Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av UiT Norges arktiske universitet - les mer.

– Mange stader brukar antibiotika for mykje og ikkje riktig, seier forskar Jeanette Grunnvåg.

Antibiotikaresistens er uunngåeleg. Så kva kan vi gjere?

Evolusjonen og at det rett og slett er sjukt mange bakteriar, gjer at antibiotika sluttar å verke, før eller sidan. Men det er løysingar på gang – og du kan gjere mykje sjølv.

Publisert

Antibiotikaresistens (AMR) er kort forklart at bakteriar og andre «slemme» mikroorganismar etter kvart begynner å tole medisinane vi har brukt mot dei til no, som til dømes penicillin. 

Jeanette Grunnvåg er forskar hjå Institutt for medisinsk biologi på UiT Norges arktiske universitet og medlem i CANS (Centre for new antibacterial strategies) – UiT sitt senter for forsking på antibiotikaresistens.

Ho forklarar at AMR er ein effekt vi vil sjå med alle antibiotika – før eller sidan.

Pocast: Om antibiotikaresistens

I denne episoden av Lørdagsuniversitetet frå UiT Norges arktiske universitet kan du høyre Jeanette Grunnvåg snakke om antibiotikaresistens.

 Høyr heile episoden her.

Alle antibiotika vil slutte å verke

Det skyldast at årsaka til AMR rett og slett er evolusjon: Før eller sidan oppstår det ein tilfeldig mutasjon som gjer at ein bakterie overlever antibiotikumet. 

Det kan vere at medisinen ikkje lenger kan feste seg der han skal eller at bakterien klarar å dytte medisinen ut av seg sjølv.

Ho fortel at det er heilt ufatteleg mange bakteriar rundt oss over alt, og dei reproduserer seg raskt. Derfor går det ikkje så lang tid før ein slik mutasjon kan skje. Om vi er uheldige eller uforsiktige, kan den mutasjonen spreie seg. 

Då kan sjukdommar som lungebetennelse, blodforgifting og tuberkulose verte mykje farlegare enn dei er no. I verst fall kan dei vere dødelege.

Vi trur det allereie dør opp mot 33.000 menneske kvart år i Europa av sjukdom frå resistente mikrobar. I ein studie frå september 2024 antar forskarar at resistente bakteriar vil ta 39 millionar liv fram til 2050.

Derfor jobbar dei på tre plan med AMR:

  • Finne og utvikle nye medisinar, til dømes ved bioprospektering (UiT.no).
  • Bruke antibiotika på riktig måte i samfunnet.
  • Finne nye måtar å kjempe mot bakteriar på.

Tre nye måtar å ta bakteriane på

– Fordi AMR vil kome uansett, jobbar ikkje eg med å finne medisin som drep bakteriar. Eg ser på det vi kallar antivirulens. Då prøver vi ikkje å drepe farlege bakteriar, men å gjere dei ufarlege. Så du får bakterieinfeksjonen, men den gjer deg ikkje sjuk, seier Grunnvåg.

Ho forklarar at antivirulens er ein av tre overordna strategiar for nye AMR-metodar.

– Ein annan er å styrke dei «snille» bakteriane i kroppen slik at dei naturleg kan utkonkurrere dei «slemme» bakteriane, seier Grunnvåg.

I den tredje metoden finn forskarane først medisin som nøytraliserer det i bakteriane som gjer dei resistente. Då kan dei halde fram med det gode, gamle antibiotikumet, som dei trudde var ubrukeleg, men som no drep bakteriane som i gamle dagar.

– Dette er vel den strategien kor vi har kome lengst og har starta å bruke det. Dei andre strategiane tar mange år å utvikle ferdig, seier ho.

Dette kan du gjere

Derfor er det viktig at vi alle gjer det vi kan for å halde dei resistente bakteriane frå livet. I Noreg er vi ganske flinke til å ikkje bruke uvettes mykje antibiotika, men det gjeld ikkje i heile verda.

– Mange stader brukar antibiotika for mykje og ikkje riktig. I tillegg vert mykje medisin produsert utan strenge nok reguleringar, så det er mykje utslepp til nærmiljøet rundt fabrikkane. Då kan det oppstå resistens i naturen som plutseleg kan verte eit kjempeproblem for oss, forklarar Grunnvåg.

FN, WHO og andre statlege samarbeid jobbar hardt for å auke det globale medvitet om AMR. Det gjer dei mellom anna gjennom AMR Awerenesss Week

Men vi i Noreg kan ikkje kvile på laurbæra. Vi må halde fram med å vere flinke antibiotikabrukarar.

Derfor har Grunnvåg følgjande råd til oss alle:

  • Ta antibiotika-kuren din heilt ferdig sjølv om du kjenner deg betre.
  • Ikkje kast gamal medisin i søpla. Levér han inn på apotek for destruering.
  • Ikkje ta gamle antibiotika som du har liggjande frå tidlegare sjukdom.
  • Ikkje press legen din til å gje deg antibiotika – legane veit kva medisin du treng, og det er ofte ikkje antibiotika.
  • Snakk med andre om antibiotika og få dei med på anti-AMR-laget.
    • Høyr heile episoden her:

Powered by Labrador CMS