isen skiftar dei vaksne selane pels og kviler mellom svømmeturar.

Men det blir mindre is

Iskanten i Vesterisen er no i snitt 270–370 kilometer nærmare land enn før. Det betyr trøbbel for grønlandssel og klappmyss som skal yngle.

Vesterisen er eit havområde med is i vinterhalvåret som ligg nord for Island mellom Grønland og Jan Mayen.

– Historisk yngla selane på iskanten langt uti i Atlanterhavet, men no hamnar dei ved kysten av Grønland, midt i jaktmarkene til isbjørnen. Han et no langt meir av desse selartane enn tidlegare, forklarer sjøpattedyrforskar Tore Haug.

Samtidig er drivisen mindre tett.

– Det betyr fritt leide for spekkhoggarar, som kjem tett på dei nyfødde eller kvilande selane. Her er det berre å forsyne seg, seier forskaren.

Ungene til klappmyss og grønlandssel blir fødde på isen og må die der i dagevis til dei er sjødyktige.

Freding gav ikkje fleire selar

Klappmyss har vore freda sidan 2007. Bestanden er truleg under ti prosent av kva han var i 1946, no berekna til om lag 76 000 dyr i Vesterisen.

Forskarane trudde ein stopp i fangstingen ville gi meir sel.

– Vi ser ingen teikn til betring. Klappmyssen har ikkje greidd å hente seg inn igjen. Ungeproduksjonen held seg låg, seier Tore Haug.

Toler uår, men ikkje kvart år

Forskaren trur endringane i isen er del av forklaringa.

– Selane lever lenge og toler eit og anna dårleg år. Men når dette er regelen heller enn unntaket, vil det truleg påverke bestandane på sikt, seier han.

Dersom selane finn is i dei tradisjonelle yngleområda sine, ser det ut til at dei ynglar der sjølv om isen har dårleg kvalitet. Då kan resultatet bli smelta is og daude selar.

Selane ynglar i sine vante område sjølv om isen har dårleg kvalitet. Då kan resultatet bli smelta is og daude selar.

Framskyndar selteljing

Grønlandsselbestanden er berekna til om lag 430 000 dyr i Vesterisen etter siste teljing i 2018. Dette er ein reduksjon på rundt 35 prosent sidan førre teljing i 2012. Grønlandsselen reknar forskarane det som forsvarleg å fangste, enn så lenge.

For å kunne gjere slike anslag, må forskarane dra ut i fly eller helikopter og telje selungar på isen i yngleperioden. Førre teljing var i 2018 og neste er planlagt i 2022.

– Teljinga er framskunda med eit år nettopp fordi vi er uroa for utviklinga, seier Haug.

Powered by Labrador CMS