Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskolen i Innlandet - les mer.

Hender på tastatur i mørke
Vi står overfor ein aukande trussel for cyberangrep i åra som kjem.

Stadig større sjanse for å bli angripen i cyberspace

Professor i cybertryggleik trur fleire og fleire vestlege land vil endra strategi og ikkje berre forsvara seg mot angrep frå andre.

Nyleg vart boka Cybermakt - en tverrfaglig innføring gitt ut.

Redaktørane av boka er professor i cybertryggleik og samfunnstryggleik ved Høgskolen i Innlandet, Mass Soldal Lund, og leiar av Cyberprogrammet ved Institutt for forsvarsstudier på Forsvarets høgskole, Vivi Ringnes Berrefjord.

Soldal Lund har forska på desse temaa i fleire tiår. Han blir rekna som ein av Noregs fremste ekspertar på feltet.

– For ti år sidan måtte eg alltid leita etter dei gode cyberangrep-eksempla. No er det berre å plukka dei ned. Det har vorte sånn at det er vanskeleg å følgja med på dei viktigaste hendingane.

No ser han ei utvikling han synest er svært interessant.

Går inn for å øydeleggja mest mogleg

Den nye boka er full av eksempel. Både på reine dataangrep, forsvar mot dataangrep i cyberdomenet og ikkje minst storskala påverknadsaksjonar.

Her er det eksempel frå Noreg, men også mange internasjonale. Det som skjer i cyberkrigen mellom Russland og Ukraina, blir vigd stor plass.

Eit tjuetals ulike forskarar og ekspertar på temaet bidreg i boka.

– Det har vore eit gap i litteraturen. Anten har dei vore veldig detaljerte og tekniske, eller så har dei vore veldig høgtsvevande strategisk eller politisk. No kjem for første gong ei bok på norsk som ser på det konkrete operasjonelle med mange eksempel, fortel Soldal Lund.

Boka handlar rett og slett om korleis statar utnyttar cyberdomenet for å oppnå strategiske mål og korleis dei utfører slike cyberoperasjonar.

Portrett forsker
Dei nye moglegheitene knytt til kunstig intelligens, stordata og digital overvaking er i ferd med å endra korleis statar driv moderne krigføring, seier professor Mass Soldal Lund.

– For folk som ikkje kjenner dette fagfeltet så godt som de – har de noko WOW-innhald her?

– Eg trur detaljane og døma i boka kan verka spennande og nye på mange. Ein ting er kor infamt mykje av dette er. Enkelte statar går inn utan skruplar for å øydeleggja mest mogleg. Og så har du det faktumet at du kan sitja i eit land, hacka deg inn i eit anna lands system og tukla med innstillingane. Det er jo ein veldig skummel tanke, seier Soldal Lund.

Noreg i ferd med å bli offensive?

Dei nye moglegheitene knytt til kunstig intelligens, stordata og digital overvaking er i ferd med å endra korleis statar driv moderne krigføring.

Den nye verkelegheita representerer ei stor utfordring for nasjonale forsvarsinstitusjonar. Dei må omstilla seg til eit nytt og førebels temmeleg ukjent terreng.

Og nettopp dette er det Mass Soldal Lund meiner er interessant.

– Det eg synest er mest spennande, er at fleire og fleire statar byrjar å tenkja at dei må ha nokre offensive kapabilitetar innan dette, ikkje berre forsvara seg mot angrep frå andre.

Kapabilitet betyr dugleik eller yteevne.

Vi veit frå før at land som Kina, Nord-Korea, Russland og Iran var tidleg ute med å satsa på å vera offensive og bruka cyberdomenet aktivt. Dei fleste andre vestlege land har hatt ei defensiv tilnærming – vi skal verna oss. 

Men no blir dette endra.

Nye tankar også i Noreg

– I 2018 endra USA strategien sin. Dei gjekk frå å vera defensive til å seia at dei kjem til å svara med same mynt som dei blir angripne. Dei gjennomfører motangrep, fortel Mass Soldal Lund.

Mange andre land byrjar å tenkja på same måten. Canada og Storbritannia er døme på det.

– Kva med Noreg, då?

– Det er spennande. Det snakkar vi ikkje så mykje om, men viss du les stortingsmeldingar, stortingsproposisjonar og forsvarkommisjonsrapportar og slikt, så kan du sjå hint til at vi tenkjer sånn vi òg, fortel Soldal Lund.

Det kan til dømes stå at «Noreg bør vidareutvikla sine evner til offensive cyberkapabilitetar …» og slike ting.

– Det viser nye tankar som er gryande i Noreg. Eg trur vi i framtida truleg vil sjå at fleire og fleire land kastar seg på og utviklar meir offensive kapabilitetar, trur professoren i cybertryggleik.

Eksempelet med Ukraina 

Eit av cyberangrepa som har forårsaka mest skade i verda, var eit russisk angrep på ei skatteprogramvare i Ukraina. Det er anslått at ti prosent av alle datamaskiner i Ukraina vart slått ut. Dette fekk store konsekvensar også utanfor Ukraina.

Det danske shippingfirmaet Maersk var eit av selskapa som vart ramma. Dei hadde eit Ukraina-kontor med denne skatteprogramvara installert. Frå denne maskina spreidde det seg på nokre timar til heile det internasjonale nettverket. Det slo ut heile datasystemet til shippinggiganten.

Det er rekna ut at dette angrepet kosta Maersk rundt to milliardar kroner å ordna opp i.

I Ukraina har det skjedd cyberangrep fire eller fem gonger retta mot kraftforsyninga i landet. Antakeleg er det russisk militær etterretning som går inn og prøver å forstyrra straumforsyninga i landet.

Slike angrep er altså både skumle og kan gjera stor skade og få store konsekvensar. Men trass det trur Mass Soldal Lund at det er andre ting som framleis avgjer ein krig.

Lenge til det vil vera avgjerande i ein krig

– Det er jo ikkje sånn at cyberangrep har hatt ein avgjerande effekt på utviklinga av krigen i Ukraina. Det er framleis tanks, artilleri og dronar som er det viktigaste.

Men han legg til at Ukraina har forsvart seg ganske bra i cyberdomenet.

– Vi kan jo lura på kva som hadde skjedd viss dei ikkje hadde klart det. Angrepa frå Russland hadde jo hatt mykje større effekt viss ikkje Ukraina hadde klart å stoppa dei gjennom eit godt cyberforsvar.

– Kor høgt blir denne typen krigføring prioritert av statar?

– Det blir ganske høgt prioritert. Særleg i Russland. Det er nasjonen som har «komme lengst» i denne typen destruktive angrep. Det er andre land som prioriterer og gjer dette, men med litt andre utgangspunkt, fortel professoren.

– Kvifor treng vi denne boka her akkurat no?

– Det er fordi det er ein aukande trussel for slike angrep. Det blir fleire og fleire cyberoperasjonar frå år til år retta mot Noreg, men også generelt. Dei får store konsekvensar for dei som blir utsette for dei, seier Mass Soldal Lund.

Referanse:

Mass Soldal Lund og Vivi Ringnes Berrefjord: Cybermakt. En tverrfaglig innføring. Universitetsforlaget, 2024. Sammendrag

Powered by Labrador CMS