Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av UiT Norges arktiske universitet - les mer.

Per Christian Volden Grasmo, Mona Nilsen og Solveig Marita Gaup har laga eit brettspel om helleristingar.

– Formidling er ein eigen disiplin – og det må lærast

Kva er verdien av forsking og kunnskap om det ikkje kjem ut i samfunnet? På UiT trenast arkeologistudentane i formidling. Resultatet er alt frå kortspel til Instagram-kontoar.

Publisert

Studentane Solveig Marita Gaup, Per Christian Volden Grasmo og Mona Nilsen har laga eit brutalt brettspel om helleristingar. I spelet skal ein samle fakta frå ulike kort og samle dei til komplette faktapakkar. Ein trillar terning, samlar, legg ned, byter og stel kort.

Alle rundt oss må ta del i fortellinga og forstå kva vi driv med – og kva det kan bety.

Prorektor Jan-Gunnar Winther

Korta og spelet har dei designa, printa og laminert sjølve.

– Det er jo morosamt! Og samstundes er det ein heilt anna og ny måte å lære på, seier Benedicte Risløv.  Ho er med og spelar med spelskaparane.

Alle dei fire rundt bordet er studerer arkeologi. Dei tar det valfrie emnet Populær, fagleg formidling på UiT Norges arktiske universitet.

God formidling gjev godt akademisk arbeid

Ein student med bakgrunn i speldesign laga ein «skattejakt» i ein virtuell vikinglandsby. (Foto: Kjetil Rydland / UiT)

– Vi vil trene dei i å vere medvitne til kva dei gjer når dei fortel om faget sitt, til å spisse bodskapen og tore å vere korte og forståelege. Og det hjelper dei òg i den akademiske skrivinga seinare, seier Gøril Nilsen. 

Ho er professor i arkeologi og sjølv ei erfaren formidlar.

Mange studentar på arkeologi har tidlegare erfaring med teikning, 3D-modellering og andre kreative aktivitetar. Det gjer det lett å undervise, seier ho:

– Dei gjer heile jobben, eg berre set rammene. 

I haust viste studentane fram resultata av emnet for mellom anna prorektor for forsking og utvikling, Jan-Gunnar Winther.

– Formidling er kanskje undervurdert

Prorektoren fekk sjå tradisjonelle framsyningar av kunnskap, som til dømes plakatar eller aktivitetshefte for born.

Men òg det ovanfornemnde spelet, ein Instagramkonto om bergkunst og ei 3D-visualisering kor ein kan gå rundt i ein vikinglandsby som om det var eit dataspel.

– Studentane her har vist oss både kor viktig formidling er og kor levande det kan gjerast. Å forklare på ein forståeleg måte kan vere tungt for oss akademikarar. Formidling er ein eigen disiplin – og det må lærast, seier han.

Nokre studentar fann ein ny vri på ein tradisjonell metode: plakat, tekst og foto innramma i eit gitter dei fann på utgravingsplassen.

Winther trur formidling kanskje er undervurdert på universitetet og i akademia generelt. Han meiner det er særs viktig for samfunna universitetet både er ein del av og stundom forskar på.

– Alle rundt oss må ta del i forteljinga og forstå kva vi driv med og kva det kan bety, seier han.

God formidling er samfunnsutvikling

Professor Gøril Nilsen peiker på at arkeologi gjerast i lokalsamfunn. Då må ein formidle tilbake til dei same lokalsamfunna.

– Til dømes har vi jobba i mange år i Skibotn med utgravingar i dei tyske militærinstallasjonane frå andre verdskrigen. Vi har reist tilbake til Skibotn og heldt føredrag fleire gonger.

Ho fortel at når det omsider kjem ei bok om utgravingane, så skal ho vere på norsk.

Vert det mykje laminering framover?

Dei tre spilldesignarane fortel at oppgåva har vert både morosam og utfordrande.

– Vi håper at dette er ein litt annleis måte å lære på, at ein hugsar betre når ein gjer noko aktivt, seier Mona Nilsen.

Professor Gøril Nilsen peiker på at arkeologi gjerast i lokalsamfunn. Då må ein formidle tilbake til dei same lokalsamfunna.
Mykje å halde styr på når ein spelar bergkunst-kortspel.
Studentane laga òg meir tradisjonelle formar for formidling.

– Dei fleste veit at bergkunst er gamalt, men ikkje kor gamalt eller at det kan vere 8.000 år mellom dei eldste og dei yngste, seier Grasmyr.

Det var òg viktig for dei å få fram at det finst helleristingar over heile Nord-Noreg. Dei ville få dei fram i lyset.

– Og at dei er forskjellige etter om dei ligg i innlandet eller på kysten, kor store dei er. Rett å slett å gje tilbake noko av det vi har lært, seier Gaup.

Powered by Labrador CMS