Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.
Metformin er mykje brukt av mannlege pasientar med diabetes type 2.(Foto: Torstein Helleve)
Diabetes type 2: Risikoen for misdanningar på foster aukar ikkje om far brukar vanleg diabetesmedisin
Kan vanleg diabetesmedisin påverke sædcellene? Nye studiar konkluderer med at det ikkje er grunn til å frykta skader på barnet sjølv om far brukar diabetesmedisinen metformin.
For to år sidan gjekk alarmen i Europa om ein
alvorleg biverknad av diabetesmedisinen metformin.
Ein dansk studie antyda at
når far brukte metformin tre månadar før eit barn vart laga, auka risikoen for
at barnet ville bli fødd med misdanningar. Tre månadar før barnet vert til, er
ein kritisk periode i sædcelleutviklinga.
Dersom dette stemde, måtte allmenta åtvarast og pakningsvedlegg og retningslinjene for bruk av metformin oppdaterast.
Metformin er mykje brukt av mannlege pasientar med diabetes type 2, så potensialet for at ein måtte gripa inn i diabetesbehandlinga deira var stort.
Men slike avgjerder tek ikkje europeiske helsemyndigheiter på grunnlag av ein enkelt studie. Meir forsking var nødvendig.
No er det kome to nye studiar, og ingen av dei har funne den same risikoen. Den eine av desse er eit norsk/taiwansk samarbeid.
Meir enn 2,5 millionar fødslar frå Taiwan
– To år høyrest kanskje lenge ut for folk
flest. Men med unntak av forskinga på covid-vaksinen, der ein fjerna dei hindra
ein kunne for å koma i mål så raskt som råd, er to år raskt i forsking på biverknadar
av legemiddel.
Det seier professor Hedvig Nordeng ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo, ei av dei som står bak den norsk/taiwanske studien.
– Det er ein av dei raskaste studiane eg
har gjort. Og eit halvt år har jo gått med til publiseringsprosessen åleine.
Den norske delen av undersøkinga omfattar
over 600.000 fødslar frå perioden 2010–2021 og baserer seg på data frå
Fødselsregisteret, Reseptregisteret (no Legemiddelregisteret) og
Pasientregisteret.
Frå Taiwan hadde dei tilsvarande data frå meir enn 2,5
millionar fødslar.
– Ved fyrste augekast såg det ut som det
kunne vera ein auka risiko for misdanningar ved fars metforminbruk. Men i slike
analysar er det viktig å ta omsyn til dei store forskjellane i bakanforliggjande
faktorar mellom pasientane som kan skape falske biverknadssignal, forklarar
Nordeng.
Ynskjer å utvida internasjonalt samarbeid
– Når vi justerte for ulike bakanforliggjande
faktorar, som kor alvorleg diabetes pasientane hadde, fann vi ingen signifikant
auke i risikoen for medfødde misdanningar hjå barna av desse fedrane. Dei kan
halda fram med å laga barn utan den ekstra bekymringa.
Analysane vart utførde av taiwanske Lin-Chieh
Meng, som undervegs i arbeidet hadde eit opphald som gjesteforskar i
forskingsgruppa ved Universitetet i Oslo.
Nordeng understrekar at dette viser kor viktig det er
med internasjonalt samarbeid og forskarmobilitet, at ein besøkjer og samarbeider
med institusjonar i andre delar av verda.
– Forskargruppa vår, PharmaSafe, har gjort
ei rekkje studiar på medisinbruk før, under og etter svangerskapet i samarbeid
med internasjonale forskarnettverk. Her har vi kunna bidra med norsk ekspertise
og helsedata. Det har fylt viktige kunnskapshol om sikkerheita av medisin i
svangerskapet, seier Nordeng.
Annonse
– Men både genetiske og sosioøkonomiske
faktorar kan spela inn på effekten av legemiddel. Derfor ynskjer vi å utvida
det internasjonale samarbeidet vårt endå meir. I dette tilfellet var det ein
israelsk studie som kom til den same konklusjonen som vår norsk/taiwanske, så
den geografiske spreiinga har vore ganske god. Det gjer oss tryggare på funna
våre, seier ho.