Arktis er i rask endring. Klimaendringane fører til at sjøisen smeltar. I tillegg blir det meir og meir menneskeleg aktivitet.
I dette utfordrande miljøet er pålitelege vêrvarsel avgjerande for tryggleik og berekraftig utvikling.
Men vêrvarslinga i Arktis er krevjande. Grunnen er avgrensa dekning for observasjonar og ekstreme vêrforhold. Det er også utfordringar knytte til modellering av småskala-prosessar. Det påverkar nøyaktigheita i prognosane.
Nyttig for maritim verksemd, næringsliv og samfunn
I forskingsprosjektet Alertness har forskarane utvikla kompetanse innanfor produksjon av pålitelege og nøyaktige vêrvarsel.
Det er til nytte for maritim verksemd, næringsliv og samfunn.
– Gjennom målretta forsking og tett samarbeid med brukarar har vi bygd ein vêrvarslingsmodell for Arktis, AROME Arctic. Han gir meir nøyaktige varslar.
Det fortel Jørn Kristiansen. Han er direktør for senter for utvikling av varslingstenesta ved Meteorologisk institutt.
Modellen er også grunnlaget for ei veldig nøyaktig vêrdagbok for Arktis.
Betre vêrvarsling gir meir tryggleik i Arktis
Smelting av sjøisen gjer Arktis meir tilgjengeleg for oss. Menneskelege aktivitetar som skipstrafikk, utvinning av olje og gass, turisme og forsking aukar.
– Meir menneskeleg aktivitet i Arktis aukar risikoen for ulykker, oljeutslepp og forstyrringar av det arktiske økosystemet. Dei unike vêrfenomena i Arktis, som polare lågtrykk og maritim ising, krev meir nøyaktige vêrmodellar for å sikre betre varslar, seier Kristiansen.
I tillegg til at varsla er til stor nytte for Meteorologisk institutts meteorologar i Tromsø, er dei også tilgjengelege på Yr.
Betre vêrvarsling gjennom den nye modellen kan bidra til:
Tryggleik til sjøs: Betre vindvarsel gir tryggare navigasjon for skipstrafikk og fiskeflåten. Det reduserer risikoen for ulykker og grunnstøytingar.
Beredskap og planlegging: Nøyaktige varslar om ekstremvêr, som polare lågtrykk og ising, gjer det mogleg å setje i verk førebyggjande tiltak og prosedyrar for evakuering. På den måten kan vi verne både liv og infrastruktur.
Berekraftig utvikling: Forbetra vêrvarsling støttar ansvarleg utvinning av ressursar og turisme. Samtidig bidreg det til å verne det sårbare arktiske økosystemet.
Allereie i bruk
Forskarane har ikkje berre levert ein skreddarsydd vêrvarslingsmodell. Dei har også levert verktøy og løysingar som allereie er i bruk.
Her er nokre døme:
Annonse
Vindkart på Yr: Prosjektet har bidrege sterkt i utviklinga av eit vindkart. Det svarar mellom anna på behova til Hurtigruten Ekspedisjoner. Det igjen bidreg til tryggare og meir effektive ekspedisjonar.
Ising på skip: Forskarane har utvikla metodar for å varsle ising på skip. Det er ein alvorleg trussel som kan føre til kantring og forlis.
Betre observasjonar av snø: Forskinga har ført til forbetringar i måten vi kvalitetssikrar måling og modellering av snøfall. Det er avgjerande for å vurdere snøskredfare og planleggje sikringstiltak i eit klima i endring.
Opne data og Noreg i front på arktisk vêrvarsling
Forskarane i prosjektet har gjort alle sine data opne. Slik kan andre forskarar, bedrifter og privatpersonar bruke dei til eigne formål.
Dei har også vore viktige bidragsytarar i internasjonale forskingssamarbeid. Det har bidrege til å styrkje Noregs posisjon som ein leiande aktør innanfor polarforsking.
– Prosjektet har sett Noreg i førarsetet for forsking og utvikling innanfor arktisk vêrvarsling. Vi har vist at forsking kan ha ein direkte og positiv innverknad på samfunnet. Det er givande å sjå resultata av arbeidet vårt bli brukt til å redde liv og verdiar, seier Kristiansen.
Tungrekning er nøkkelen til nøyaktige vêrvarsel
Vêrvarsling i Arktis krev enorme mengder data og avanserte berekningar.
For å kunne køyre dei komplekse klimamodellane som blir brukte i modellen, er meteorologane avhengige av tungrekning.
Dette inneber bruk av kraftige datamaskiner. Dei kan utføre milliardar av berekningar per sekund.
– Tungrekning er heilt essensielt for å kunne behandle observasjonsdata frå satellittar, vêrstasjonar og andre kjelder. Det er også viktig for raskt å kunne generere nøyaktige og detaljerte vêrvarsel. Utan tilgang til tungrekning ville det vore umogleg å utvikle og drifte ein avansert vêrvarslingsmodell som AROME Arctic, seier Kristiansen.
Om prosjektet Alertness
Alertness er eit forskingsprosjekt i samarbeid med Finland, Nederland og Sverige. Prosjektet har fått 23 millionar kroner i støtte frå Forskingsrådet.