Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Forskarane fylgde barna i ti år og meir for å sjå om dei fekk ein ADHD-diagnose eller begynte med ADHD-medisinar.

Gravide kan bruka angst­dempande medisinar og sove­medisinar utan auka risiko for ADHD hjå babyen

Risikoen for at barnet utviklar ADHD, endrar seg ikkje sjølv om mor brukar legemidla benzodiazepinar under svangerskapet.

Mange kvinner som vert gravide, uroar seg for om det er trygt å halda fram med legemiddel eller om barnet i magen kan ta skade av det. Derfor er rådet å diskutera all medisinbruk under svangerskapet med legen sin.

Men det er ikkje alltid legen veit svaret heller fordi informasjonen ikkje eksisterer. Forsking på gravide er av etiske grunnar vanskeleg. Ein ikkje vil risikera skadelege effektar på barnet.

– Vi fann ikkje nokon forskjell i når i svangerskapet kvinnene hadde brukt legemidla, seier Lene Maria Sundbakk.

I forskargruppa PharmaSafe ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo har ein derfor i mange år brukt den norske MoBa-undersøkinga. Ho er i omfang unik i verdssamanheng.

80.000 som har svart

Undersøkinga har fylgt mødrer og barn frå svangerskapet og i mange år framover.

Med utgangspunkt i data frå MoBa kan forskarane sjå om legemiddelbruk under svangerskapet kan ha hatt uynskt effekt på det ufødde barnet.

Nyaste biten i puslespelet er laga av forskar Lene Maria Sundbakk. Ho har sett på om benzodiazepinar og z-hypnotika kan auka risikoen for at barnet skal utvikla ADHD etter kvart som det veks til.

Benzodiazepinar og z-hypnotika er angstdempande medisinar og sovemedisinar.

– Blant dei 80.000 som har svart i utvalet vårt, oppgav 0,8 prosent at dei hadde brukt desse medisinane medan dei var gravide. Analyser har vist at dette talet er 1,9 prosent på verdsbasis, fortel Sundbakk.

Svangerskapa delte opp i intervall

Forskarane henta så opplysningar om barna frå Pasientregisteret. Der vert ADHD-diagnosar registrerte.

Deretter henta dei informasjon frå Reseptregisteret. Forskarane rekna det som ADHD-diagnose dersom barnet fekk skrive ut ADHD-medisinar.

I gjennomsnitt fylgde forskarane barna i 11,3 år etter fødselen.

Samanlikna med barn av kvinner som ikkje hadde brukt benzodiazepinar eller z-hypnotika, fann Sundbakk og kollegaene ingen auka risiko hjå barn av mødrer som hadde brukt desse legemidla.

Det stemmer overeins med ein tidlegare studie frå PharmaSafe. Dei brukte ein annan metode for å vurdera barna.

– Vi fann dermed heller ikkje nokon forskjell i når i svangerskapet kvinnene hadde brukt legemidla. Det kan derimot sjå ut til at kor mange fire-vekers intervall i løpet av svangerskapet dei hadde brukt legemidla, kan utgjera ein forskjell, seier Sundbakk.

Ho forklarar kva intervall ho siktar til:

– Svangerskapa var delte opp i fire-vekers intervall, og kvinnene trong berre svara på om dei hadde brukt medisinane eller ikkje, ja eller nei. Dei rapporterte ikkje noko om mengda dei hadde brukt innanfor eit intervall.

Ser ikkje ut til å utgjera fare

– Hypotetisk kunne vi dermed fått ei kvinne som hadde teke ein tablett ein gong per intervall og ei anna som hadde teke medisinar kvar dag i fire veker, men ikkje noko utanom det. Den fyrste ville dermed sjå ut som ho hadde brukt ni gonger så mykje som den andre, medan det faktisk var den andre som hadde teke mest.

Ho understrekar at dette er eit ekstremt scenario og lite realistisk. Ho brukar det likevel som illustrasjon på at det er noko uvisse knytt seg til studien.

– Dei fleste rapporterte berre bruk i eitt intervall. Men blant dei relativt få som hadde brukt legemidla i to eller fleire intervall, kan vi altså ikkje heilt utelukka at det var ein liten auke i risikoen, seier Sundbakk.

– Meir forsking trengst. Desse legemidla er som kjend vanedannande. Ein skal derfor uansett vera forsiktig med bruken av dei. Det gjeld òg under svangerskapet. Men dei ser altså ikkje ut til å utgjera nokon fare for ADHD hjå barnet.

Referanse:

Lene Maria Sundbakk mfl.: Association of Prenatal Exposure to Benzodiazepines and Z-Hypnotics With Risk of Attention-Deficit/Hyperactivity Disorder in Childhood. JAMA Network Open, 2022. Doi:10.1001/jamanetworkopen.2022.46889

Powered by Labrador CMS