Når vi kjøper eller får utlevert medisinar
på apoteket, er det ofte etter «one size fits all»-prinsippet. Alle får den
same, serieproduserte tabletten.
– Men vi menneske er ikkje alle like. Vi er barn, vi er unge og gamle, vi er store og små. Vi har individuelle forskjellar i storleik og stoffskifte. Derfor har vi òg ulike dosebehov, forklarar universitetslektor Bjarke Strøm Larsen ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.
– Ulike legemiddel har heller ikkje det same terapeutiske vindauga, som altså er den mengda som er stor nok til å gje ynskt effekt, men ikkje så stor at det gjev biverknadar.
Ein plastliknande spagettistreng
Derfor arbeider ein del farmasøytiske
forskarar no med ulike måtar å laga persontilpassa medisin på. Ein av desse er
3D-utskrift av tablettar med legemiddel.
– I prinsippet kan ein få medisinen sin
skriven ut på apotek eller sjukehusapotek, etter instruksjon frå lege, sjukehus
eller andre behandlarar, seier Strøm Larsen, som sjølv forskar på dette. Han
brukar ein heilt vanleg 3D-skrivar som ein kan få kjøpt i butikken til
heimebruk.
– Eg reiser til København og førebur «blekket»
til skrivaren, ein smelta miks av eit legemiddel og ein polymer som gjev eit
filament, ein plastliknande tråd eller spagettistreng, som passar til skrivaren.
Tilbake i Oslo køyrer eg miksen gjennom skrivaren og prøver meg fram med
innstillingane for å få skrivaren til å gjera som eg vil.
Undersøkte mikrostruktur med CT-skanning
Strøm Larsen forskar på tablettar forma
som bikubemønster. I forhold til volumet har desse tablettane ei svært stor
overflate som det aktive legemiddelet kan frigjerast frå. Samstundes er dei
sterke nok til å behalda forma si til jobben er gjort.
Han testa tablettane med legemiddelet
Prednisolon, som er betennelsesdempande samstundes som det undertrykkjer
immunforsvaret. For dette legemiddelet er det i ein del samanhengar ynskjeleg å
styra dosen tett. Alle pasientar og sjukdommar skal ikkje nødvendigvis ha same
dose.
Forskarane fekk tilgang til mikro-CT-utstyr som tannlegane brukar til å finna hol i tenner og tannmateriale.
– Vi brukte det til å undersøkja
kva som skjedde med mikrostrukturen til tabletten når forholdet mellom
legemiddel og polymer endra seg eller viss molekylvekta til polymeren endre seg, seier Strøm Larsen.
Må syta for robuste prosedyrar
– Når ein skriv ut noko på ein 3D-skrivar,
vert mange lag lagt oppå kvarandre, tett i tett. Når mengda av Prednisolon
auka, vart desse laga smelta fastare saman. Tabletten vart òg meir plastisk,
altså formbar. Han vart òg meir porøs på mikronivå, noko vi ikkje kunne sjå med
det blotte auga.
Ein meir porøs tablett slepper til meir
vatn, som påverkar kor fort legemiddelet vert frigjort.
– Dermed veit vi at eigenskapane til
tabletten endrar seg når mengda av legemiddel endrar seg. Det er avgjerande når
denne teknologien skal takast i bruk i framtida. Vi må syta for at prosedyrane under
produksjon er robuste nok til at legemiddeltryggleiken vert teken vare på, seier han.
Ein million tablettar med små variasjonar
Dagens serieproduserte legemiddel vert
produserte i parti der forholda er strengt kontrollert. Det er desse partia det
vert vist til når det står «Batch No.» ved sida av haldbarheitsdatoen på
pakninga til legemiddelet ditt.
Annonse
– Kvar batch kan innehalda kanskje ein
million tablettar. Eit lite utval av desse vert kontrollerte, og dersom dei er
OK, reknar ein med at heile partiet er OK. Slike kontrollar er nøye regulerte,
forklarar Strøm Larsen.
– Men med persontilpassa medisin kan vi i
prinsippet ha ein million ulike tablettar med kanskje ørsmå variasjonar i
staden for ein million like. Korleis skal vi då utøva kontrollen? Det må vi òg
finna ei løysing på.